![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||
|
DDagar i fyll har sine morgondagar.- Drunken days have their tomorrow.
Dagen til ein vis mann er verd heile livet til ein fåkunnig.
Damer i bukser skulle ikkje snu ryggen til "ukser".
De første hundre åra er dei hardaste.
Dei beste planane til mus og menn slår ofte feil (etter Robert Burns)(30).
Dei døde blir snart glømt.
Dei dør bra som lever bra.
Dei finaste edelsteinane ligg djupast. [ikkje støtt)]*
Dei fjerne engene ser grønare ut.
Dei fleste menn får så god kone som dei fortener, og det er ikkje så
mye.*
Dei fleste menn får så god kone som dei fortener.
Dei rolige, vise eller sløve kjem tvilen til gode.
Dei som aldri har hatt ei pute, treng den nok ikkje heller.
Dei som dansar lyt betale spelemannen.
Dei som leikar med skarpe reiskap lyt vente å bli skore.
Dei som prøver å svindle bør vente å få igjen med same
mynt.
Dei som svik vennane sine skal ikkje vente at andre har tiltru til dei.
Dei som tar fortenesta skulle også bere utgiftene.
Dei som trur dei ikkje kan, har vanligvis rett.
Dei stutte dumskapane er best.
Dei største gjerningane gjør vi utan å vite dei er det.
Dei unge kan dø; dei gamle må det.
Dei ytre formene syner det indre vesenet - vi gjettar på fruktkjøtet
før vi skjer vekk skalet.
Demokrati er betre enn tyranni.
Demonstrasjon er beste instruksjonmåten.
Den beste anstand ei jente kan ha, er å vere forelska i ein annan.
Den beste delen av ein bok er ikkje tankane som står der, men tankane den vekkjer
(62).
Den beste måten slå i hel tida på er å drive [arbeide] den til
døde.
Den beste måten å behalde venner på er å ikkje svike eller
utlevere dei [eller flå dei -].
Den beste måten å få utretta [gjort] noe på, er å
gjøre det sjølv.
Den beste rådet eg veit her i livet er å ikkje gi for mye.
Den eine tidsalderen sine gudar blir nemnt berre i forbifarten i den neste.
Den er død som er utan feil.
Den er ingen tosk som kvittar seg med det han ikkje kan halde på så han
skaffar seg slikt han ikkje mister sia.
Den fødte tosken blir aldri heilt kurert.
Den første ulykka di kan bli den siste.
Den kloke gjøre som han sjølv rår til (foreslår).
Den kloke lærer av andres erfaringar, ein middels mann lærer av eiga
erfaring, og ein tulling lærer ikkje av noen sine erfaringar.
Den kortaste avstanden mellom to punkt er ei rett linje [den treng ikkje vere den
snøggaste eller behageligaste for det).
Den lettaste måten å få skilsmisse på, er å gifte seg.
Den meste destruktive kritikken er likesæle.
Den reiser fortast som reiser aleine.
Den som aldri har tvilt, har aldri halvtrudd.
Den som aldri lærer noe, glømmer aldri noe av det.
Den som argumenterer med ein tosk, skal sjå til at han ikkje gjør det
same.
Den som ber ein venn om meir enn han kan gi, fortener å få nei.
Den som drar på dans, skal vere varsam med kven som blir tatt i hand.
Den som drikk og går sin veg, får vel drikke ein annan dag.
Den som druknar, grip jamvel etter eit strå.*
Den som er full blir klar i toppen seinare, men det blir ikkje ein stor tulling.
Den som er redd for blad, lyt halde seg vekke frå skogen.
Den som er sint har det sjeldan vel.
Den som et fort, arbeider fort.
Den som forelskar seg i seg sjølv, får neppe mange rivalar.*
Den som har drukke, vil drikke meir.
Den som har ikkje noen framtid mister grepet om noet [no].
Den som har stor tru, skal ikkje bli liten i fiasko ved det.*
Den som held lag med bikkjer, lærer å pese.
Den som ikkje brydde seg, mista kornlappen [kornteigen, kornåkeren] sin.
Den som ikkje er den gode sakas venn, er ikkje venn av meg.
Den som ikkje trur på samarbeid, skal merke seg det som skjer med vogna når
eine hjulet fell av.
Den som ikkje vil smile, skulle ikkje starte butikk.
Den som lagar bål av halm får mye røyk og lite varme.
Den som legg seg med hundar får reise seg med lopper.
Den som lever dyrisk, lever iallfall ikkje evig.
Den som lever på håp har ein slank diett.
Den som liker å krangle, kan ende vennelaus.
Den som lønar godt med vondt, får neppe vondskap ut av sitt hus.
Den som ov-smigrer deg er ein hyklar: dess meir slik smiger, dess meir hykling.
Den som raudnar er ikkje heilt ut eit beist.
Den som sjansane ofte går forbi, finn dei vel til sist.
Den som skal knekke nakken, finn trappa i mørke.
Den som skryt av anene sine, er som ei potet: den beste delen er nedi jorda.
Den som slåss og så stikk av, kan leve for å slåss ein annan
dag.
Den som smigrar grannen sin, sprer ei not framfor føtene hans.
Den som speidar i skyene kan bli slått ned med torestokk.
Den som strever der inga forteneste finst, blir med tida sett på som ein tosk
året rundt.
Den som tar fanden med i båten, lyt frakte han over sundet.
Den som vil behalde vennene sine, låner dei ikkje pengar.
Den som vil ete kjernen, må knekke nøtta.
Den som vil gjøre seg til tosk, skal vel finne mange til å hjelpe seg.
Den som vil glede alle, arbeider fåfengt.
Den som vil nyte frukta, skal ikkje plukke blomsten.
Den største kunsten er livskunsten.
Den tidlige barndommen skal en gjøre så glad og sorglaus som råd
Den travle har få gjestar som driv, fluger kjem ikkje til kokande kjel.
Den veikaste frukta fell først til bakken.
Den vise og tosken har sine kameratar.
Der det er åtsel, samlar det seg ramnar.
Der er ikkje noen utdanning som motgangen.
Der tener ikkje til noe å be når fanden har fått deg.
Der åtselet er, samlar det seg ørner.
Dess betre dag, dess betre gjerning.
Dess eldre tosken blir, dess hardare fell han.
Dess fleire kjente, dess større fare..
Dess hardare kamp, dess søtare triumf.
Dess høgre dei flyr, dess verre fell dei.
Dess høgre ein klatrar, dess verre kan ein falle (jfr. Ap 101).
Dess større treet er, dess hardare fell det.
Det auget ikkje kan sjå, kjem ikkje hjertet til å kreve.
Det blir født ein tulling i minuttet.
Det blir meir ut av kornet på mølla enn i bingen.
Det du ikkje veit av, kan vere den verste fienden din.
Det er alltid eit rotegg i kvar folkehop.
Det er alltids meir damfisk.*
Det er berre dei med tiltru som blir svikne.
Det er betre å betale og ha til overs enn å ha mye og alltid vere i
gjeld.
Det er betre å gå rundt grøfta enn å falle ned i den.
Det er betre å sitje i fengsel med ein vismann enn med ein fulling i paradis.
Det er den vakre fuglen som blir sett i bur.
Det er då ikkje like ille å tru ei løgn som å fortelje ei *
(opp. 35).
Det er ei tid til å fiske og ei tid til å tørke garn.
Det er ein dårlig hær når fanden ber fana.
Det er ein stakkars frosk som ikkje leikar med sin eigen dam.
Det er ein ting å bli utdanna og enda ein ting å halde seg utdanna.
Det er ein toms som ikkje kan bli sint, men ein klok mann som ikkje vil det.
Det er ein tosk som foraktar mor si Det er ein tosk som held ap med mor si.*
Det er ein tulling som gjør legen til arvingen sin.
Det er eit middel mot alt, om vi berre kunne finne det.
Det er er somtid best å brenne alle bruer bak seg.
Det er fleire måtar enn ein å kverke ein katt på.
Det er gagnlaust å låse låvedøra når hesten er stolen.
Det er godt at feila våre ikkje står skrivne i fjeset vårt.
Det er godt ha noen venner både i himmelen og i helvete.
Det er greitt å drikke som ein ørret om en drikk det ein ørret
drikk.
Det er høgst trulig betre å vere ein levande kanin enn ein død
tiger.
Det er ikkje alt som er forbode som er søtt.*
Det er ikkje alt som skin som er sølv.
Det er ikkje den som har mange idear men den som har ei overtyding som får bli
kalla stor.*
Det er ikkje kleda som tel, men det dei dekkjer over.
Det er ikkje kulingen men korleis ein setter seila som avgjør kor ein fer.
Det er ikkje kulingen men korleis seilet er sett, som avgjør kor ein drar.
Det er ikkje nok for ein gartnar å vere glad i blomster, han lyt også kunne
stelle dei.*
Det er ikkje som svaiar som fell.
Det er ille å bli sviken, men verre å svike.
Det er jamt betre å halde ulven utafor saueflokken enn å trekke ut
klør og tenner på den etter han har komme inn i den.
Det er lett å lure den unge ulven.
Det er lett å sjå ned på det ein ikkje kan få.
Det er lettare å gå ned enn opp.
Det er lettare å miste ein venn enn å finne ein.
Det er lettare å miste trua enn å finne den igjen.
Det er mange ekko i verda, men få røyster.
Det er mange gleppar mellom kopp og leppe.
Det er meir ved ærligdom enn det som møter auget.
Det er modigare å leve enn å dø.
Det er sikrare snakke vel om dei døde enn dei som lever.
Det er utfordringa til ein mann å dra så langt han kan på den rette
vegen.*
Det finst andre fiskar i sjøen.
Det finst berre ein slags blasfemi, og det er urettferd.
Det finst ein kjele gull ved enden av regnbogen.
Det finst fleire måtar drepe ein hund på enn å kvele den med
peanøttsmør.
Det finst ikkje så mange som lyt late som dei er frå vitet for å
overleve.*
Det finst inga løgn som er spunne så fint at ikkje sanninga vil skine
fram.
Det finst ingen liten fiende.
Det finst meir enn ein måte å gå omkring busken på.*
(Uoversettlig)
Det gir hunden glede å bjeffe og bite, men ikkje småbarn.
Det gjør sikkert forskjell om paven er på di side.*
Det heile kjem an på kven sin stut som blir stanga i hel.
Det hender at botemiddelet er verre enn sjukdommen.
Det hender givaren gjør gåva dyrebar.
Det kan vere fryd i fare og fare i fryd *(134).
Det koster noe å vere meir enn ape, men det koster trulig meir å bli
syndetræl.*
Det løner seg slett ikkje å jumpe frå frå steikepanna til
elden.*
Det meir ein grev i skiten, dess verre stinkar den.
Det skal ei smart kvinne til for å spele toskete.*
Det skal meir til enn dansesko for å vere dansar.
Det skal vere ein første gong til alt.
Det som ikkje har plikt til, har du neppe noe med.
Det som tosken kan klare, kan enda ein.
Det trauste hjertet skal vel smadre noe vanhell.
Det trengst deig for å få skorpe.
Det veks meir korn i svingete rader.
Diamantar kjem i små pakker.
Diamantdottera blir til glaskone.
Did er penger, seier nederlendaren.*
Din beste venn er deg sjølv.
Dine eigne feil ser sikkert like store ut for den andre som hans ser ut for deg.
Diplomati er å gjøre og seie dei fælaste ting på finaste
måte.
Djervleiken lykkast ikkje støtt.
Djup ropar til djup.
Dobbelttunga gir trøbbel.
Dottera til ei livlig gammal kvinne blir ei som forvaltar hushaldet dårlig.
Drep ikkje gåsa som legg gullegg.
Driv forretninga di så den ikkje driv deg.*
Drog ikkje toskar til marknaden, blei ikkje dårlige varer selde.
Drukn ikkje deg sjølv for å berge den som druknar.
Drømmer gir vinger til fjols.
Du kan ikkje hindre fuglane i å fly over hovudet på deg, men du kan hindre
dei i å bygge reir i håret ditt.
Du kan velje venner, men slekta di blir kasta på deg.
Du må vere smartere enn hunden for å lære den knep.
Du skal ikkje klandre tannlegen for å sjå etter i munnen din.*
Du tar ikkje andre drinken om du ikkje har tatt den første.
Dynamitt kjem i små pakker.
Dyrk slike venner som vil deg vel og ikkje utbyttar deg. [jfr. Buddhas ord]*
Døande menn snakkar sant.
Døden har ingen kalender [får vi vel tru].
Døden kjører med den drikkande bilisten.
Døden og skattane kan vere vanskelig å slå.*
Døden sluker lam så vel som sau.
Døm aldri ved førsteinntrykka.
Døm menneske ut frå kva dei har utretta heller enn frå kva tru
dei måtte ha. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||