| |
Vingleord og vingeord
"Har eg verkelig gjort alt dette?" [Vingleord av tyskfødte Fredrik 1 (1676-1751) av Sverige]
Det sa kongen - trulig utan manuskript og manuskriptforfattarar attom seg då han blei kraftig rosa av ein talar for å gjort mange ting han ikkje hadde kjennskap til [Bo 349].
Vingeord er bevinga ord - uttrykk med "luft under vingene" på eit vis. Kanskje det er mye sant i dei, kanskje dei dekkjer mye terreng, femner vidt - kanskje alt saman, tilmed. I 1967 kom første utgåva av Bevingede Ord ved Snorre Evensberget og Dag Gundersen. Dei bygde i stor grad på det etablerte danske verket Bevingede ord: mere end 12 000 kendte litteratur-citater, historiske ytringer, sprog-klicheer, talemåder, slagord, etc. (1963). Den andre norske utgåvå kom i 1983 - og det er en det blir vist til noen stader nedover.
Den danske boka kom elles ut i 6. utgåve i 1990. I 1991 kom Evensberget og Gundersen med ei revidert og fornya utgåve for Den norske bokklubben, og i 1995 kom dei med Bevingede ord: nær 13000 litterære sitater, historiske ytringer, ordtak og talemåter, sentenser og fyndord. I 2002 kom tredje-utgåvå i andre opplag: Aschehoug og Gyldendals sitatleksikon: bevingede ord, sitater, ordtak, fyndord.
Faren med berre å sitere andre er at ein ikkje får gjort stort. Det kan bli pinlig. Kunsten her blir å forstå kjerner - lære noe berande og makte å leve det ut - og bere dei med seg så det nyttar. Det skulle eg meine.
Hard jakt
Eg har tatt av frå den norske andre-utgåva og drive hard jakt på "rosina i pølsa". Eg har heller ikkje kvidd meg for å gjendikte berande kjerner "til gagn for folk og ikkje troll", om lag som Håvamål seier (v. 164). Det er neppe store ord og vendingar som gir mest livshjelp, men kloke maksimer som kan dirigere åtferd når det er tvil, og ellers vere til hjelp for den som gjerne vil opparbeide seg og kanskje gle den svenske kong Carl Gustaf litegrann:
"Det kjem ingen steikte sporvar flygande om du ikkje sjølv strevar for å gjøre ditt beste," sa han i juletalen sin år 2002. Han sa også at "det gjeld å ta tak i sitt eige liv". Det er nokså motsett av å ta sitt eige liv . . . Tabloidavisene i Sverige var elles svært snare til å peike på at var det noe den kongen aldri har trengt å gjøre, så var det å ta ansvar for eige liv, for han var "født med tre gullskeier i munnen". Han kan vel kome seg med tida - [Aftenposten, 27.12.02: "Svenskekongen trampar i klaveret". Lenkje].
Eg har satsa på å få med mange lødige sentensar som kan hygge somme og vonelig hjelpe til kloke framsteg under gagnlige forhold. Noen godord har ved seg å kunne inspirere til endringar av levemåten, endringar til det betre. Med den profilen eg har nemnt, kan eg ikkje godt ta med mengder av pompøse frasar med eller utan snert, og med "mye skrik og lite ull" i seg. Det har eg unngått, stort sett. Her og der rundt om i denne teksten finst elles ein og annan vits.
Eg tar gjerne imot framlegg til ord og endringar. - Tormod Kinnes

Litteratur
Andreæ, D., m.fl. Citatboken. Stockholm: Natur och Kultur, 1986.
Evensberget, Snorre og Dag Gundersen. Bevingede ord. 2. utg. Oslo: Kunnskapsforlaget, 1983.
Christiansen, Reidar. Gamle norske visdomsord. Norske ordspråk i utvalg. Oslo: Cappelen, 1992.
Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Stockholm: Bonniers, 1973.
Jensen, Brikt, red. Ordspråkleksikon. Tr. Gunnar Gjengset. Oslo: Schibsted, 1996. (Carsten Bregenhøj og Solveig Pått: Politikens Ordsprogleksikon.)
Strøm, Fredrik. Svenska ordstäv. Prisma. Ny utg. Np, 1985 (?).
Sundland, Egil. "Det var en gang - et menneske" Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1995.
Universitetsforlaget. Kort og godt. Utvalde ordtak til husbruk. (Utval frå Einar Seims samleverk) Bergen: Universitetsforlaget, 1978.
Wahlund, Per. Osed och ordsed. (Fra Penu Proverbiale). Stockholm: Natur och Kultur, 1988.
Aasen, Ivar. Norske Ordsprog samlede og ordnede af I. Aasen. 2. utg. Christiania (Oslo): Mallings Boghandels Forlag, 1881.
Aasen, Ivar. Norske ordsprog. 3. utg. Voss: Vestanbok, 1982.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
© 20032007, Tormod Kinnes. [E-POST]
|