![]() |
Asbjørnsen og Moe | |||||
| 13 1 3 | ||||||
|
GrimsborkenDet var ein gong eit par rike folk som hadde tolv søner; men den yngste ville ikkje vere heime lenger då han var blitt vaksen; han ville ut og prøve lykka si i verda. Foreldra sa dei syntest han hadde det godt og vel heime, og at han gjerne kunne bli hos dei; men han hadde inga ro på seg; han ville og han skulle i vegen, og så måtte han då få lov. Då han hadde gått ei god stund, kom han til ein kongsgard. Der bad han om teneste, og det fekk han. Kongsdottera der i landet var teken inn i fjellet av eit troll, og kongen hadde ikkje fleire barn; derfor var både han og heile landet i stor sorg, og kongen hadde lovt ut kongsdottera og halve riket til den som kunne frelse henne; men det var ingen som kunne det, enda det var nok av dei som prøvde på. Då no guten hadde vore der eit års tid eller så, ville han heim att og høyre til foreldra sine; men då han kom heim, hadde foreldra døydd, og brørne hadde delt alt dei åtte og hadde, mellom seg så det ikkje var noko att til guten. "Kven kunne vite at du var til enno, som har rangla og flakka slik omkring?" svara brørne. "Men det er det same: oppe i heiane går det tolv hoppar, dei har vi ikkje delt enno, og vil du ha dei for din del, kan du ta dei." Ja, det var guten vel nøgd med; han takka til, og la av stad opp i heiane der dei tolv hoppene gjekk på hamn [1 beitemark]. Då han kom dit opp og fann dei, hadde kvar sin sugefole, og med den eine hoppa gjekk ein stor borkete [2 gulbleik el. kvitgul med litt raudfarge i.] folunge; den var i slikt hald at det skein i den.
"Du er vakker du, vesle folungen min!" sa guten. "Ja, men vil du slå i hel dei andre folungane så eg kan få suge alle hoppene eitt år, skal du sjå eg skal bli stor og vakker då!" sa folen. Ja, det gjorde guten, han slo i hel alle tolv folane, og gjekk så heim att. Då han så kom att neste året og skulle sjå til folen og hoppene, var folen så feit så feit at det glinsa i huda på den, og så stor var den at guten med nød kunne kome opp på den; og alle hoppene hadde fått kvar sin folunge att. "Ja, det er sant at eg fekk lide for det eg let deg suge alle hoppene mine," sa guten til eittåringen; "men no er du stor nok, no får du vere med meg." "Nei, eg får gå her eitt år til," sa folen; "slå i hel dei tolv folungane, så kan eg suge alle hoppene dette året også; så skal du sjå eg skal bli stor og vakker til sommaren!" Ja, det gjorde guten att. Og då han kom opp i heiane det andre året og skulle sjå til folen sine og hoppene sine, hadde kvar hoppe sin folunge på nytt; men borkenfolen var så stor at guten slett ikkje nådde opp då han ville ta i nakken på den for å kjenne kor feit den var, og så blank var den at det lyste av den. "Stor og vakker var du i fjor, folen min, men i år er du enda gildare," sa guten; "slik hest finst ikkje i kongsgarden. Men no får du vere med meg." "Nei," sa borken att, "eg får gå her enda eit år. Slå no berre i hel dei tolv folungane att så eg kan suge hoppene dette året også, så skal du få sjå meg til sommaren!" Ja, guten gjorde det også: han slo i hel alle folungane, og så gjekk han heim att. Men då han kom att neste året og skulle sjå til borkenfolen og hoppene, blei han reint fælen. Så stor og grovvaksen hadde han aldri trutt hest kunne bli; for Borken måtte leggje seg ned på alle fire før guten kunne ta opp på den; han hadde nok med å kome opp på den, enda den låg, og så smekkfeit var den at det glinsa og skein i den som i ein spegel. Og denne gongen var ikkje Borken uvillig til å følgje med guten. Han sette seg då opp på den, og då han kom ridande heim til brørne sine, slo dei hendene i hop og krossa seg, for slik hest hadde dei verken sett eller høyrd tale om. "Dersom de no vil skaffe meg så god skoning under hesten, og så gild sal og beksel som kan lagast," sa guten, "så skal de få alle tolv hoppene mine, slik som dei står og går oppe i heiane, og dei tolv folungane deira også," - det året hadde også kvar hoppe fått ein fole. Det ville brørne gjerne, og så fekk guten slik skoning [3 jernbeslag] under hesten at steinsplintane flaug i lufta når han rei bortover fjellheiane, og slik gullsal og slikt gullbeksel fekk han at den lyste og blinka lang vegen av det. "No reiser vi til kongsgarden!" sa Grimsborken - det var namnet til den; "men kom vel i hug å be kongen om godt stallrom og godt fôr til meg." Ja, det lovde guten han ikkje skulle gløyme. Han rei av garde, og ein kan nok vite han ikkje var lenge om å kome til kongsgarden, slik hest som han hadde. Då han kom der, stod kongen ute på trammen, og han glante og glodde på han som kom ridande. "Nei, nei!" sa han, "slik kar og slik hest har eg aldri sett i mitt levande liv før." Og då guten spurde om han kunne få teneste i kongsgarden, blei kongen så glad at han var ferdig til å danse, der han stod på trammen; det kan vel hende at han skulle få teneste. "Ja, men godt stallrom og forsvarleg fôr vil eg ha til hesten min," sa guten. Ja, han skulle få vollhøy og havre, så mykje Borken ville ha; og alle dei andre riddarane måtte ta hestane sine ut av stallen, der skulle Grimsborken stå aleine så den kunne ha retteleg godt rom. Men det varte ikkje lenge før dei andre i kongsgarden blei misunnelege på guten, og dei visste ikkje alt det vonde dei ville gjere han, når dei berre torde. Til sist fann dei på å seie til kongen at han hadde sagt seg god for å frelse kongsdottera som trollet hadde teke inn i berget for lang tid sia, om han berre ville. Straks kalla kongen han fram for seg, og sa at det og det visste han guten hadde sagt seg god for, og no skulle han gjere det. Kunne han, så visste han at kongen hadde lovt ut både dottera og halve riket, og det skulle han rett og reieleg få, men kunne han ikkje, skulle han drepast. Guten nekta at han hadde sagt det, men det hjelpte ikkje. Kongen ville ikkje høyre på det øyret, og så var det ikkje anna råd enn at han måtte seie han fekk vel prøve. Han gjekk då ned i stallen, og stur og lei seg var han. Så spurde Grimsborken kva han var så sturen for. Det fortalde guten, og sa han ikkje visste korleis han skulle stelle seg, "for å frelse kongsdottera, det er vel rein uråd det," sa guten. "Å, det kunne vel la seg gjere," sa Grimsborken; "eg skal hjelpe deg. Men vel skodd må du få meg først. Du må forlange ti kilo jern og seks kilo stål til skoning, og éin smed til å smi og éin til å leggje under." Ja, det gjorde guten, og det blei ikkje svara nei til det: han fekk både jernet og stålet og smedane, og så blei Grimsborken skodd godt og vel, og guten ut av kongsgarden så gyven stod etter. Men då han kom til berget som kongsdottera var teke inn i, så gjaldt det å kome opp etter bergveggen og dit han skulle inn i fjellet, for berget stod ende opp og ned nesten så bratt som ein stuevegg og så glatt som ei glasrute. Første gongen guten rei i vegen, kom han nok eit stykke opp etter fjellveggen, men så glei Borken med begge framføtene, og dei ned att så det dundra i heia. Andre gongen han rei, kom han eit stykke lenger opp, men så glapp den eine framfoten, og ned bar det som du skulle høyrt eit jordskred. Men tredje gongen sa Borken: "No får vi prøve oss!" Og så sette han i vegen så steinen spruta himmelhøgt om dei, og så kom dei opp; guten rei inn i fullt firsprang, nappa kongsdottera opp på salknappen, og ut att før trollet kom seg til så mykje som å reise seg - og så var kongsdottera frelst. Då guten kom tilbake til kongsgarden, var kongen både glad og velnøyd med at han hadde fått att dotter si; men korleis det var eller ikkje var, så hadde dei andre i kongsgarden fått stelt opp kongen så han var harm på guten likevel. "Takk skal du ha for du har frelst dotter mi," sa han til guten då han kom inn på slottet med henne; og så ville han gå sin veg. "Ho skulle vere mi, likså vel som di no, for du er vel ordhalden mann," sa guten. "Ja, ja," sa kongen, "ha henne skal du sia eg har sagt det; men først skal du skaffe sola til å skine inn her i kongsgarden." For det var eit stort, høgt fjell like utafor vindauga. Det stod og skygt såg sola ikkje kunne skine inn. "Det stod nok ikkje i avtalen det," svara guten; "men det hjelper vel inga bøn, eg får vel prøve min beste; for kongsdottera vil eg ha." Han ned til Borken att, og fortalde kva kongen forlangte, og så meinte Grimsborken at det vel var råd; men ny skoning måtte under han først, og den skulle det ti kilo jern og seks kilo stål til; to smedar måtte det også til, éin til å smi og éin til å leggje under. Så skulle dei vel få sola til å skine i kongsgarden. Då guten forlangte dette, fekk han det med ein gong; den syntest kongen for skam skuld ikkje han kunne nekte han; og så blei det då lagt ny skoning under Grimsborken, og det skoning som dugde. Guten sette seg på, og så bar det vel i vegen att, og for kvart hopp Grimsborken gjorde, sokk fjellet ni meter ned i jorda, og slik heldt dei på til kongen ikkje kunne sjå meir til fjellet. Då guten kom ned att i kongsgarden, spurde han kongen om ikkje kongsdottera skulle vere hans no heller, for no visste han ikkje anna enn at sola skein i slottet, sa han. Men så hadde dei andre i kongsgarden stelt opp kongen att, og så svara han at guten nok skulle få henne, han hadde aldri anna tenkt, men først skulle han skaffe henne så gild brudehest som han hadde brudgomshest. Guten sa at det hadde kongen aldri talt om før, og no syntest han at han hadde fortent kongsdottera; men kongen blei ved sitt, og dersom guten ikkje kunne det, skulle han miste livet attpåtil, sa kongen. Guten gjekk ned i stallen att, og sturen og ille ved var han, det kan du nok vite. Der fortalde han til Grimsborken at no hadde kongen forlanga at han skulle skaffe kongsdottera så gild brudehest som han hadde brudgomshest, elles skulle han miste livet. "Det blir ugreitt nok, tenkjer eg," sa han, "for maken din finst vel ikkje i verda." "Å jo, det er maken til meg," svara Grimsborken; "men lett blir det ikkje å få den; den er i helvete den. Men vi får vel prøve. No skal du gå opp til kongen og forlange ny skoning under meg, og til den må det ti kilo jern og seks kilo stål att, og to smedar, éin til å smi og éin til å leggje under. Men sjå vel til at hakkene og greva blir riktig kvasse. Og tolv tønner rug og tolv tønner bygg og tolv okseskrottar må vi ha med oss; og tolv oksehuder med tolv hundre spikrar i kvar må du også forlange. Alt det må vi ha, og i tillegg ei tjøretønne med tolv tønner tjøre i." Guten gjekk opp til kongen og forlangte alt Grimsborken hadde sagt, og kongen syntest no igjen det var skam å nekte han det, og så fekk han det alt i hop. Så sette guten seg opp på Grimsborken og rei av garde, og då han så hadde ridd langt, langt bort over berg og heiar, spurde Borken: "Høyrer du noko?" "Ja, det suser så fælt oppi lufta; eg meiner eg blir redd, eg," sa guten. "Det er alle dei ville fuglane i skogen som kjem flygande; dei er sende ut for å stoppe oss," sa Grimsborken. "Men skjer hòl på kornsekkene du, så får dei så mykje å stime med at dei gløymer oss." Ja det gjorde guten, han skar hòl på kornsekkene så byggen og rugen rann utover til all sider. Så kom alle dei ville fuglane i skogen så tjukt at det svartna for sola; men då dei fekk sjå kornet, så kunne dei ikkje berge seg, men slo seg ned og tok til å hakke og pikke opp kornet og rugen, og til sist rauk dei i hop og slost seg imellom. Guten og Grimsborken gjorde dei ikkje noko, dei gløymde dei reint. No rei guten igjen både langt og lenge, over berg og dalar, over åsar og moar. Så la Grimsborken til å lytte att, og så spurde den guten om han høyrde noko no. "Ja, no høyrer eg det brakar så stygt i skogen på alle kantar; eg meiner eg blir redd no," sa guten. "Det er alle dei ville dyra i skogen, det," sa Grimsborken; "dei er sende ut for å stoppe oss. Men kast berre ut dei tolv okseskrottane, så har dei nok å gjere med dei, og så gløymer dei oss." Ja, guten kasta ut okseskrottane, og så kom alle dei ville dyra i skogen, både bjørn og ulv og løve og alle slags fæle dyr. Men då dei fekk sjå okseskrottane, rende dei i hop og slost om dei så blodet rann, og guten og Grimsborken gløymde dei reint. Så rei guten bortover att, det var mange, mange blånar, for med Grimsborken gjekk det ikkje seint. Så kneggja Borken. "Høyrer du noko?" sa han. "Jo, eg høyrer liksom ein folunge kneggje så grant, langt, langt borte," svara guten. "Det er nok ein vaksen folunge det," sa Grimsborken; "det høyrest så grant, av di han er så langt frå oss." Så reiste dei eit godt stykke, ein blåne eller vel så det, att. Så kneggja Grimsborken på nytt. "Høyrer du noko no?" sa han. "Ja, no høyrde eg tydeleg det kneggja som ein vaksen hest," svara guten. "Ja, du får nok høyre den éin gong til," sa Grimsborken, "då skal du høyre det er mål i den." Dei reiste ein blåne eller vel så det att, så kneggja Grimsborken tredje gongen; men før den fekk spurt guten om han høyrde noko, så kneggja det borti heia så guten tenkte at både berg og fjell skulle rivne. "No er den her," sa Grimsborken. "Skund deg no og kast over meg oksehudene med spikrane i, og tjøretønna kastar du bortetter bakken; kliv så opp i den store grana der. Når den kjem, sprutar den varme ut av begge nasebora, og så tek det fatt i tjøretønna. Legg så vel merke til at dersom logen stig, så vinn eg: men dersom den fell, så taper eg. Men ser du eg vinn, så kastar du på bekselet - det må du ta av meg; og så er den spak." I det same guten hadde fått kasta spikarhudene over Grimsborken og tjøretønna bortover bakken og vel var komen opp i grana, så kom det ein hest så varmen spruta av den, og så flaug det eld i tjøretønna med det same; og den andre hesten og Grimsborken til å slåst så steinar dansa himmelhøgt. Dei beit og dei slo både med framføtene og med bakføtene, og somtid såg guten på dei, og somtid såg han på tjøretønna, men til sist steig logen; for alt den andre hesten beit og slo, så trefte den spikarhudene, og så måtte den gi seg. Då guten såg det, var han ikkje sein om å kome ned av treet og få kasta bekselet på den, og då var den så spak at han kunne styrt den med ein tvinnetråd. Den hesten var også borkete, og så lik Grimsborken at ingen kunne skilje den eine frå den andre. Guten sette seg opp på den borkete hesten han hadde fanga, og rei heim att til kongsgarden, og Grimsborken sprang med laus. Då han kom der, stod kongen ute på tunet. "Kan du no seie meg kva for ein hest eg har fanga, og kva for ein eg hadde før?" sa guten. "Kan du ikkje det, så meiner eg dotter di høyrer meg til." Kongen gjekk og såg på begge Borkane, både høgt og lågt, både framme og bak, men det var ikkje eit hår annleis på den eine enn på den andre. "Nei," sa kongen, "det kan eg ikkje seie deg; og sia du har skaffa dotter mi så gild brudehest, skal du ha henne. Men eitt må vi prøve først: om det er så laga. No skal ho først gøyme seg to gonger," sa han, "og sia skal du gøyme deg to gonger. Dersom du kan finne henne dei gongene ho har gøymt seg, men ikkje ho finn deg i gøymestaden din, så er det så laga, og så skal du ha kongsdottera." "Det var no ikkje med i avtalen, det heller," sa guten; "men vi får vel prøve, sia det så skal vere," og så skulle kongsdottera til å gøyme seg først. Ho skapte seg til ei and, og låg og sumde på vatnet som var tett utafor kongsgarden. Men guten gjekk berre ned i stallen og spurde Grimsborken kor ho hadde gjort av seg. "Å du treng berre ta børsa di og gå ned til dammen og sikte på den anda som ligg og sym der," sa Grimsborken, "så kjem ho nok fram att." Guten nappa børsa og la ned til vatnet, han. "Eg vil nok klemme på denne anda, eg," sa han, og gav seg til å sikte på den. "Nei, nei, kjære vene, skyt ikkje! det er meg," sa kongsdottera. Så hadde han funne henne den gongen. Andre gongen skapte ho seg til eit brød og la seg på bordet mellom fire andre; og så lik var ho dei andre brøda at ingen kunne skilje dei frå kvarandre. Men guten gjekk ned i stallen til Grimsborken att, og sa at no hadde kongsdottera gøymt seg, og han visste slett ikkje kor det var blitt av henne. "Å, ta berre og bryn ein dyktig brødkniv, og lat som du vil skjere tvert igjennom det tredje brødet frå venstre hand av dei fem brøda som ligg på kjøkkenbordet i kongsgarden, så kjem ho nok fram att," sa Grimsborken. Ja, guten opp i kjøkkenet og til å bryne den største brødkniven han kunne finne, greip så det tredje brødet frå venstre hand og sette kniven på det, som han ville skjere det tvert igjennom. "Eg vil ha meg ein skalk av dette brødet," sa han. "Nei, kjære vene, skjær ikkje! Det er meg!" sa kongsdottera att, og så hadde han funne henne andre gongen også. Så skulle han til å gøyme seg; og Grimsborken sa han så vel føre at han ikkje var god å finne att. Først skapte han seg til ein klegg og gøymde seg i det venstre nasebora til Grimsborken. Kongsdottera gjekk og leita og snuste allstad, både høgt og lågt, og så ville ho inn i båsen til Grimsborken også; men han til å bite og slå om seg, så ho ikkje torde våge seg til, og så kunne ho ikkje finne han. "Ja, sia eg ikkje kan finne deg, så får du kome fram igjen av deg sjølv," sa ho, og straks stod guten der på stallgolvet. Andre gongen sa Grimsborken igjen kva han skulle gjere seg til, og denne gongen skapte han seg til ein jordklump og sette seg mellom hoven og skoen på den venstre framfoten til Borken. Kongsdottera gjekk og leita og leita att, både ute og inne, og til sist kom ho då i stallen og ville inn i båsen til Grimsborken. Ja, denne gongen let han henne kome opp til seg; og ho snuste både høgt og lågt; men under hovane kunne ho ikkje kome, han stod for fast på beina til det, Grimsborken; og så kunne ho ikkje finne guten. "Ja, så får du kome fram att av deg sjølv då, sia eg ikkje kan finne deg," sa kongsdottera, og i det same stod guten ved sia av henne på stallgolvet. "Ja, no er du mi," sa guten til kongsdottera, "for no kan du sjå det er så laga," sa han til kongen. "Ja, er det så laga, så får det så bli," sa kongen.
Det blei laga til bryllaup både vel og snart, og guten sette seg på Grimsborken, og kongsdottera på maken hans; så du kan nok vite dei ikkje var lenge om kyrkjevegen.
LurvehetteDet var ein gong ein konge og ei dronning som ingen barn fekk, og det var dronninga så sørgmodig for at ho nesten ikkje hadde ein glad time. Støtt og stadig klaga ho over at det var så audsleg og stilt i kongsgarden. "Hadde vi berre barn, så blei her nok liv," sa ho. Kor ho reiste i heile riket sitt, så fanst det Guds velsigning av barn, sjølv i den fattigaste stua; og kor ho kom, så høyrde ho at kjerringa i huset skjente på ungane, og sa at no hadde dei gjort det og det gale att; denne syntest dronninga var morosamt, og det hadde ho lyst til å gjere etter. Til sist tok kongen og dronninga til seg eit fremmendt lite jentebarn. Henne ville dei ha hos seg i kongsgarden og oppsede, og henne ville dei skjenne på som sitt eige. Ein dag sprang den vesle jomfrua dei hadde teke til seg, nede i garden framfor slottet og leika med eit gulleple. Så kom det ei fattigkjerring rekande; ho hadde også ei lita jente med seg, og det varte ikkje lenge, så var jentungen og den vesle jomfrua gode venner og gav seg til å leike saman og trille gulleplet mellom seg. Dette såg dronninga som sat oppi vindauget på slottet. Så pikka ho på ruta at fosterdottera skulle kome opp. Ho gjorde det, men fattigjenta blei med, og då dei kom inn i salen til dronninga, heldt dei kvarandre i handa. Dronninga skjente på den vesle jomfrua; "det er ikkje for deg å springe og leike med ein fillete tiggarunge," sa ho, og ville jage jentungen ned att. "Visste dronninga kva mor mi kan, så jaga ho meg ikkje," sa den vesle jenta. Og då dronninga spurde henne nøyare ut, fortalde ho at mor hennar kunne skaffe dronninga barn. Det ville ikkje dronninga tru, men jenta blei ved sitt og sa at det var sant kvart ord, og at dronninga berre skulle prøve å få mor hennar til. Så lèt dronninga den vesle jenta gå ned etter henne. "Veit du kva dotter di seier," spurde ho kjerringa, då ho kom innafor døra. Nei, det visste tiggarkjerringa ikkje. "Ho seier du kan skaffe meg barn om du vil," sa dronninga. "Det er ikkje for dronninga å høyre etter det ein fattigunge finn på," sa kjerringa og strauk ut att. Dronninga blei vond og ville til å jage den vesle jenta att, men ho stod på sitt, at det var sant kvart ord ho hadde sagt. "Dronninga skulle berre skjenkje mor mi så ho blei lystig, så visste ho nok råd," sa jentungen. Det ville dronninga prøve. Fattigkjerringa blei henta opp éin gong til og blei traktert både med vin og mjød, så mykje ho ville ha, og då varte det ikkje lenge før ho fekk tunga på gli. Så kom dronninga igjen fram med spørsmålet sitt. "Ei råd veit eg vel," sa fattigkjerringa. "Dronninga skal la bere inn to kar med vatn ein kveld ho vil leggje seg. I dei skal ho vaske seg og sia slå dei inn under senga. Når ho ser under den om morgonen, er det vakse opp to blomster, ein vakker og ein stygg. Den vakre skal ho ete, den stygge skal ho la stå. Men gløym ikkje det siste!" sa fattigkjerringa. Ja, dronninga gjorde som kjerringa hadde rådd henne; ho lèt vatnet bere opp i to kar, vaska seg i vatnet og slo det under senga, og då ho såg etter om morgonen, stod det to blomster der. Den eine var stygg og fæl og hadde svarte blad, men den andre var så lysleitt og vakker at ho aldri hadde sett maken til den, og den åt ho straks. Men den vakre blomen smakte så godt at ho ikkje kunne berge seg: ho åt den andre også. - "Det kan vel ikkje gjere noko frå eller til," tenkte ho. Om ei tid kom dronninga i barselseng. Først fødde ho eit jentebarn som hadde ei sleiv i handa og rei på ein bukk. Stygg og fæl var ho, og med det same ho kom til verda, ropte ho: "Mor!" "Er eg mora di, så Gud trøyste og bere meg!" sa dronninga. "Sørg ikkje for det, det kjem snart éi etter som er vakrare," sa ho som rei på bukken. Om litt fekk dronninga eit lite jentebarn til; det var så vakkert og vent at aldri hadde nokon sett så vakkert eit barn; og henne kan ein nok vite dronninga var glad i. Den eldste kalla dei Lurvehette, av di ho var fæl og lurvete og hadde ei heitte som hang i tafsar omkring hovudet. Henne ville dronninga nødig sjå, og jentene prøvde stengje henne inn i eit anna rom; men det nytta ikkje, der den yngste var, der ville ho også vere, og aldri kunne dei få skilt dei frå kvarandre. Då dei begge var halvvaksne, var det ein julekveld det blei slikt forferdeleg ståk og styr på svala utafor stua til dronninga. Lurvehette spurde kva det var som knarta og ramla ute på svalgangen. "Å det er aldri verdt å spørje om den," svara dronninga, men Lurvehetta gav seg ikkje, ho ville endeleg ha greie på det, og så fortalde då dronninga at det var trollkjerringane som heldt juleleik der ute. Lurvehette sa at ho ville ut og jage dei, og alt dei bad henne om å la det vere, så hjelpte det ikkje, ho ville ut og ho skulle ut og jage trollkjerringane; men ho bad at dronninga skulle halde alle dørene stengde så ikkje ei einaste kom så mykje som på gløtt ein gong, sa ho. Så sette ho ut med sleiva si, og til å jage og feie trollkjerringane, og då blei det ein rammel utpå svalgangen som du aldri skulle høyrt maken til; det knaka og braka som om stokkelaga skulle ryke av i kvart laft. Men korleis det var eller ikkje, så kom den eine døra litt på klem likevel, og så ville systera gløtte ut og sjå korleis det gjekk med Lurvehette, og stakk hovudet ut gjennom dørsprekken. Husj! så kom det ei trollkjerring, tok hovudet av henne og sette eit kalvehovud i staden, og straks tok kongsdottera til å gå innpå golvet og raute. Då Lurvehette kom inn att og fekk sjå systera, skjente ho og var sint fordi dei ikkje hadde passa likare på henne og spurde om dei syntest det var betre at systera var blitt til ein kalv. "Men eg får vel frelse henne," sa ho. Ho forlangte av kongen eit skip som var vel rusta og fullt ferdig; men styrmann og mannskap ville ho ikkje ha, ho ville segle av stad med systera aleine, og det måtte dei til sist la henne få lov til. Lurvehette seglde bort og styrte like til det landet trollkjerringane budde i, og då ho hadde kome til brygga, sa ho til systera at ho skulle bli på skipet og halde seg ganske stille der; men sjølv rei Lurvehette på bukken opp på trollkjerringslottet. Då ho kom der, var det eine sal-vindauget ope, og der såg ho hovudet til systera stod i vindaugskarmen. Så rei ho i fullt sprang inn i svalgangen og nappa hovudet og sette av stad med det. Trollkjerringane etter og ville ta att hovudet, og dei var om henne så tjukt at dei yrte og krydde; men bukken puffa og stonga med horna, og sjølv slo og daska ho med sleiva, og så måtte trollkjerringflokken gi seg. Og Lurvehette kom ned på skipet att, tok kalvehovudet av systera og sette hennar eige hovud på i staden så systera blei til menneske som før; og så seglde ho langt, langt bort til eit fremmendt kongerike. Kongen i det riket var enkjemann og hadde berre ein einaste son. Då han fekk sjå det fremmende skipet, sende han bod ned til stranda for å få vite kor det var frå, og kven det var som åtte det; men då folka til kongen kom dit ned, såg dei ikkje ei levande sjel på skipet utan Lurvehette - ho rei rundt omkring på dekket, fram og tilbake på bukken, så hårtafsane stod om hovudet på henne. Folka frå kongsgarden var reint opp i under over dette synet, og spurde om det ikkje var fleire om bord. Å jo, ho hadde ei syster med seg, sa Lurvehette. Henne ville då folka sjå, men Lurvehette sa nei; "henne får ingen sjå, om ikkje kongen kjem sjølv," sa ho, og rei omkring på bukken så det dundra i dekket. Då no tenarane kom tilbake til kongsgarden og fortalde om det dei hadde sett og høyrt nedpå skipet, ville kongen straks i vegen og sjå henne som rei på bukken. Då han kom, leidde Lurvehette ut systera, og ho var så vakker og så ven at kongen blei reint forgapt i henne der han stod. Han tok dei begge med seg opp på slottet, og systera ville han ha til dronning, men Lurvehette svara nei, henne kunne kongen ikkje få på nokon måte utan at kongssonen ville ha Lurvehette. Det kan du vite kongssonen nødig ville, så stygt eit troll som Lurvehette var; men så lenge talte kongen og alle i kongsgarden for han, til han endeleg gav seg og lovde han skulle ta henne til dronning, men nødig gjorde han det og sturen [1] var han. Så blei det laga til bryllaup både med brygg og med bakst, og då alt var ferdig, skulle dei reise til kyrkje; men kongssonen syntest det var den tyngste kyrkjevegen han hadde reist i heile sitt liv. Først køyrde no kongen med bruda si; ho var så vakker og så gild at alle folk stansa og såg bortover vegen etter henne så lenge dei kunne øygne henne; baketter kom kongssonen ridande ved sia av Lurvehette, ho trava av stad på bukken med kokkesleiva i neven, og han såg meir ut som han skulle fare til likferds enn at han rei i sitt eige bryllaupsfølgje; så sørgmodig såg han ut, og ikkje eit ord talte han. "Korfor taler du ikkje?" spurde Lurvehette då dei hadde ridd eit stykke. "Kva skal eg tale om?" svara kongssonen. "Du kan jo spørje korfor eg rid på den stygge bukken," sa Lurvehette. "Korfor rid du på den stygge bukken?" spurde kongssonen. "Er det stygg bukk? Det er den gildaste hesten nokon vil ri brud på," svara Lurvehette, og med det same blei bukken til ein hest, og det til den staselegaste som kongssonen hadde sett i alle sine dagar. Så rei dei eit stykke att, men kongssonen var like sturen og kunne ikkje få fram eit ord. Så spurde Lurvehette att korfor han ikkje talte, men kongssonen svara at han ikkje visste kva han skulle tale om; så sa Lurvehette: "Du kan jo spørje korfor eg rid med denne stygge sleiva i neven." "Korfor rid du med den stygge sleiva?" spurde kongssonen. "Er det stygg sleiv? Det er den finaste sølvvifta nokon vil stå brud med," sa Lurvehette, og med det same blei sleiva til ei sølvvifte så blank at det skein i den. Så rei dei enda eit stykke, men kongssonen var like sturen og sa ikkje eit ord. Om litt spurde Lurvehette igjen korfor han ikkje talte, og denne gongen sa ho at han skulle spørje, korfor ho hadde den stygge grå hetta på hovudet. "Korfor har du den stygge grå hetta på hovudet?" spurde kongssonen. "Er det stygg hette? Det er jo den blankaste gullkrona noka brud vil bere," svara Lurvehette, og med det same var den det. No rei dei ei lang stund att, og kongssonen var sturen og sat der utan mål og mæle liksom før. Så spurde bruda hans igjen korfor han ikkje talte, og bad han spørje korfor ho var så grå og stygg i ansiktet. "Ja, korfor er du så grå og stygg i ansiktet?" spurde kongssonen. "Er eg stygg? Du synest systera min er vakker, men eg er ti gonger vakrare," sa bruda, og då kongssonen såg på henne, var ho så vakker at han syntest det ikkje kunne vere så vakker ei jomfru i verda. Då kan det vel hende at kongssonen fekk munnen på gli og ikkje lenger rei og hang med hovudet. Så drakk dei bryllaup både vel og lenge, og sia reiste både kongen og kongssonen kvar med si brud til far til kongsdøtrene, og der drakk dei bryllaup på nytt lag så det ingen ende ville ta. Skundar du deg til kongsgarden, så er det kanskje igjen ei drope av bryllaupsølet enno. Ord
|
|
|
|
© 20082011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |