Norsk del, Gullvekta
Vegar til TM
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Vegen til Transcendental Meditasjon

Det finst beinvegar og krokvegar og andre slags vegar. Stega og vegvala fram og opp til fred og ro, kveik og utvikling i dagleg meditasjon er ikkje like for alle. Stega og byksa kan godt komme i ulike rekkefølger. Somt som blir tatt med her under, er ikkje nødvendig eingong. Så skissa er menyaktig, og i grove trekk. Ein kan jo krysse av kva som fekk ein til å ta opp dagleg meditasjon.

  • Kjendisfaktoren. Ein les kan hende om kjendisar som har lært TM og fortel om erfaringar.

  • Personlege møte. Ein treffer kan hende folk som mediterer og får lyst til å lære det av å ha observert og snakka med dei.

  • Modning slår til. Ein gler seg ikkje så mykje over sport, aviser, blad og slapt å gå i fotspora til uinteressante og fallerte gubbar og gubbinner. Ein sonderer.

  • Lesemøte. Ein les kan hende om TM i annan slags litteratur, til dømes av Erich Fromm.

  • Statistikkar og offentleggjorte verknadar gjer nyfiken-motivert. Ein får vite om statistikk-funn.

  • Spørjinga. Ein blir nyfiken og spør eller les seg fram, og ser at forskingsfunn vitnar om svårt nyttige følger og utbytte.

  • Val. Ein forstår at ein lyt avgjere sjølv om ein vil lære det, om ein tar seg råd til det, og kva kjelde ein vil ause av (lære metoden av). Den autoriserte ◦Maharishi-stiftelsen er ikkje maverick med skjulte manglar - Ein forstår kva rolle ein har - dommarrolla som avgjer det fagfolk ikkje greier å bli einige om, eventuelt.

  • Større bilde stig fram. Ein får overblikk over eit større bilde - vonleg. Om ein ikkje får rimeleg godt oversyn på førehand, kan ein komme til kort og ta forkjærte val for tida frametter. Sei "Nøktern førehandsinformasjon, takk." Føre var er tingen i mangt.

  • Den motiverte roar seg. Ein tenker: Om eg prøver, kva kan eg vinne? Kva kan eg miste? Blir eg for vinnande og tiltrekkande av dette? (Kva med mottrekk som kvitløk eller granulat av vanleg løk ut frå "Fire fedd kvitløk per dag, og ingen vil vere i lag" - men vi er ikkje alle like. Der alle et kvitløk dagleg (jf. "middelhavskosten", duger sjeldan det vinket.) Vidare: Om det er farleg, kor farleg i så fall, og kva for tiltak er fornuftige, i så fall? Sjå forskingsfunn for å få peikepinnar, for eksempel Dr. Jaan Suurkuula's store svenske undersøking av verknadar av TM.
    Den svenske regjeringa sitt helsedepartement gjorde ei landsomfattande, epidemiologisk undersøking som viste at sjukehusinnleggingar for psykiatrisk pleietrengande pasientar var 150 - 200 gongar mindre vanleg blant dei 35.000 som praktiserte TM i Sverige, enn blant befolkninga elles. (Jaan Suurküla, Paper 127: The Transcendental Meditation Technique and the Prevention of Psychiatric Illness. Vasa Hospital, University of Gothenburg, Sweden - Paper prepared in May 1977)

    Det må kanskje meir enn kvitløk til for den likande, og kanskje også innsikt i mykje vondt som bra kjærleik fører med seg. Ja, det kan godt starte berre med elskov det blir barn av, og kjærleik dernest, kanskje, som kjærleik til barna, eller nokon av dei . . . Kjærleik kan hjelpe ein å halde ut svigerfamilie og anna som sex fører med seg i langdraget og ikkje kjennest godt.

    Den som lar seg berolige av statistikk som gir odds ut frå gjennomsnitt, og forsikringar frå kjendisar og fleire, ho og han går på innføringskurs, les litt om det, og freistar å sile fakta frå svada og slamm.

  • Ein ser vekk frå statistikk, fordi ein er drukken og únik - Som ei meir eller mindre uavhengig sjel fattar ein kanskje litegrann, som "Eg er únik (ein som seier unik med trykk på første stavinga), statistikk kviler på blant anna gjennomsnitt, og gjeld meg ikkje så mykje. Eg får gi det tid til å verke - iallfall eit halvår i mitt særtilfelle." Med tvil i bringa spør ein kvalifisert rettleiar og enkelte andre og hugsar: "Som du ropar i fjellpasset blir svaret (ekkoet)." Det kan fattast som: "Svara du får, følger også av dei du spør til råds." Det gjeld å handtere også givande ting så ein har jamn og sikker kontroll. Jamfør følgene av for mykje soling. "Ikkje for mykje, men heller passe."

  • Treningsanalogi for dei som synest om slikt. Ein fattar at ein slags parallell til trening og ymse slags belastningar hjelper. Den som vil fram langs vegen, lyt kunne skilje mellom ulik slags verk og handtere slikt godt til ein er frisk og i form til å halde fram med treninga si. Ja, enkle råd finst. Av og til kan ein finne fornuft i ein analogi til treningsaktivitetar, eller i einkvan annan parallell. Det er godt å vere føre var.

  • Nest sist: Den glade kan motivere! Ikkje minst: Enten ein har glede og hjelp av TM eller meiner det motsette, kan ein godt hugse at "Éi svale gjer ingen sommar, eitt vitnemål har inga beviskraft." Men glede, harmoni og vellykka ferd som synest, det kan godt verke på hine, statistikk eller ikkje. Slik har det vore.

  • Forsvarlege avgjerder går lettare fordi ein er betre i kontakt med seg sjølv, kan hende. Ein får alt i alt te seg skikkeleg og forsvarleg mot seg sjølv. Dommaren (den vurderande sida ved deg) får igjen ta til å sanke informasjon for å avgjere. Framgang kviler blant anna på sakleg handtering, hygge med skikkeleg opptrening og klok praksis. Det er i sær praksis ein ikkje kjem ifrå for å gjere seg opp si eiga meining.

Eit samfunn, ein flokk, ei cellegruppe

Til tittelen kan ein godt legge til analogien om at samfunnet er eit menneske, og kvart samfunnsmedlem er ei celle i den figurative skrotten. Det er kanskje ikkje så enkelt, for "likninga haltar". Det vil seie at alle samanlikningar og analogiar halter. Dei gir kan hende nyttige vink. Så er det opp til deg å ta analogien i beste meining, og utleie "når alle cellene i ein kropp fungerer som dei skal, er det gode sjansar for at den kroppen er heil og frisk." Kanskje. For noko kjem an på miljøet, kor låkt og leitt det er.

Ein kan også omgjere analogien og seie "Heimen er som ei celle i samfunnsorganismen". Det er stadig figurativ omtale, men ein ser det kanskje ikkje i farten. Positiv vri på ordet: "Fungerer heimane, er folk gladare og trivst betre, og det kan få breie seg." Det er tilfriskning. Omvendt når godt går i baklås og rotnar til ein har ein gjørmepøl, eller ein korrupsjonsstad. Korrupsjon har ein ved ei slik rotning. Faresignal for ferda ned i gjørma kan godt vere mykje smiger, jålesmisking og jatt attpå, som til dømes i kjendisglam-pressa. Privatlivsfred og kjekk heim i spann kan bere, kanskje også i den amerikanske hovudstaden, som Maharishi kalla ein gjørmepøl og rådde TM-mediterande å flytte ifrå. I den byen bur presidenten . . .

"Ordnung muss sein," seier tyskarane. "Orden lyt det vere." Heimar kan ein gagne utan jatt, men orden lyt ein gjerne ha. Dess trongare ein bur, dess meir orden krevst for at det ikkje skal ta til å bli ubehageleg heime, i regelen. No hevdar Maharishi at TM skaper betre orden i hjernen, og at det spreier seg vidare derifrå ut i livet, ut i verda ved at ein får gode idear og setter dei ut i livet. Slik er det ofte. Det er gjort hjernebølgemålingar som syner korleis god meditasjon verkar inn på hjernebølger og hjernemønster, for eksempel av J. Banquet.

La oss ikkje sjå småleg på det og ikkje bli tendensiøse heller, men heller samstemme i at det er kjekt og lovande å ha orden i hovudet og "ta det vidare" derifrå ut i heimen og enda vidare. At å sitje og tenke ein spesiell lydklang nokre gongar kvar dag kan gjere slikt, det er godt tenkt og godt gjort, skulle eg meine. . .

Trong til store ord - å halte

Det finst betre å dyrke enn store ord, som heimen. Under sonderingane finn mange det godt å ha litt systematikk i det - iallfall eit oversyn å jamføre opp imot. Her gjeld det å kome underfund med TM. Komma underfund med er svensk, og tyder oppdage, forstå, fatte, innsjå, få klart for seg. Her gjeld det altså TM. Kva med ei lita skisse?

  1. Prøv sjølv og sjå sjølv. Det ein får tak i, er "Das Ding an sich . . . für mich, eller "Tingen i seg sjølv - for meg." Ein får eige erfaringsgrunnlag. For verkeleg å fatte kva TM (Transcendental meditasjon) er for noko, held sikkert ikkje mindre enn eigne meditasjonserfaringar. Dei gir ein basis for å forstå andre om emnet, meir eller mindre. Det kjem an på, siden meditasjonsopplevingar kan vere ulike. Dei kan vere grunne og djupe, korvarige og over lengre tid, og verknader kan akkumulerast, bygge seg opp over tid. Den som lever og overlever får vel sjå.

  2. Ytringar om metoden. Så finst bøker og anna om metoden. Folk skriv ut frå sine erfaringar, fordommar, løynde agendaar, meir eller mindre sakleg. Det er gitt ut fleire bøker av slike slag. Eg går ikkje inn på dei her iallfall, fordi eg har bestemt meg for å favorisere fagleg høgståande forfattarar, kvalitetsforsking og kunnigare snakk enn det som er for fordomsfylt og låkt.

  3. Tilvekstar etter kvart: Maharishi skreiv og sa ein god del omkring TM. Noko av det har han frå guruen sin, Guru Dev, som Maharishi mellom anna skreiv ein god bok om (Mason 2009).

  4. Sladder og slarv. Eg kjem ikkje mykje inn på det. Å ta mannen og ikkje ballen og anna stygt spel er ikkje flott i fotball eingong . . .

  5. Det gjeld å ikkje la seg dupere. Her gjeld altså "det ellevte bodet" frå tysk, nemleg Du sollst dich nicht verblüffen lassen. Det er eit ordtak. Nedslagsfelta for det er fleirfaldige.

Dulgde verknader av dagleg TM kan vere god personlegdomsutfalding

Ein får høyre og lese at dagleg TM får ein til å endre seg til det betre, om enn på sin eigen måte. Det siste er ikkje innanfor det statistikk tar for seg, sidan statistikk kviler på ulike slags gjennomsnitt. Det unike fell utanfor.

Ein får etter kvart nyss om at at ein utviklar personlegdommen ved TM, og kan bli meir skapande. Det ligg føre testar. Iallfall ein av dei, Shostroms personlegdomstest (inventorium), kviler på teoretiseringar av Abraham Maslow (1909-70), ein vidkjent psykolog. Ved Shostromtesten - som har fleire veikskapar - er det funne skilnadar mellom folk som gjorde TM og andre som ikkje gjorde det.

Maslowsyn på mangt

Tollak Sirnes samanfatta i ei bok noko av det Maslow sette fram:

Maslow hevda at han har måtta revidere menneskesynet sitt totalt etter at han tok til å undersøke menneske som i livet sitt hadde vist at dei hadde hatt store evner til å setje ut i livet ressursane som låg i de. Det skreiv Maslow i artikkelen: "Self-Actualizing People: A Study of Psychological Health."

Kva for særkjenne meinte Maslow han såg i menneska han valde å studere, framståande menneske i omgangskrinsen hans og historisk kjende personar som Abraham Lincoln, Einstein, Beethoven, Albert Schweitzer og Goethe? Han måtte studere dei indirekte, og det er ikkje den beste måten å forstå folk på. For å bli tatt med i gruppa han tenkte seg ut, skulle dei ha lykkast i å utrette store ting, slik han såg det.

Moral. Utan blygsel kalla han så folka han hadde valt seg ut, for sosiale og intellektuelle plussvariantar. Han såg dei verka høgt moralske og evna å oppdage "det falske, etterlikningane eller det uærlege hos andre".

Sjølvstendig vurderingsevne. Dei kunne bedømme andre menneske godt, og "sjå" realitetane bakom fasadan, og levde såleis "meir i den verkelege verda" enn dei mange som lè forventningar, tru og stereotype meiningar forkludre for seg. Dei modne menneska kunne betre sjå kva som verkeleg fanst, uavhengig av deire eigne ønske, håp, otter, teoriar og tru. Og dei blei ikkje skremde av det ukjente.

Streva etter sant og kunne handtere tvil. Dei trong derimot sanne erkjenningar, men utan at trongen hemma dei. Situasjonar med tvil, forsøksvise løysingar og uvisse som førte til utsette avgjerder, verka nærast som appetittvekkarar for dei, der det hos folk flest kunne framkalla nevrosar.

Dei godtok seg sjølve og naturen meir realistisk enn folk flest. Det gav utslag i god appetitt, god søvn og eit ukomplisert seksualliv.

Dei hata etterlikningar, forstillelse og affektasjon hos seg sjølv og andre. Dei var flinke til å avsløre bløffmakarar omkring seg.

Dei mangla ikkje skyldkjensle, skamkjensle og otte. Dei kjende seg ille til mote når dei innsåg at det var store sprik mellom dei verkeleg var og det dei fekk for seg dei burde vore.

Dei var spontane, med ganske sjølvstendige etiske normer.

Stundom kunne dei opptre nokså ukonvensjonelt og verke umoralske enda om dei hadde høg moral - basert på andre normer enn dei vanlege rundt dei.

Dei støtta under Erich Fromm's påstand om at den gjennomsnittlege, "normale", "veltilpassa" personen ofte ikkje har den minste ide om kva han er, kva han ønsker eller kva meiningar han eigentleg har.

Maslow skriv: "Det verkar som om vi må lage ein heilt ny motivasjonspsykologi for sjølvaktualiserande menneske. Det må vere ein . . . vekstmotivasjon i motsetnad til ein mangelmotivasjon. . . . Personane eg undersøkte streva ikkje i vanleg meining, men dei utvikla seg . . . og utvikla seg meir og meir på sin eigen måte."

Sjølvaktualiserande menneske . . . arbeider meir enn dei fleste og er ambisiøse . . . på ein uvanleg måte. Det som driv dei er karaktervokster, modning, utvikling - med eitt ord: sjølvaktualisering".

"Sjølvverkeleggjeringa" var [følge av at dei tykte dei hadde] eit oppdrag å fullføre . . . som tok mykje av energien deira. . . . Det dreidde seg oftare om ei sak dei måtte gjere, enn ei sak dei ønskte å gjere [f.eks] til beste for . . . familien.

Dei modne menneska såg filosofisk og stort på tinga.

Plussvariantane foretrekte å vere aleine oftare enn folk flest einsemd.

Dei kunne konsentrere seg veldig.

Dei var meir sjølvstendige og uavhengige av miljøet enn folk flest.

Dei var ikkje usosiale. Dei hadde meir sjølvtillit enn folk flest, men var tolerante og vennlege.

Dei kunne vere djupt engasjerte, men med forholdsvis få individ. Ein av dei sa det slik: "Eg har ikkje tid til mange venner. Ingen har i grunnen det dersom dei tar sikte på å få verkelege venner."

Dei hadde ei grunnleggande demokratisk innstilling, enda om desse maslowske "elitepersonane" valde andre elitemenneske til vennar

Dei evna å lære av andre betre enn folk flest.

Dei hadde utprega sans for humor, utan at det gjekk utover noko medmenneske. Tendensen til humor var nær beslektamed evna deire til objektivitet og såkalla sjølvdistansering.

Desse framståande, imøtekommande menneska var ikkje alltid sterke nok to å seie nei til urimelege forventingspress frå andre menneske. Derfor kunne dei kome i skade for å oppmuntre til eller halde ved lag ei parasittisk haldning hos f.eks. psykopatar.

Dei hadde uvanleg arbeidskapasitet - var særs flittige.

Dei hadde ikkje som mål i livet å vere først og fremst veltipassa og utan spenningar.

Dei syntest det var spennande å leve.

Dei var trugne mot seg sjølve.

[Sirnes 1968:12-18, passim]

  Innhald  


Vegar til Transcendental Meditasjon, TM, Maharishi Mahesh Yogi, Litteratur  

Banquet, J. P. "Spectral analysis of the EEG in meditation." Electroencephalography and Clinical Neurophysiology. Volume 35, Issue 2, August 1973, pages 143-151. [◦Samandraget] [◦Utdjupande]

Briggs, Barbara. The Contribution of Maharishi's Vedic Science to Complete Fulfilment in Life. New Delhi: Sagar Publications, 2009.

Deans, Ashley. A Record of Excellence: The Remarkable Success of Maharishi School of the Age of Enlightenment. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2005.

Denniston, Denise, and Peter McWilliams. The Transcendental Meditation TM Book: How to Enjoy the Rest of Your Life. Allen Park, MI: Versemonger Press, 1975.

Ellis, George A. A Symphony of Silence. North Charleston, SC: CreateSpace, 2012.

Forem, Jack. Transcendental Meditation: The Essential Teachings of Maharishi Mahesh Yogi, Maharishi. Rev. ed. London: Hay House, 2012.

Harung, Harald et al. Invincible Leadership: Building Peak Performance Organizations by Harnessing the Unlimited Power of Consciousness. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1999.

Huff, Darrell. Hvordan man lyver med statistikk. Oslo: Cappelen, 1972.

Kerlinger, Fred, and Howard B. Lee. Foundations of Behavioral Research. 4. utg. London: Thomson Learning, 2000.

Rosenthal, Norman E. Transcendence: Healing and Transformation through Transcendental Meditation. London: Hay House, 2011.

Sands, William F. Maharishi Mahesh Yogi and His Gift to the World. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2012.

Maharishi University of Management. Scientific Research on TM program: Highlights of 600 scientific studies validating benefits in all areas of life. Rev. ed. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2011.

Maharishi Vedic University. Celebrating Perfection in Education: Dawn of Total Knowledge. Fairfield IA: Maharishi Vedic University / Maharishi University of Management Press, 1997.

Marcus, Jay B. Success from Within: Discovering the Inner State that Creates Personal Fulfillment and Business Success. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1990.

Mason, Paul. Guru Dev as Presented by Maharishi Mahesh Yogi: The Life and Teachings of Swami Brahmananda Saraswati, Shankaracharya of Jyotirmath (1941-53). Vol 3. Penzance, Cornwall: Premanand, 2009.

Reddy, Kumuda. Putting Chronic Fatigue To Rest: Treating Chronic Fatigue and Chronic Fatigue Syndrome with Maharishi Ayurveda.. College Park, Maryland: Samhita Productions, 2002.

Sands, William F. Maharishi's Yoga: The Royal Path to Enlightenment. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 2013.

Sharma, Hari. Awakening Nature's Healing Intelligence: Expanding Ayurveda through the Maharishi Vedic Approach to Health. Delhi: Motilal Banarsidass, 2002.

Sharma, Hari M. and Christopher Clark. Ayurvedic Healing: Contemporary Maharishi Ayurveda Medicine and Science. 2nd ed. London: Singing Dragon/Jessica Kingsley, 2012.

Shostrom, Everett L. "An Inventory for the Measurement of Self-Actualization." Educational and Psychological Measurement Juli 1964, vol. 24: 207-218.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal, 1968.

The Institute of Vedic City Planning of Maharishi University of Management. Maharishi Vastu. Architecture and Planning: Vastu City Planning: Sustainable Cities in Harmony with Natural Law. 4th ed. Roerdalen, NL: Maharishi University of Management, Institute of Vedic City Planning, 2013.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi's Programme to Create World Peace: Global Inauguration: Demonstrating the Mechanics to Create Coherence in World Consciousness, the Basics of World Peace.. Fairfield, IA: Maharishi Age of Enlightenment Press, 1987.

Yogi, Maharishi Mahesh. Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi Mahesh Yogi on the Bhagavad Gita: A New Translation and Commentary with Sanskrit Text. Chapters 1 to 6. Harmondsworth: Penguin Books, 1972.

Yogi, Maharishi Mahesh. Transcendental Meditation with Questions and Answers. 3rd ed (a reprint of the 1st ed. of 1967, with new appendices). India: Spiritual Regeneration Movement, Maharishi Foundation International, Maharishi Vedic University, 2011.

Yogi, Maharishi Mahesh. The Science of Being and Art of Living. Rev ed. London: Penguin/Plume, 2001.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi University of Management: Wholeness on the Move. 2nd ed. Softcover. New Delhi: Maharishi Prakashan, 1995.

Yogi, Maharishi Mahesh. Bhagavad Gita. En ny oversettelse og kommentar med Sanskrit tekst. Mesnali: MIKI, 1994. ⍽▢⍽ Dei seks første av i alt atten kapittel er omsette, med kommentar attåt. Alle versa skal vere i tråd med seks ortodokse filosofiar i hinduismen.

Vegar    Seksjon     Sett    Neste

Vegar til Transcendental Meditasjon, TM, Maharishi Mahesh Yogi. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]