![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||||
|
E
Egg kan ikkje lære høna.
Ei and vil ikkje bite.*
Ei dame er ei kvinne som gjer det lett for ein mann å vere herre.
Ei forsømt plikt kan vende attende i morgon med sju andre på ryggen.
Ei god sak finn vel våpen å forsvare seg med.*
Ei gåve er betre enn eit løfte.
Ei kaklande høne legg ikkje alltid egg.
Ei krone ærleg skaffa, er verdt tusen som ikkje er det.
Ei lita gjeld lagar ein skuldnar, ei tung gjeld ein fiende.
Ei plystrande jente og ei klaklande høne får ingen god ende.
Ei sann kone er den venaste blomsten mannen hennar ser.
Ei stang til ein stim. [Avstutta]
Ei stor formue er fornemt halvslaveri.*
Ei tom hermetikkboks lagar mykje støy. [jf. Tomme tønner ramlar mest.]
Ei vis syter for nebbet sitt* (ordspel)
Ein boge som blir spent for hardt, vil knekke.
Ein bror er ikkje alltid ein venn . . .
Ein bør ete for å leve, ikkje leve for å ete.
Ein bør ikkje gifte seg med ei jente som vil ha jordbær i januar [figurativt
for sånt som urimeleg kravsjuk og kostbar].
Ein bør tenkje seg om før ein taler med ein venn i nød.
Ein diamant på ein møkkahaug er likevel ein kostbar diamant.
Ein diplomat er ein mann som alltid hugsar fødselsdagen til ein kvinne men aldri
kor gammal ho er.
Ein drikk kan føre deg i undergangen.
Ein død fiende er så god som ein kald venn.
Ein død mann kjenner ikkje kulde.
Ein døv ektemann og ein blind kone er støtt eit lykkeleg par.
Ein dårleg kost etterlet eit skittent rom.
Ein edelstein blir ikkje polert utan å bli gnidd, og eit menneske blir ikkje edelt
berre gjennom tankar.*
Ein er aldri for ung til å døy.
Ein fangar fleire fluger med honning enn med eddik.
Ein forlikt venn er ein dobbel fiende.
Ein forlikt venn er ein dobbel fiende.
Ein får betale felespelaren, skal ein danse.
Ein får droppe å prove det ingen tviler på.
Ein får dømme ein nederlendar ut fra kva han meiner, ikkje kva han
seier.
Ein får ikkje fisk på tørr line.
Ein gammal hund gøyr ikkje for ingenting.
Ein ganske sikker måte å bli snytt på er å tru at ein er smartare
enn andre (jf. Ap 93).
Ein glir på føtene og kjem seg vel over det, men sklir tunga ut, kjem ein
sjeldan heilt over det.
Ein god hage har støtt ugras.
Ein god hund fortener eit godt bein.
Ein god kirurg lyt ha ørneauge, løvehjerte og damehand.
Ein god lege behandler både pasienten og sjukdommen.
Ein hest som ingen kan ri og ein cowboy som ikkje har blitt kasta av, finst slikt?
(124).
Ein hund som vil kome med eit bein vil også ta med seg eit.
Ein hyggerik kveld fører ofte til ein treg og trist morgon.
Ein identifisert sjukdom kan vere halvt kurert.
Ein kan døy med frysningar like så vel som i feberørske.
Ein kan ikkje fly med ein venge av.
Ein kan ikkje gjere eggerøra om igjen.*
Ein kan ikkje ha familiekrangel utan at halve landsbyen får nyss om det.*
Ein kan ikkje halde ein annan nede i grøfta om ein ikkje står der nede med
han. (Mogeleg er det likevel, men ofte er det slik ordtaket meiner, på eitt eller anna
vis.)
Ein kan ikkje lure samvitet sitt.
Ein kan ikkje miste det ein ikkje har hatt.
Ein kan ikkje seie kor djup brønnen er ut frå kor langt handtaket er
på pumpa.
Ein kan ikkje klandre tannlegen for å sjå på munnen.
Ein kan ikkje vitse så ein fiende blir venn, men ein kan vitse så ein venn
blir fiende.
Ein kan kjøre hundre kilometer i minuttet, men det er stort sett ikkje framtid i
slikt.
Ein kan lure ein gammal hest ein gong, men ikkje to gonger.
Ein kan stenge tjuven ute, men ikkje løgnaren.*
Ein kan stå opp seint dersom ein har fått ord på seg for å
stå opp tidleg.
Ein kar kan gjere kva som helst dersom han bestemmer seg.
Ein kjenner fuglen på songen og mannen på snakket.
Ein kjenner fylliken på kva han gjer.
Ein kjenner snikkaren på spona.
Ein kløyvd menneske, ei ulykkeleg ånd [og ein narr, til sjuande og
sist].
Ein ledig hjerne er fandens verkstad.
Ein lege er også ein som heller særlege stoff i kroppar han sjelden
elskar.*
Ein levande hund er betre enn ei død løve.
Ein lærer å kjenne dei ein er saman med på ei lang reise og i eit lite
vertshus (108).
Ein mann som er sin eigen lege har ein tulling til pasient.
Ein manns draumar er hans eigne.
Ein manns dumheit er ein annan manns sjanse.*
Ein manns død er ein annan manns brød.
Ein maur slit seg sakte i hel, men tener ikkje pengar.
Ein må ikkje stole blindt på sin beste venn.
Ein må kravle litt før ein kan gå.
Ein ny kost feier reint, men ein gammal ein skraper betre.
Ein open port lèt kyrne fare ut.
Ein rik mann er glad mens han lever, men sturen som død.
Ein setter ikkje reven til å vakte hønsehuset.
Ein skal aldri gi seg.
Ein skal høyre mykje før øyra fell av.
Ein skal ikkje ergre og plage seg på grunn av dei som gjer vondt.
Ein skal ikkje pantsette framtida for noet [notida].
Ein skal ikkje reinske fisken før den er fanga.
Ein skal ikkje sladre på dei døde.
Ein skal late att porten når hesten har fare ut.
Ein skal måle to gonger før ein skjer ein gong.
Ein skal prøve ein venn før ein stoler på han heilt og fullt.*
Ein slepp vanskeleg unna å bli tilgrisa om ein slåss med eit stinkdyr.*
Ein småstein og ein diamant er like for den som er blind.
Ein stad for alt og alt på sin plass.
Ein stor talar treng ikkje vere nokon tosk, men den som stoler på han er det.
Ein straum av ord er ikkje prov på å vere omgjengeleg og liketil nok.*
Ein tosk kunne blitt halden for klok om han heldt munnen igjen.
Ein tosk og orda hans har snart skilt lag.
Ein tosk snakkar med øyra att.
Ein treng ikkje smøre inn ei feit sugge med feitt.
Ein tulling har få venner.
Ein tulling skulle aldri sjå uferdig arbeid.
Ein tulling spør meir på eit minutt enn ein vis kan svare på ein
time.
Ein ulykke er ofte ei forkledd signing.
Ein utdanna tulling er farleg.
Ein vaksen er berre ein som slutta å vekse oppover og starta å vekse utover
(i vidda) (8).
Ein vennleg tulling er betre enn ein hovmodig kloking.
Ein venns misunning er verre enn ein fiendes hat.
Ein ål som ein held ved sporden er ikkje fanga rett [ålen er glatt].
Eit barn og ein tosk føresteller seg at tjue kroner og tjue år ikkje blir
borte.
Eit egg er i dag er verd ei høne i morgon.
Eit eint blad søler ikkje til eit anna.
Eit enkelt faktum er verd ei skipslast med argument.
Eit esel er berre eit esel sjølv om det er lasta med gull.
Eit faktum kan vere rarare enn det oppdikta.*
Eit fint fjest kan løyne eit fråstøytande hjerte.
Eit flott fjes er eit tilrådingsbrev.
Eit fullt aks står bøygd; eit tomt aks står strakt.
Eit godt føredøme er den beste preika.
Eit hus i strid med seg sjølv kan ikkje stå.
Eit jorde blir utarma av stadig pløying, år ut og år inn.
Eit rote eple kan øydelegge mange fine.
Eit rotegg kan ikkje bli øydelagt to gonger.
Eit sikkert teikn på alderdom er einsemd.
Eit skite golv syner ein travel ovn.
Eit smart jakke er eit godt introduksjonsbrev.
Eit storarta mennesket mister ikkje barnehjertet sitt.
Eit stykke av gravplassen høver einkvar.
Eitt augevitne er nok betre enn ti falske rykte.*
Eitt vonde driv fram eit anna.
Ekteskap skjer ved lagnadens hjelp [trur mange].
Eld er ein god tenar men ein dårleg herre.
Eld og lin er ikkje samde.
Elden du tenner for fienden din, brenner ofte deg sjølv meir enn han.
Eldfluger skin berre når dei rører seg.
Elleve er ikkje eit dusin.
Enkel og naturleg i vogga, så søt ved bordet.
Er det din smigrar, kan det ikkje vere din venn.*
Er det gale å ete fanden, er det gale å drikke suppe på han.
Er du hane får du gale, er du høne, så legg egg.
Er ein om gongen er godt fiske; to om gongen gjer deg til gris.
Erfaring er ein kam som lagnaden gir mannen når alt håret hans er borte.
Erfaring er faren til visdom og minne er mora.
Erfaring utan lærdom er betre enn lærdom utan erfaring.
Eselet veit kven det skryt opp i fjeset på.
Et når du er svolten, drikk når du er tørst.
Et som du har lyst til; drikk med måte.
Et, drikk og ver glad, for i morgon kan kona di kome heim.
Etter flod følgjer fjøre.
Etter oss kjem syndefloden.
Etterlat feila dine med det gamle året, same kor kjære dei er.
Evne setter ein i stand til å nå toppen, men karakter held ein frå
å ramle ned. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||