![]() |
Himmerike på jord
| |||||||||||||||||||||||
|
Himmerike på jordMaharishis kjerneidear
Ved hjelp av TM kan enkeltmenneske få det betre og gjere det betre, og dermed også samfunnet som dei er del av. TM-rørsla går inn for å hjelpe fram god helse, eit langt liv i salig lykke, oppfylling av fine ønske, og eit sunt, godt og nærande miljø. At mange mediterer godt, hjelper til å gjere samfunnet betre, seier vi. Kanskje legg vi til "til ein viss grad førebels", men slett ikkje "Det kan bli for mykje av det gode." SitatHa som føremål å leve eit betre liv. Berre ein intensjon om å få eit meir vellykka liv. Tenk betre. MerknadAt tankar kan forme tilhøve, er del av eldgammal yoga-lære. For å lykkast best råd med slikt, finst noko som heiter samyana, "samveg, sam-metode". Først mediterer ein så djupt ein klarer og når finare (meir subtile) tilstandar. I slike tilstandar samlar ein merksemda om noko, som i judo-visualisering. Sjå for deg kva du vil oppnå. Såkalla "positiv tenking" er litt i slekt med yogametoden.
Her fekk du kjøt på beina (som er sitatet). Det er gitt ut bøker om samyana, som tek meditasjon vidare gjennom "tanketrening".
Maharishi-sitatet kan ein skjøne betre i lys av samyana-læra.
Lotm: Mahesh, Maharishi Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979. Megi: Olaussen, Ingrid. Meditasjon. Magi eller terapi? Oslo: Cappelen, 1976. LES MEIRBRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20072009, Tormod Kinnes [E-MAIL]. Disclaimer: [LINK] | |||||||||||||||||||||||