![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||
|
BBank ikkje på død manns dør og vent å få svar.- Don't knock at a dead man's door and expect an answer.
Barndommen [som bondemannen] skulle vere gladlynt og sorglaus.
Barndommen varslar mennesket som morgonen varslar korleis dagen blir [det hender det er
samsvar]
Be ikkje noen om ei teneste før han har ete lunsj.
Bedrag er ei løgn som slit på smilet.
Berre arbeid og ikkje leik gjør guten sløv.
Berre dei er skikka til å leve som ikkje er [for] redde for å dø.
Berre dei kloke brukar fritida bra.
Berre ein tosk gir seg ut i krangel med kokken.
Berre levande fisk sym mot straumen.
Beste måten behalde ein venn på er å vere vennar.
Betal gjelda di eller mist vennene du har.
Betre at folk misunner deg enn synest synd på deg.
Betre ein gong i himmelen enn ti gonger ved himmelporten.
Betre med ein esel som ber meg enn ein hest som kastar meg av.
Betre med ein liten fisk enn eit tomt fat.
Betre med litt eld som varmar oss enn mye som brenn oss.
Betre om folk lyg om deg enn å lyge sjølv.
Betre å dø ung heime enn gammal på sjukehus.
Betre å ha rett enn å vere i fleirtal.
Betre å kjøpe enn å låne.
Betre å la vere å seie ein vits enn å miste ein venn.
Betre å snitte i skoen enn at foten blir klemt og skadd.
Betre å spørje to gonger enn gå feil ein gong.
Betre å vere aleine enn i dårlig selskap.
Betre å vere ein gammal manns elskling enn ein ung manns slave.
Betre å vere ein stor frosk i ein liten dam enn liten frosk i ein stor dam.
Betru deg ikkje til noen som har svike deg.
Bit ikkje handa som gir deg mat.
Bland deg ikkje i andre sine saker med mindre du vil ha nasen raspa litt.*
Bli ikkje leidd av smiger.
Bli ikkje uvenner med ein venn for ein bagatell.
Blind sjanse feier verda vidare, ser det ut som.*
Blodet er arva, men dugleiker har ein skaffa seg sjølv.
Bonden skaffar mat til dei alle.
Brenn ikkje lyset ved begge ender.
Brent barn er redd for elden.
Brør er som hender og føter.
Børene til andre tok livet av eselet.
Både toskar og hestar arbeider.* BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||