![]() |
Amerikanske ordspråk på norsk og engelsk | ||||||||||||||||||||
|
S
Same korleis De snittar det til, er det tøys og tull likevel.
Sammenlikningar gjer fiender av venner.
Samtykk i felles skikk og bruk, men ikkje felles dumskap.
Sank roseblad mens de kan.
Sanne venner polerer ikkje kvarandre.*
Sanninga er betre enn ei løgn.
Sant verd ligg i å vere, og ikkje i liksom.
Sei aldri ja berre for å glede andre.
Sei helst ingenting om fiendar av deg (Stuttta)
Seks fot jord gjer alle like.
Selskap i nøden får vanskar til å slakke taket.*
Send ein tulling til marknaden, og som tulling kjem han att.
Sett alltid bestefoten framst.
Sett ein frosk på gullkrakk, og vekk hoppar den for å kome til dammen sin
igjen [Det er klokt].
Sett førsteting først.
Sett ikkje foten så langt fram at du ikkje kan trekke den til deg igjen.
Silke og fløyel skal ein sløkke kjøkkenbrannen med.
Sinne dør kvikt i ein god mann.
Sit litt etter middagen og rusl ein tur etter kveldsmaten.
Sjukdommar er skatten på fornøyingar.
Sjølv den lengste dagen sluttar.
Sjølv den tristaste hunden lograr av og til.
Sjølv eit barn gir seg til kjenne ved kva det gjer.
Sjølv eit esel fell ikkje to gonger i same hengemyra.
Sjølv store bytter kan ein fylle ved småbekkar.
Sjå til at auga ikkje blir større enn magen.
Skal ein pløye ei snorrett fure, skal ein ikkje sjå seg attende.
Skandale skulle ein kunne gni av som søle når den blir tørr.*
Skikk og bruk overgår naturen.
Skikkar er den store guiden.
Skikkeleg innsats fører faktisk somme til framgang.*
Skit ser skitnast ut på den klaraste flekken.
Skit ser skitnast ut på reint, kvitt tøy.
Skiten flamme gir ikkje rein sveising.
Skitne hender gjer reine pengar.
Skryt ikkje av det før det er gjort.
Skryt ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva dagen vil bringe.
Sku ikkje det som brenn, med eit sverd.
Skuffelse skader meir enn smerte.
Skuld ikkje andre for feila i deg.
Skuldig hund bjeffar støtt.
Skyt ikkje før de ser det kvite i auget hans (ordre gitt under slaget ved Bunker
Hill i den amerikanske-revolusjonen).
Slik den gamle hanen gjel, lærer hanekyllingen å gale også.
Slutt å gjere vondt, lær å gjere gagn.
Slutten for tjuven brukte å vere galgen før.*
Slutten kronar all.
Slå ikkje vekk det skitne vatnet før du er rein.
Smak og behag har ikkje fasit (Men: Professor Hans Eysenck seier faktoren "smak" er eit
statisktisk gyldig fenomen).
Smartleik er tenleg til alt, men aleine er det ikkje nok til noko som helst.
Smiger gir ikkje smør til nepene.
Smiger skal ein lukte godt på men ikkje svelje, akkurat som parfyme (Shakespeare,
Henry V).
Små bekkar gjer store elvar.
Små gryter har store øyre.
Små økeshogg feller store eiketre.
Småfolk gler seg over å snakke om kva storfolk gjer.
Snakk når snakka til.*
Somme talar av erfaring; andre taler ikkje, av erfaring.
Somme toskar har lykka med seg.*
Son min er son min til han får seg ei kone; dotter mi er dotter mi så lenge
ho lever.
Sovande rev fangar ingen kyllingar.
Sovande rev fanger ingen eskimo [Det blir helst omvendt].*
Spar ved kanten [av bingen], ikkje på botnen.
Spark ikkje ein hund når han er nede.
Spedbarnet er mora sitt anker (forankring). [p Ap 17).
Spedbarnet som alltid blir bore, lærer ikkje å gå.
Stadige drypp slit vekk stein.
Start i tide for å avslutte utan hastverk.
Start ikkje å spare når alt du har att er ein tikrone.
Stille er beste svaret til dei dumme.
Stol ikkje på ein fiende sjølv når han fortel sanninga.
Stol ikkje på smigrande.
Stoltheita etteraper ofte audmjukna.
Stor fare avlar varsemd.
Storarta gjerningar er for store sjeler.
Storhende gir rom for store dyder og evner.
Storprosjekt kan våge meir; småbåtar lyt halde seg ved stranda.
Streik mens arbeidsgivaren har ein stor kontrakt.
Strev jamvel om du mislykkast med somt.*
Studer fortida for å gjette [prognostisere] framtida.
Større plikter vil seie større ansvar.
Stå opp tidleg, lev sobert, og ver flittig nok.*
Suksess treng aldri noka orsaking.
Suksess øydelegg ein tulling.
Sunn fornuft er geni i arbeidskleda.
Sunn fornuft er høgst uvanleg hos mange.
Svar ein tulling så det svarer til toskeskapen hans.
Svarte høns kan også legge kvite egg.
Sving ikkje på porten min om du ikkje liker den.
Svolten driv ulven ut av skogen.*
Syndene dine når deg nok før eller seinare.
Søk ikkje å bli trøsta så mykje som å trøste.*
Søppel inn, søppel ut (Søppel, garbage, er dataslang for
"tilrota innputt"). BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20022009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||