NORSK DEL, GULLVEKTA  

Vengjeord

 13 › 3 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Æ

Ærleg spel er ein juvel. [Walter Scott]

Ø

Ønskjer du eit godt råd, så prøv ein gammal mann. [Jf. Geoffrey Chaucer]

Øving er kanskje den beste læremeister. [Med Publilius Syrus]

Øving kan gjere meister. [Fritt etter Periander av Korint]

Å

Å bere på ein løyndom blir fort for tungt from damer. [Med La Fontaine]

Å bli varsam etter ein annans skade, er forstandig. [Jf. Bo 44-45]

Å drepe harar med stein, kan vere tungt å få seg til.

Å føre hine ved kjensleappellar og vakre tankar kan føre til sigrar og slå feil.

Å gifte seg vel skal bli betre enn å brenne av begjær. [Jf. Bo 145]

Å gå sin eigen veg høver jamt bra i forhold til å bli knuffa til side. [Jf. Bo 878]

Å gå som katten om den varme grauten syner eit dilemma. [Jf. Oehlenschläger o.a.]

Å ha sitt på det tørre, er det jamt gagn i.

Å kalle ein katt ein katt og ei spade ei spade, har mykje til felles med "å kalle ein fiken for fiken og ei hakke ei hakke (latinsk ordspråk)". [Jf. Bo 481]

Å kalle ting ved dei jamne, folkelege namna sine kan stride både mot overtru, otte og gammal trong til å smiske seg fram.

Å kalle tingen ved rett namn kan mang ein avlide av under overmakt som tel. Elles er det jamt å føretrekkje.

Å køyre klossete kan det fort kome store ulykker av.

Å kvile på vegen gir styrke i beina, så slikt bør du gjere. [Jf. A. O. Vinje, Bo 522]

Å meistre å ri vengehesten fornuftig i motbakkar og elles, kan ha ein heil del å seie i eit liv. [Jf. Bo 61]

Å realisere seg sjølv må stå som den høgste gleda. [Jf. Bo 152]

Å refse sedene ved latter og humor kan godt slå feil veg.

Å starte ein krig kan gå lett, men å få slutt på den kan bli verre. [Fritt etter latin]

Å ta maten ut av kjeften på ulven som et i fred, er neppe særleg kjærkome.

Å ta opp att er mor til studia. [Gammal pedagogisk regel]

Å tale med hestetunge blir ikkje hylla i Bibelen, men med eseltunge. [Balaams esel:. 4. Mosebok, 22, 21-34]

Å tileigne seg fullt ut, heiter "gjere til saft og blod" på latin. [Jf. Bo 438]

Å ture fram i feiltakingane sine er for skammeleg for ein kjernekar.

Å unnskylde ein feil kan lett få den til å verke verre. [Med Shakespeare]

Å vande ulasteleg er det ikkje alle som klarer. [Jf. Lukas 1,6]

Å vere moden og parat, det har mang ein gong mykje å seie. [Fritt etter Shakespeare, The readiness is all.]

Å vere rette mann på rette plass held iallfall ei stund. [Jf. Bo 747]

Å ville drive vondt ut ved noko verre, kan mislykkast.

Å vite kan kronast med å føresjå. [Jf. Auguste Comte, savoir pour prévoir.]

Å vite kva veg vinden blæs, kan vise seg nyttig for den som treng bør. [Fritt ifrå engelsk ordtak]

Året og den største ånda i gata går sin gang som ein nødvendig dramatikk.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2003–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]