![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||||
|
H
Ha det moro mens du lever, for du vil vere død i lang tid.
Ha mot til ikkje å ta til deg motet til ein annan.
Hadde ikkje bikkja stogga for å kvile, hadde den fanga kaninen.
Hald auga opne før ekteskapet, og lat dei vel att etterpå.
Hald deg ikkje med dårleg selskap så du ikkje får det til å
vekse.
Hald einkvar for fiende før han har prova han er venn.
Hald eit vennskap trygt ved ein reparasjonsmodus.*
Hald foten på merket.
Hald ingen for vellykka før døden.
Hald kvardagane ærlege, så blir det lett å halde kviledagen heilag.
Hald kyllingane dine i din eigen bakgård.
Haldbarheit må vere betre enn oppvisning.*
Haldninger provar ikkje noko som helst (cf 31).
Halen kan ikkje riste hunden.
Halvdelen av osten til kongen blir borte som avkutt.
Han brente si eiga blemme; la han no sitje på den.
Han skal ha ei lang skei som sit til middags med fanden.
Han som anklager alle dømmer berre ein.
Han som har kryssa elva veit kor djup den er.
Han som søkjer likskap skulle dra til kyrkjegarden. (Jf. I døden er vi alle lik.)
Handel blomstrar under uvisse omstende.
Hanreien er den siste som får vite om det.
Har ein inga hand, kan ein ikkje knyte neven.
Heile kunsten ligg i å gjere det beste ut av ein dårleg marknad.
Hell sukker og fløte over ei fluge, og det smakar ganske som
bjørnebær.
Heller bøyge nakken enn kveste panna.
Helvete er fylt av ofra for harmlaus leik.
Hendingar i kjømda kaster ofte skuggar framfor seg.
Hjertet har grunner som forstanden ikkje kjenner med.
Ho som er pen, er halvveges gift.
Hundar gler seg over å gøy og bite, for Gud har laga dei slik.
Hundar som drep sauer er vonde av seg.
Hundehuset er ikkje nokon stad å oppbevare pølser.
Hunden får ikkje brød kvar gong den lograr med halen.
Hunden har vendt attende til spyet sitt, og sugga som blei vaska rein, veltar seg i
gjerma
Hunden som ikkje bryr seg om at du plystar på den, duger nok ikkje.
Høflighet høver for dei danna og tjuvane kan ikkje vere utan.
Hør bevisa før du dømmer.
Håp det beste, men bu degg på det verste.
Håpet om vinst minskar pine. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||