![]() |
Petitar | |||||
| 13 1 62 | ||||||
|
EventyrEventyr høyrer med til den eldste diktinga vi kjenner. Sjangeren er eldgammal. Her i landet handlar ganske mange om fattigguten som vinn framgang, men det er mange andre slags eventyr, så som dyrefablar og skjemt. På den engelske delen av nettstaden står over 800 eventyr og andre forteljingar. Mange av desse er ikkje omsette til norsk.
RådKunsten å gi råd til rette vedkommande, i god tid og på ein behageleg måte er ganske lett å fatte: Frå enkle hovudpremissar (nr. 1 og 2 her) når ein fine saker (3). Sjå berre:
Det høyrer også med at "Eitt er å gi råda, eit anna å få dei, eit tredje å hugse dei, og eit fjerde å følgje dei." Det er slett ikkje sikkert at rådet som blir gitt, blir forstått og verdsett godt. Og det er ikkje sikkert det gjer så mykje heller! Saka er at mykje vi får i oss mentalt, virkar i hugen noko etter, også når vi ikkje er klart medvitne om det. Ting dukkar til dømes opp i draumar, syner psykoanalysen. Det vil seie at gode råd vi gløymer i den forstand at vi ikkje hugsar dei, kanskje ikkje har falle på steingrunn for det, men går djupare inn i hugen og blir integrerte med innhald som kviler der frå før. Dei nette råda kan liggje gøymde i djup jord (djupare i hugen) og inkubere, og så bryte fram og bli bevisste ein eller annan dag kanskje etter tjue år. Trur du det ikkje, så prøv . . . Same kva, jamvel godt forstått og verdsett råd kan gløymast. Det ein ikkje gløymer, kan ein kanskje leve ut så sant lykka er god på ein heldig dag. Den behagelege løysinga er altså ein variant av "Det gjeld å gi råd hovudsakleg til dei som ikkje treng dei enno. Ein kan godt kalle det "kulturell førebygging utan ansvar for følgjene". Utfallet bør syne seg lønsamt i langtidsperspektiv først og fremst, men det er ikkje sikkert det går lett å finne ut av det. Ved å gi kløktige råd etter dette opplegget, formidlar ein kultur og held ved lag kontaktnett. Elles har jo sanningar dette ved seg at dei kan bli ille høyrde i fall det blir mange av dei på ein gong eller dei er harde og tunge å tyggje på og svelgje. Slik er det ofte. Å gi gode råd med på vegen og lenge før tiltrengt, kan hjelpe naturlig id (libido), som er gjennomgåande naiv av seg tilmed i lang tid før nokon ser ut til å ha direkte bruk for råda. Ein fiks måte å byggje inn hjelp på, er ved underhaldande historier og anna som ikkje krenkjer og den rådgivarkunsten er eldgammal. Kulturpsykologen Jerome Bruner har peika på at det er jamt ved historier at kultur blir formidla og sementert til ein viss grad [Coe]. Tjueein år før Bruner, forklara James Kirk korleis unge hinduar lærer hinduisme. Det er i vesentleg grad gjennom soger [Soth]. Heller ikkje Kirk var først ut med det synet at kulturen blir halden ved lag og formidla gjennom historier. I Panchatantra, som er ei vidgjeten fabelsamling med røter frå opptil 1500 år før vår tidsrekning, er det programmatiske målet å instruere unge for å førebu dei til livet som vaksne. Det aular med generelle ordtaksråd i verket. Ved soger og ordtak gir ein råd til dei unge som ikkje treng det iallfall ikkje enno. Det kan gå føre seg i ei triveleg atmosfære og kan gi mykje trivnad og underhaldning, og kan fremme godt liv noko seinare. Men det kjem an på at sogene og lærdommar ein kan forstå i tilknyting til dei, ikkje blir gløymde, men pussa vel og godt sia så det høver stadia dei veksande er på. Rudolf Steiner og Jean Piaget nemner tre hovudstadium i utviklinga frå barn til vaksen, og Steinerpedagogikken held seg også til at biletgode soger som ved enkle, figurative middel er tilpassa mykje konkret oppfattingsevne hos mindre barn, kan forklarast meir intellektuelt når puberteten er nådd når intellektuelle sider ved folk tonar fram. Slik får ein fram hovudkultur, stort sett. Men det kjem an på kvaliteten av sogene og lærdommane, formidlinga, og mottakinga og dessutan at heile opplegget gir rom for å vekse høgare på den eine og andre måten. Når ein vil gi råd til dei som ikkje treng det no men kanskje sidan, fordi slike enno maktar å ta inn i seg bra lærdom og tankar som kan gi livshjelp, gjeld det å formidle råda så dei blir fatta på eit vis, og hugsa godt. Her kjem fabelen, eventyret og likninga inn. Ein fortel fablar og eventyr med nyttig livslærdom til heilt unge, og så hugsar dei sogene og kan lett gjere lærdommar i dei til sine, og så dra fram soger og lærdommar seinare, og venteleg fatte meir etter kvart. Opplegget avheng av at det er hjelpande lærdom og soger som går inn i barna og ungdommane. Sant å seie kan barn og unge godt trekkje ut sin eigen lærdom av fablar i ei klasse når ein slepper dei til og klasseklimaet er skapeleg. Elles er det ganske vanleg å hekte noko slags moral til fablar. Det kan så vere. Gjennom underhaldande fablar og eventyr og andre soger formidlar ein gamle, kulturelle verdiar og lærdommar til dei som veks opp, og mange slike verdiar og lærdommar kan enno vere gagnlege. Når den unge kvinna står midt oppi prekære vanskar, kan det vere for seint å fortelje fablar som skulle hjelpe henne å styre unna den kursen som ville føre midt oppi dei. Vil du gi gode råd til vaksne barn, skulle du fortalt dei eventyr og fablar mens dei var mindre og mottakelege, og ganske utafor farar. Dette er i slekt med taoistisk livsvisdom. Tao Te Ching seier at den kloke ikkje løyser store vanskar; han rydda opp mens dei var små. Enda betre er å førebyggje fint. Så no kan du forstå korfor rådgivarar flest kanskje kjem for seint til å gi monneleg hjelp iallfall i forhold til slik hjelp som gagnar stø kurs utan for mange nederlag, og som kan gagne framtidig rasjonell tenking, slik Albert Einstein er inne på i det som skal vere ei sann historie: Ei mor som brydde seg om barnet sitt, besøkte ein gong Albert Einstein for å få råd frå han om korleis ho skulle hjelpe sonen til å bli rett god i matematikk. Nøyaktig kva skulle ho lese for guten så han kunne utfalde seg til ein framståande vitskapsmann? Konklusjon: Vil du hjelpe barna dine gjennom vidaregåande skole og vidare, så les og framfør eventyr og fablar for dei som best du kan mens dei er små og verdsetter slik innsats. Slik gir du barn og unge nisteråd for livsvegen så dei venteleg slepp å gjere alle feila foreldre og forfedrar har gjort. Steinerpedagogikk tenkjer om lag slik, den også. Men mange hundreår før, på 1100-talet, seier indaren Narayan at målet med ei vidkjent fabelsamling han laga til på basis av Panchatantra, var å fortelje unge om livet slik at dei forstår somt som nok kan hjelpe til så dei blir (meir) ansvarlege vaksne. Og dette gamle synet er på sett og vis ikkje noko anna enn det eg har sett fram øvst på sida. Norske folkeeventyr og lærdommar i deiDet står i regelen ingen markert moral eller lærdom i slutten av norske og andre folkeeventyr. Men sjå om ikkje litt moral og mykje lærdom finst likevel. Her er samlande oversikt på engelsk: [Lenkje] |
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |