![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||||
|
M
Makt skal ikkje vere noko vektig argument.*
Mang ein blomst er født til å raudne usett av folk.*
Mange er kalla, men få er utvalde (Bibelen).
Mange har blitt ruinert av for mange gode småkjøp.
Mange liker å forakte og forkleine det dei ikkje kan få.
Mange slags frukter veks på livstreet, men ingen så herlege som vennskap.
Mange vassdropar blir til eit heilt hav.
Mange vennar, få hjelparar.
Manndom er litt av ein strid, alderdom er å beklage.
Mannen som passar sine eigne saker, har vanligvis gode saker å passe.
Mannen tek ein drink og så tek drinken mannen.
Menn som har det med å love, har det også med å gløyme.
Menneska applauderer meir dei som øydelegg dei, enn dei som gjer vel mot
dei.
Menneska låser dørene sine mot sola som går ned
Menneska ottast døden slik som barn ottast å gå inn i
mørket.
Mildt lynne er som ein uanfekta flod.
Min venn er den som hjelper meg; men ikkje den som synest synd på meg.
Mindre sagt, meir gjort.
Mistenksamheit treng ikkje vere nokon feil, men å vise det kan vere ein stor
feil.
Mistru ein prærie-hund og fiks det* [Nyttig motto?].
Mistru og varsemd er tryggleiken sine foreldre.
Misunning er blind.
Misunning er ei form for ros.
Misunning er keivros.
Misunnt er betre enn å bli synst synd på.
Moderer begeistring med dømmekraft.
Morgonfuglen fangar makken.
Mot utan god oppførsel er som eit skip utan ballast.
Motgangen har ingen vennar.
Motgangen oppdagar dydar best.
Munnen til ein tosk fører han i undergangen.
Muntert selskap kortar kilometrane.
Mykje blir lett ved industri, mykje er vanskeleg ved dovenskap.*
Mørke dager og stormar får ein til å sette større pris på
solskin.
Målet sviktar utan måtar. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||