![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk
| ||||||||||||||||||||||
|
Introduksjon/IntroductionPå norsk
Amerikanske ordspråk er slike ord og sitat som er traderte - fortalde og nedskrivne - på engelsk eller amerikansk-engelsk folk imellom i Nord-Amerika. Gjennom nokre tiår kom samlarar til folk og heimar i USA og Canada og skreiv ned sitata og ordtaka dei hørte var i bruk. Dei fekk samla fleire titusen av dei. Opphavet til alle ordtaka i Nord-Amerika er ikkje kjent eller anerkjent, men det har heller lite å seie for klassifiseringa i forhold til at dei har vore i bruk der. Det dreier seg om ord og sitat frå mange hald, også litterære kjelder. Ein finn såleis ganske lett britiske ordtak med og utan variasjonar; sitat frå kjendisar, til dels med variasjonar; og ordtak som verkar som dei er omsette ordtak frå ulike innvandrartradisjonar. Det er ikkje alltid enkelt å seie kva for kanal eller veg ordtaket har kome. Når det gjeld ordet "Når ølet går inn, går vettet ut", er det kjent like ifrå oldnordiske Håvamål, vers 12. Sia nordmenn slo seg ned i Nordvest-Skottland og snakka norn (etterkommar av norrønt) til ut på 1600-talet eller lenger, er det ikkje rart at ein finn When the ale is in, wit is out." blant britiske ordtak, og på svensk og dansk og norsk, og som "utvandra" "amerikansk" - Det er også teoretisk mogeleg at nokon har laga det sjølv der borte, eller blant skottane. Tilfelle av "uavhengige framkomstar" er mogelege. Det er flest filosofiske observasjonar her i samlinga. Somme er underfundige, og kan blant anna bli oppfatta og tolka til å fungere nytteleg på eitt eller anna vis, eller fleire vis. Når ein har funne ei fin tolking av eit ordtak, kan ein sjå vidare etter ein eller fleire høvelege måtar å nytte det på. Frå mai 2005 er rundt 1000 ordtak med. Ikkje alle er omsette heilt bokstaveleg, men omtrentleg (sjå Nida og Taber's bruk av "dynamisk ekvivalens") - av og til med ein vri. Omsetjingane kan ein såleis ta som framlegg der smak og behag også har spela inn. - Tormod Kinnes In EnglishAmerican proverbs are sayings and quotations that have been told and possibly retold and then written down in English or American-English among North Americans. During a few decades collectors visited people in the United States and Canada and wrote down the quotations and saying they heard were in use. Some proverbs were British with and without variations. Some were quotations of celebrities, with and without variations. Some are likely to be translated sayings found in various immigrant traditions. So American proverbs consist of saying and quotations from many quarters, including literary sources. The origins of all the proverbs are neither known nor generally agreed on, but the question of origins matters litte for a proverb collector compared to the fact that they have been in common use. It is not always easy to decide by what route a proverb has come. For example, the terse Norse "When the beer goes in, the wit (wit, sense) goes out (Havamal, v. 12)" has been translated into "For the more he drinks the less does man / Of his mind the mastery hold. (Henry A. Bellows)", and "The more they drink, the less can they think / and keep a watch over their wits (Olive Bray)." We also find "When the ale is in, wit is out" among the British. Norwegians peopled parts of Great Britain around the Viking Age, so the link is far from improbable. It is also possible that some persons created proverbs on beer and ale and wits anew. Maybe unpretentious and philosophical observations related to home life dominate the collection. They can be useful by and large to the degree they warn against follies, bad developments, and enemies; and to the degree that useful applications are ferreted out. From May 2005, about 1,000 proverbs are included in the collection. Not all of them are literally translated, but there is supposed to be some equivalence of meaning between the English and Norwegian forms anyway. Yet, occasionally there are twists of meaning too.
Proverbs are fine for learning languages, in this case New Norwegian (= nynorsk) and colloquial American English. -TK
Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||