![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||
|
FFakk først, heng sidan.- Catch before hanging.
Fakta er betre enn tankespinn.*
Falsk er ei nesle som stikk den som blandar seg.
Falsk er trusmørket.
Fanden kan sitere Skrifta til eigen fordel.
Fanden kjem aldri for seint til bussen.
Fanden passer alltid sine eigne saker.
Fanden står ved sida av den som ikkje gjør det grann.
Fanden tar vare på sine.
Fanden vernar sine.
Fangar du fisk, er du fiskar.
Fare er næraste nabo til tryggleik.
Farten hjelper ikkje den som drar feil veg.
Fattigdom i tryggleik er betre enn overflod midt i frykt og uvisse.
Fei for eiga dør for du feier for andre sine.
Fei først rundt eigen dørstokk.
Feil kan ein ikkje forsvare med mistak.
Fiaskoane dine kan bli suksessens vadesteinar.*
Fine ord skaper ikkje smør til kålen (Fagre ord gjør ikkje
kålen feit. - Norsk ordtak) (77).
Fisk eller snitt agn.
Fisk og gjestar luktar fælt etter tre dagar.
Fjeset er ei maske; sjå bakom den.
Fjeset viser litt av hugen, men utsjånaden kan bedra.*
Fjør for fjør blir gåsa plukka
Flid er suksessens husmor.
Flid fører til glede.
Folk slit ut helsa for å bli rike, og seinare bruker det dei har for å vinne
helsa attende.
For ein gut er det betre å vere ufødt enn ulært.
For ein som forstår, er berre få ord tiltrengt.
For kvar gås finst ein gasse.
For kvart vonde under sola finst det ei råd eller det finst ingen.
For kvart vonde under sola finst eit botemiddel eller slett ikkje.
For langt aust er vest.
For mange fingrar skjemmer terta.
For mange kokkar fordervar brygget.
For mye høfligheit blir for mye skikk og handverk.
For mye makt avlar mistenksomheit.
For mye merksemd på griseskinnet hjelper ikkje saueskinnet.
For mye velstand gjør dei fleste til tullingar. For mye velstand
gjør folk flest tullete.
For å sjå venleik lyt ein ha venleik i seg [i sjela].
For å unngå store feil, bli merksam på små feil [Jfr. Lao Tzu,
kap. xx]
For å vurdere ein kjenslene til ein annan, kom i hug dine eigne.
Forakt er beste svaret på misbruk [o.a.].
Forbanningar, som kyllingar, kjem heim for å vagle.
Fordelar blir til gift i dårlige sinn.
Forholda er nitti prosent av spelet.
Fornuft lykkast der makt sviktar.
Forretning er forretning, og elsk er elsk.
Fortene først og ønske sidan.
Fortviling er konklusjonen til stakkarar.*
Framsyn er betre enn ei skrekknatt.*
Framsyn er betre enn etterpåklokskap.
Framtida tilhører dei som bur seg på den.
Fredens kledning falmar aldri.
Fridomsmarka lyt ein no og då vinne centimeter for centimeter.
Frosten driv grisen heim.
Frukta fell ikkje langt frå treet [som regel].
Frykt er ein fin spore, og det er harme også
Fryktelige vonde krev fryktelige botemiddel.
Frå eitt tre kan ein få ein million fyrstikker, og ei fyrstikke kan rasere
ein million tre.
Frå gravplassen blir ingen brakt tilbake.
Frå små startar kom store ting.
Fråver dødar lett liten kjærleik men får større
kjærleik til å vekse.*
Fuglar med same fjørdrakt, flokkar seg.
Fugler med dei same fargane flokkar seg.
Følg dei få vise heller enn dei vulgære mange.
Følg ikkje så tett på sanninga at den sparkar ut tennene dine.
Før ein braser opp over annans feil, skal ein ta tid til å telle ti av dine
eigne.
Føredøme kan vere betre enn forskrift.*
Først byggje huset, og så plassere møblar.*
Først dit, først ekspedert.
Først ei dotter, så ein son, og familien er vel i gang.
Første forsøk er jamt vanskeligast.
Få det du kan, og det du får blir steinen som skaper om bly til gull i
deg.
Få nye venner men behald dei gamle.
Få ting er lette for dei uvillige.
Få trur det er menneskelig å feile og guddommelig å kysse og
smatte.*
Få vennskap kan overleve gullgåve.* BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20022007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||