NORSK DEL, GULLVEKTA  

Islandske eventyr og segner

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Bukolla

Eventyrikon EIN MANN og ei kone i ei hytte hadde ein son som dei ikkje var glad i, og ei ku som heitte Bukolla. Ein gong kalva kua og kona sat hos henne mens det gjekk føre seg. Like etter, då kua hadde komme seg litt, gjekk kona inn i hytta. Ho kom ut att straks, men då var kua vekk.
      Mannen og kona gjekk ut og leita etter kua, men laut gi opp. No var dei harme, og sende guten av stad og sa at dei ikkje ville sjå han att før han kom med kua. Han fekk med mat og nye skor, og så drog han av stad ut i det blå.
      Guten gjekk lenge, lenge, før han sette seg og tok til å ete niste. Så sa han ut i veret, "Raut no, Bukolla, om du enno er i live."
      Då hørte han kua raute langt, langt vekke. Han gjekk i den retninga rautet kom ifrå, og lenge, lenge gjekk han. Så sette han seg ned for å ete meir, og sa enda ein gong ut i veret: "Raut no, Bukolla, om du enno er i live."
      Så hørte han kua raute, litt nærare enn førre gongen. Han gjekk vidare i retning av lyden. Lenge, lenge gjekk han, heilt til han kom til ei høg skråning. Der sette han seg for å ete og sa i det same, "Raut no, Bukolla, om du enno er i live."
      Då hørte han kua raute nedafor føtene hans. Han kleiv ned skråninga og oppdag ei svær hole inni den. Han gjekk inn og der stod Bukolla tjora i ein bås i hola. Guten løyste kua med det same og gjekk ut av hola med den og gav seg i veg heimetter.
      Då dei hadde komme eit stykke på veg, såg han det kom ei diger trollkjerring og ei trolljente etter han. Den store trollkjerringa tok så store steg at ho snart ville nå han att. Så sa han, "Kva skal vi gjøre no, Bukolla?"
      Kua sa, "Ta eit hår frå halen min og legg det på marka."
      Det gjorde guten. Så sa kua til håret, "Bli til ei elv så stor at ingen kjem over unntatt fuglane."
      Med det same blei håret til ei elv. Då trollkjerringa kom til elva, sa ho, "Så lett skal du ikkje sleppe unna, gut." Ho vende seg til den vesle trollkjerringa og sa, "Spring heim og hent storoksen til far."
      Trolljenta sprang og kom attende med den digre oksen, og den drakk opp heile elva.
      No forsto guten at trollkjerringa snart ville nå dei igjen, for ho kunne ta så store steg. Så sa han, "kva skal vi no gjøre, Bukolla?"
      "Ta enda eit hår frå halen min og legg det på marka," sa kua. Så sa den til hårstrået: "Bli til eit berg så høgt at ingen kjem over unntatt fuglane."
      Dermed blei håret til eit berg. Det var så høgt at guten ikkje såg anna enn himmelen over det.
      Då trollkjerringa kom til berget, sa ho, "Så lett skal de ikkje sleppe unna." Ho vende seg til trolljenta att og sa, "Hent det digre boret til far."
      Trolljenta gjekk og kom attende med boret, og trollkjerringa gav seg til å bore hol i berget. Men ho blei for utålmodig då ho kunne sjå igjennom, og masa seg inn i holet. Det var så trongt at ho sette seg fast, og det enda med at ho blei til stein i holet.
      Men guten kom heim med Bukolla, og det var også mannen og kona glade for.

OPP


Mannen utpå øya

Eventyrikon SEINT EIN haust drog menn ut på fiskefangst ved Lirøy i Ryskefjorden. Dei hadde ei nokså rommelig bu der ute, og der lagra dei fisk dei salta og tørka i tida dei var vekke heimefrå.
      Saltfisk Ein dag slo veret om. Det varte og rakk før det blei godt sjøvêr igjen, men til slutt kom det. Mennene meinte då at det kunne vere moro å gå ut på den ytste spissen av øya for å sjå om noe kunne ha drive i land under det harde veret. Ein av mennene, arbeidde for bispen på heimstaden, sa han kunne gjøre det mens dei andre lessa fisken. Han tok av stad, og dei andre bar ut til båten.
      Men brått blei havet så opprørt at dei berre med nød og neppe fekk fisken om bord. Dei drog alle ut til båten og venta på mannen. Men då han kom, var det blitt umogelig å få han om bord på grunn av brott og brenning. Dei ropa til han at han måtte vente til dei kunne hente han neste dag dersom det var ver til å sigle i. Dei sette så kursen mot land mens han stod hjelpelaus attende. For no var det blitt vinterver, og det gjekk berre sjeldan å kome seg ut til Lirøya slik veret pla vere på den tida av året.
      Mannen gjekk til hytta og blei der til kvelden, svært fortvila. Då gjekk han ut. Vel ute såg han ei stjerne, men sia det var overskya og tett skydekke, kunne det ikkje vere ei stjerne likevel. Han skunda seg no mot dette lyset, heilt til han kom til eit hus. Der inne var det noen som sa med lys stemme,
      "Ja, jenter, hent inn den stakkars mannen som blei etterlate på øya i dag, for eg vil ikkje at han skal dø framfor døra mi."
      Straks kom ei jente ut til mannen og førte han inn. Ho tok han med opp ei veldig høg trapp til eit vakkert rom. Der var det mange fagre kvinner. Han helste på dei som best han kunne, og dei helste attende.
      Neste dag skulle det vere dans, og den venaste av kvinnene som han hadde helsa på, kom til han med vin og mat og forskjellig anna, og bad han om ikkje å sjå ut mens tilstellinga gjekk føre seg. Så helste ho farvel og gjekk ut.
      Mannen kika ut då musikken tok til. Der såg han mange som dansa og spela på mange slags instrument. Og midt mellom dei var ein mann med krone på hovudet og ei kvinne på kvar side. No torde ikkje mannen sjå meir og fjerna seg frå vindauget.
      Dansen stod på til kvelden. Då tilstellinga var slutt, kom kvinna inn til han og sa at ho nok hadde sett han kika, men ho trudde ikkje at kongen, faren hennar, hadde sett det. Så gjekk tida til nyttår utan at det hende noe særlig.
      Nyttårskvelden kom ho til han igjen og sa at neste dag skulle ho av stad og sjå på dansen med far sin, og at mannen ikkje måtte vere så nyfiken som sist, men halde ord og ikkje sjå ut. Mannen sa han ville prøve, men korleis det no gjekk til, kika han ut på dei som dansa likevel ei ørlita stund.
      Då det blei kveld, kom kvinna inn til han og klandra han for å ha svikta henne. Men det endra ikkje vennskapen mellom dei, for ho var like god mot han som før.
      Så gjekk vinteren og det blei påske. Påskemorgonen kom ho til han og gav han god mat og drikke, og gjekk ut for å delta i den store dansetilstellinga den dagen. Mannen sat inne og hørte fest og musikk som før, og til sist kunne han ikkje dy seg: han gjekk inn i eit anna rom og kika ut bitte lite grann, og trudde ingen hadde sett han.
      Men kvinna kom inn til han om kvelden etter tilstellinga og var sint på han for at han hadde svikta henne som før, for no var ho ikkje viss på om far hennar, kongen, visste noe om kven ho hadde buande hos seg.
      Så kom første sommardagen, den dagen folk drog frå land og til øya for å fiske. Dei ville då kunne ta han heim. Kvinna kom til mannen grytidlig og bad han dra ned til hytta før noen kom til øya. Ho sa dessutan at sia ho hadde halde liv i han vinteren gjennom, måtte han vedgå han var far til barnet ho bar med han. For det kunne koste henne livet om ho ikkje kunne fortelje kven som var faren; då ville far hennar la henne drepe. Men dersom ho kunne seie kven faren var, ville han ikkje drepe henne, og ho ville ikkje krevje anna av mannen enn at han var trufast mot henne i denne saka.
      Mannen lova dette, tok farvel med henne, takka for alle velgjerningane hennar. Han kom ikkje langt av garde mot hytta før han måtte sjå seg attende, men då såg han ikkje anna enn klippar og stein. Så gjekk han til hytta.
      Veret var mildt, og det gjekk ikkje lang tid før han såg ein båt kome frå land. Då båtfolket kom til øya, kom han imot dei. Dei blei forferda og spurde om han var den same som hadde blitt igjen om hausten året før.
      "Ja," sa han, "det er eg."
      Ingen kunne forstå korleis han hadde klart å overleve. Han sa berre at tang og tare ikkje var verre mat enn vassgraut. [1]
      Så ein søndag seint på sommaren då folk var i kyrkja, stod med eitt ei meisterlig utført vogge ved altaret. Det var ingen menneske å sjå rundt den, sjølv om vogga gynga sakte. Bispen tok til orde og sa at barnet nok skulle døypast, og spurde om det var noen i kyrkja som kjende til saka. Bispen meinte mannen som hadde blitt tatt heim første sommardagen, ikkje kunne ha overlevd ute på øya utan hjelp. Mannen vedgjekk kort at han var faren, og at barnet kunne få namnet hans om det ville.
      Alle undra seg. Bispen spurde korleis det heile kunne ha seg, og mannen fortalde om kva som hadde hendt på øya.
      No hørte dei det kom noen hestar i sterkt trav, og dei stogga utafor kyrkja. Inn døra kom den venaste kvinna ein kunne tenkje seg. Ho helste på mannen og dei veksla noen ord som ingen andre hørte:
      "Du klarte å stå ved til sist. Derfor får du meg, sia eg endelig kunne feste lit til deg."
      Mannen blei hjerteglad, og slo til.
      Dei slo seg ned på ein fin gard i ei solside sørpå, og der på garden hørte grannane det blei dansa jul kvart år. Sogene til mannen kom sia til å bli sett på som meisterlig handverk.

Merknad

  1. Ein kan lage suppe på visse former for tang og tare, og lav også. I vår tid finst kurs i sjølvberging og bøker om slikt.

BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]