Norsk del, Gullvekta
Tyske ordspråk ≍ Deutsche Sprichwörter
Seksjon › 19 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

B

Bake og brygge går ikkje alltid godt.

Backen und Brauen gerät nicht allzeit wohl.

Fort utflippa, fort vekkasta.

Bald aufgezuckt, bald hingeworfen.

Bjørn og bøffel kan ikkje fange nokon rev. [Visent, europeisk bøffel, er det tyngste landdyret i Europa. Jf. Wikipedia, s.v. "Visent"]

Bär und Böffel können keinen Fuchs fangen.

Bartar slår ikkje folka.

Bärte schlagen die Leute nicht.

Å bygge kan Eghar, ikkje Omeghadde.

Bauen kann nur Habich, nicht Hättich.

Å bygge gjer pungen ganske tom.

Bauen macht den Beutel schlapp.

Bønder gjer fyrstar.

Bauern machen Fürsten.

- men ikkje så frivillig som ein kanskje skulle tru: Herskarar ned gjennom tidene har ved makt og skattlegging gjort gode bønder nøydde til å slite og krype for dei. Dersom makta sine menn ikkje klarte å halde kustus på krenkande utbytta og forarma bønder, kom kanskje opprør, og i verste fall krig. Den tyske bondekrigen eller "Bondeopprøret" (1524–1525) var såleis ein blodig oppstand blant bøndene i det sørlege og midtre Tyskland. Hovudårsaka var venteleg økonomisk. Kanskje 75 000 døydde i den krigen. Han enda med at bøndene blei slått, som i tidlegare oppstandar i Tyskland. Jamfør ordtaket "Makta rår." (Sjå Wikipedia, "Den tyske bondekrigen")

Tenk på slutten, så vil du aldri meir gjere vondt.

Bedenk das Ende, so wirst du nimmermehr Böses tun.

Bygg du eit hus, så bygg det heilt ferdig.

Baust du ein Haus, so bau es vollends aus.

Tenk gjennom korfor du er her.

Bedenke, warum du hier bist.

Lyster setter sporar i skinnet. [Dei driv ein fram.]

Begierde setzt Sporen in die Haut.

Grundig døypte hundar blir redde for vatn.*

Begoßne Hunde fürchten das Wasser.

Skattar og utsyn som er gøymde og gløymde, er utan vinst. [Tysk Sinn er fleirtydig, for sinn, meining, poeng, sans (for), osv., osv.]

Begrabner Schatz, verborgner Sinn, ist Verlust ohne Gewinn.

Å påstå er ikkje å prove.

Behaupten ist nicht beweisen.

Tame og næme er ikkje hekseri.

Behendigkeit ist keine Hexerei.

C

"Kra, kra" er ramnesongen ["Korp, korp" er betre kjent].

Cras, cras ist der Raben Sang.

Innhald


Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Kjelder: [Bøker]

Deutsche Sprichwörter, tyske ordspråk, ordtak frå tysktalande land, opp Seksjon Sett Neste

Deutsche Sprichwörter, tyske ordspråk BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-Mail]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]