NORSK DEL, GULLVEKTA

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA

Det har inga nød med den som alle kvinnfolk er glad i

Det var ein gong tre brør; eg veit ikkje riktig korleis det hadde gått til, men dei hadde fått kvar sitt ønske så dei kunne få ein ting, kva dei ville. Dei to tenkte seg ikkje lenge om: dei ønskte seg at kvar gong dei stakk neven i lomma, skulle dei gripe i pengar støtt, "for når ein har så mange pengar ein vil, kjem ein alltid fram i verda," sa dei. Men den yngste visste å ønskje det som betre var; han gjorde det ønsket at alle kvinnfolk skulle bli glade i han berre dei såg han: det var betre enn både gods og pengar.

Då dei no hadde gjort ønska sine, ville dei to ut i verda, og Oskeladden bad då om ikkje han kunne få vere med; men det ville dei på ingen måte. "Kor vi kjem hen, så blir vi mottekne som grevar og kongssøner," sa dei; "men du, din svoltne stakkar, som ikkje har noko og ikkje får noko, trur du nokon bryr seg om deg?"

"Men eg kunne vel få lov til å vere i følgje med dykk likevel," sa Oskeladden; "det kunne vel falle av ein steikjebete til meg også når eg var i følgje med så høge herrar."

Langt om lenge skulle han då få bli med dei dersom han ville vere tenaren deira; for elles ville dei slett ikkje vite av han.

Då dei no hadde reist ei dags tid eller bortimot det, kom dei til ein gjestgivargard; der tok dei inn, dei to som hadde pengar, og forlangte både steik og fisk, både brennevin og mjød, og alt som godt var, mens Oskeladden skulle passe på alt som høyrde dei to storkarane til.

Men som han gjekk der fram og tilbake og sveiv ute i garden, kom gjestgivarkona til å sjå ut gjennom ruta, og så fekk ho sjå tenaren til dei to høge herrane, og så vakker ein fyr syntest ho aldri ho hadde sett for sine auge før; ho såg og ho såg på han, og dess lenger ho såg, dess vakrare syntest ho guten var.

"Kva i fandens skinn og bein er det du står der borti vindauget og glanar og glor etter?" sa mannen hennar, "det var likare du såg etter at grisen blei klipt enn du står der og heng; du ser kva for nokre folk som er hos oss i dag, veit eg."

"Å, eg bryr meg om det storskrapet eg!" sa kjerringa; "vil dei ikkje bli, kan dei reise dit dei kom frå. Men kom hit, skal du få sjå ein som går her ute på garden! Så vakkert eit menneske har eg aldri sett i mitt liv før. Vil du som eg, så ber vi han inn og trakterer han litt; for han har nok ikkje mykje å fikte med, stakkar."

"Har du mista den vesle vettsmulen du hadde også no, kjerring," sa mannen, - han blei så sint at det gnistra av han. "Fort ut i kjøkkenet med deg og få på peisen, og stå ikkje her og glo etter fremmende karar!"

Det var då ikkje anna å gjere for kona enn å gå ut i kjøkkenet og stelle med maten. Guten fekk ho ikkje lov å sjå på, og traktere han torde ho no enda mindre. Men aller best ho stod i kjøkkenet og sette steikjegrisen på spettet, gjorde ho seg eit ærend ut i garden, og så gav ho Oskeladden ei saks som var slik at berre han klipte i lufta med den, skar den til dei staselegaste kleda nokon kunne sjå, både av silke og fløyel og alt det som gildt var. "Den skal du ha, fordi du er så vakker," sa kona.

Då no dei to brørne vel hadde fått til livs alt det som godt var, både av klipt og brast, ville dei av stad att, og Oskeladden stod bak på vogna og var tenaren deira, og så reiste dei på nytt eit godt stykke, så kom dei til ein gjestgivargard att. Der ville brørne innom, men Oskeladden, som ingen pengar hadde, ville dei ikkje ha med inn; han skulle stå att ute og passe på alt som høyrde dei til; "og spør nokon deg kven du er tenar hos, så sei det er to fremmende kongssøner," sa dei.

Men så gjekk det like eins som førre gongen. Mens Oskeladden stod ute på garden og hang, kom gjestgivarkona bort i vindauget og fekk sjå han og så blei ho like borte i han ho som den første gjestgivarkona, og ho stod og såg og såg, og aldri kunne ho få sett seg mett på han. Så kom mannen hennar setjande gjennom rommet med noko dei to kongssønene hadde forlangt.

"Stå ikkje der og glo som ei ku på ei låvedør, men kom ut i kjøkkenet til fiskegryta di, kjerring," sa mannen; "du ser kva for nokre folk som er hos oss i dag, veit eg."

"Eg bryr meg ikkje om det storpakket eg!" sa kona; "vil dei ikkje ha det dei får, kan dei ta det dei hadde med seg. Men kom hit du også, skal du få sjå; så vakkert eit menneske som han der ute på garden har eg aldri sett i verda før. Vil du som eg, så ber vi han inn og trakterer han litt; han ser ut til å trenge det, stakkaren! Og så inderleg vakker som han er!" sa kjerringa.

"Stort vett har du ikkje hatt, og det vesle du hadde, har då stroke sin kos det også no, kan eg merke," sa mannen - han blei enda sintare enn den første gjestgivaren, og køyrde kjerringa ut i kjøkkenet. "Fort ut i kjøkkenet med deg, og stå ikkje her og glo etter gutane!" sa han.

Ho måtte då ut til fiskegryta, og traktere Oskeladden torde ho ikkje, for ho var redd for mannen. Men aller best ho stod og stelte med varmen, gjorde ho seg eit ærend ut i garden, og så gav ho Oskeladden ein duk som var slik at den diska opp med alt det beste som kunne tenkjast, berre han breidde den ut. "Den skal du ha fordi du er så vakker," sa ho til Oskeladden.

Då no dei to brørne hadde ete og drukke av alt det som fanst og betalt for seg i dyre dommar, reiste dei av garde att, og Oskeladden stod bak på. Då dei hadde reist så lenge at dei blei svoltne att, tok dei inn på ein gjestgivargard og forlangte alt det dyraste og beste dei kunne nemne; "for vi er to reisande kongar, og pengar har vi som gras," sa dei. Ja, då gjestgivaren høyrde det, blei det brasing og steiking så dei kunne lukte det til næraste grannegarden, og gjestgivaren visste ikkje alt han skulle finne på til dei to kongane; men Oskeladden måtte stå ute her også, og passe det som var i vogna.

Så gjekk det like eins som dei to førre gongene: gjestgivarkona kom til å gløtte ut igjennom vindauget, så fekk ho sjå tenaren som stod der utmed vogna, og så vakker ein fyr hadde ho då aldri sett før; ho såg og såg, og dess meir ho stirde på han, dess vakrare blei han, syntest gjestgivarkona.

Gjestgivaren kom setjande gjennom rommet med maten dei to reisande kongane hadde forlanga, og han blei ikkje blid då han såg kjerringa stod i vindauget og glante. "Veit du ikkje betre enn å stå der og glo, når vi har slike folk i huset?" sa han; "ut i kjøkkenet til rømmegrauten din, og det på flygande flekken!"

"Å, det er vel ikkje så farleg, veit eg; vil dei ikkje vente til rømmegrauten er kokt, kan dei reise att," svara kona. "Nei, kom hit, skal du få sjå! Så vakker ein fyr som han som står ute i garden, har eg aldri sett for mine auge før. Vil du som eg, så bed vi han inn og trakterer han litt, for han kunne nok trenge til det, ser det ut til, og så hjartans vakker som han er!"

"Ei guteflogse har du vore all di tid, og det er du då enda," sa mannen - han blei så sint at han ikkje visste kva for ein fot han skulle stå på - "men ser du ikkje å kome ut til grautgryta di, skal eg prøve å få føtene under deg eg!"

Kona måtte då skunde seg ut i kjøkkenet det snaraste ho kunne, for ho visste mannen ikkje var å spøkje med. Men rett som det var, så smatt ho ut i garden og så gav ho Oskeladden ein ture. "Når du berre vrir på tappen," sa ho, "så får du alt den finaste drikka, både mjød og vin og brennevin. Den skal du ha fordi du er så vakker," sa ho.

Då no dei to brørne hadde ete og drukke alt dei ville, reiste dei frå gjestgivargarden, og Oskeladden stod bak på vogna igjen og skulle vere tenaren deira. Så køyrde dei både langt og lenge, til dei kom til ein kongsgard. Der gav dei eldste brørne seg ut for to keisarsøner, og dei blei både godt og vel mottekne, for pengar hadde dei nok av, og dei var så gilde at det glodde av dei lang veg. Dei skulle bu på slottet og kongen visste ikkje all den stas han ville gjere av dei.

Men Oskeladden, som gjekk i dei same fillene han hadde på heimafrå, og som ikkje hadde ei tjuekrone i lomma, han tok vakta på kongsgarden og sette ut på ein holme; dit ut rodde dei med alle tiggarar og fantar som kom til kongsgarden, det hadde kongen pålagt så dei ikkje skulle forstyrre lystigheita på slottet når dei gjekk der så fillete og stygge; og dit ut blei der ikkje sendt meir mat enn så dei nettopp kunne berge livet.

Brørne til Oskeladden såg nok at vakta rodde ut til holmen med han; men dei var glade til at dei blei kvitt han og brydde seg ikkje det minste om det. Men då Oskeladden kom ut på holmen, tok han berre fram saksa si og klipte med den i lufta; så klipte saksa til dei gildaste kleda nokon kunne ønskje seg, både av fløyel og silke, så fantane ute på holmen blei mykje gildare kledde enn kongen og alle dei som var på slottet. Så tok Oskeladden duken sin og breidde ut, og så fekk dei mat, fantane også. Slikt gjestebod hadde aldri stått i kongsgarden, som det den dagen stod på fanteholmen. "Tørste er de vel også," sa Oskeladden; han fram med turen sin og vreid litt på tappen; så fekk fantane noko å drikke: slikt øl og slik mjød hadde sjølve kongen ikkje smakt i heile si levetid.

Då no dei som skulle bringe mat til fillefantane på holmen, kom roande med kaldgrautskorpene og myseflaskene sine - det var maten dei skulle ha -, så ville dei på holmen ikkje smake det ein gong. Dette syntest dei frå kongsgarden var underleg, men enda meir forundra blei dei, då dei retteleg såg på fantane, for dei var så oppkledde at dei trudde det var berre keisarar og pavar alle i hop, og at dei hadde rodd ut til gal holme; men då dei såg seg betre for, kjende dei seg nok att. Så kunne dei skjøne det måtte vere han som dei hadde rodd ut dagen i førevegen som hadde skaffa fantane på holmen all denne stasen; og då dei kom att til kongsgarden, var dei ikkje seine med å fortelje at no hadde han som dei rodde ut med førre dagen, kledd opp alle fantane så dei var så gilde og så gromme at stasen draup av dei; "grauten og mysa vi kom med, ville dei ikkje smake ein gong, så storaktige er dei blitt," sa dei. Ein av dei hadde også fått snust opp at guten hadde ei saks, som han hadde klipt til kleda med; "når han stikk den saksa opp i lufta og klipper med den så klipper han gjennom berre silke og fløyel," sa han.

Då kongsdottera fekk høyre det, hadde ho verken rist eller ro på seg før ho fekk sjå guten og saksa som klipte både silke og fløyel ut av lufta. Saksa var nok verdt å ha, tenkte ho; med den kunne ho få all den stasen ho ønskte seg. Ho bad då kongen så lenge at han måtte sende bod etter guten som åtte saksa, og då han kom til kongsgarden, spurde kongsdottera om det var sant han hadde ei saks som var slik og slik, og om han ville selje den.

Ja, han hadde nok slik ei saks, sa Oskeladden, men selje den ville han ikkje; og så tok han opp saksa av lomma og klipte med den i lufta, så silkefillene og fløyelsstumpane flaug om øyra på henne.

"Jo, du må endeleg selje meg den," sa kongsdottera, "du kan forlange det du vil for den, men ha den må eg."

Nei, selje den ville han ikkje på noko sett og vis, for slik saks kunne han aldri få att, sa han; og mens dei stod og akkorderte om saksa såg kongsdottera betre og betre på Oskeladden, og ho syntest som gjestgivarkonene at så vakker ein gut hadde ho aldri sett før.

Så gav ho seg til å akkordere om saksa att, og tagg og bad Oskeladden om å selje den; han kunne forlange for den så mange hundre dalar han ville, det var det same, når ho berre fekk den.

"Nei, selje den gjer eg ikkje," sa Oskeladden; "men det er det same: får eg lov å liggje på golvet tett ved døra i sovekammerset til kongsdottera i natt, skal ho få saksa. Eg skal ikkje gjere henne noko, men er ho redd, kan ho gjerne ha to mann til vakt inne på kammerset."

Ja, det skulle det nok bli råd til, meinte kongsdottera. Berre ho fekk saksa, så var ho fornøgd, og Oskeladden låg då på golvet i kammerset hos kongsdottera om natta, og to mann stod vakt; men kongsdottera fekk ikkje sove stort enda, for aller best det var så syntest ho ho måtte opne auga og titte på Oskeladden att, og det varte heile natta; ikkje før hadde ho lukka auga, så måtte ho gløtte bort på han att, så vakker syntest ho han var.

Om morgonen blei Oskeladden rodd ut på fanteholmen att, men då dei kom med grautskovene og myseflaskene frå kongsgarden, var det ingen som ville smake det den dagen heller; og det blei dei som kom med det, enda meir forundra over. Ein av dei fekk då snust opp at guten som hadde hatt saksa, åtte ein duk, og at han berre trengde breie den ut, så fekk han alt det beste han ville ha.

Då han kom att til kongsgarden, var det ikkje lenge før han fortalde at "slik steik og slik rømmegraut har det ikkje vore maken til i kongsgarden," sa han.

Då kongsdottera høyrde det, sa ho det til kongen att, og bad og tigga så lenge til han måtte sende bod ut på holmen etter han som åtte duken, og så kom Oskeladden opp på slottet att. Kongsdottera ville då endeleg ha duken av han, og baud gull og grøne skogar for den, men Oskeladden ville slett ikkje selje den på nokon måte eller for nokon pris. "Men dersom eg får lov til å liggje på sengekrakken i sovekammerset til kongsdottera i natt, så skal ho få duken min," sa guten. "Eg skal nok ikkje gjere henne noko, men er ho redd, kan ho gjerne setje fire mann til vakt der inne." Ja, det gjekk kongsdottera med på. Oskeladden låg på sengekrakken framfor kongsdottera, og fire mann stod vakt; men hadde ikkje kongsdottera sove stort førre natta, så blei det då enda mindre den natta; ho kunne nesten ikkje late att auga, ho måtte liggje og sjå på den vakre guten heile natta igjennom, og enda syntest ho natta var stutt nok.

Om morgonen blei Oskeladden igjen rodd ut til fanteholmen, men det var nok ikkje med kongsdotteras vilje, så glad var ho alt i han. Men det var då ikkje å be for, han måtte utpå der att.

Då dei frå kongsgarden kom med grautskorpene og mysa som fantane skulle ha til mat, var det ikkje éin som ville ha den kongen sende, og det undra dei frå kongsgarden seg heller ikkje over; men dei syntest det var rart at ingen av dei var tørste. Men så fekk ein av kongens bod snuste opp at han som hadde hatt saksa og duken, hadde ein ture, slik at berre han vreid litt på tappen, fekk han det finaste drikka som tenkjast kunne, både øl og mjød og vin.

Då han kom tilbake til slottet, stod ikkje munnen betre på han den gongen enn dei to førre gongene; han fortalde vidt og breitt om turen, og så lettvint den var til å få alle slags drikkevarer med, og "maken til det ølet og den mjøden har nok aldri vore smakt i kongsgarden," sa han; "det er søtare enn både honning og sirup."

Då kongsdottera høyrde det, ville ho på timen sjå å få tak i turen, og ho hadde vel ikkje noko imot å kome til å bli samd med han som åtte den, heller. Så gjekk ho til kongen att og bad at han ville sende bod ut på fanteholmen etter han som hadde hatt saksa og duken, for han hadde enda ein ting som nok var verdt å ha, sa ho; og då kongen høyrde at det var ein ture som var slik at den tappa det beste ølet og vinen nokon kunne drikke, berre ein vreid på tappen, var det ikkje lenge før han sende bodet.

Då Oskeladden kom opp på slottet, spurde kongsdottera om det var sant han hadde ein ture som var slik og slik.

Ja han hadde den i vestlomma, sa Oskeladden; men då kongsdottera med nød og makt ville kjøpe den, sa Oskeladden liksom begge dei førre gongene at selje den gjorde han slett ikkje på nokon måte, om så kongsdottera baud han halve riket for den.

"Men det er det same," sa Oskeladden, "dersom eg får lov å liggje på kanten av senga til kongsdottera ovapå fellen [] i natt, skal ho få turen min. Eg skal ikkje gjere henne noko, men er ho redd, kan ho gjerne setje åtte mann til vakt i kammerset."

Å nei, det trongst ikkje, meinte kongsdottera, så mykje kjende ho til han; og så låg Oskeladden på fellen framfor kongsdottera om natta. Men hadde ho ikkje sove stort dei to førre nettene, så blei det enda mindre av søvnen den natta; ho kunne ikkje få lukka eit auge, heile tida måtte ho liggje og sjå på Oskeladden som låg framfor henne på sengekanten.

Då ho stod opp om morgonen og dei ville ro Oskeladden ut på fanteholmen att, bad ho dei vente eit lite grann, og så sprang ho inn til kongen, og bad han så inderleg vakkert om ho ikkje kunne få Oskeladden, for han var ho så kjær i at fekk ho ikkje han, ville ho ikkje leve, sa ho.

"Å jammen kan du få han, når du endeleg vil," sa kongen; "den som har slike ting, er likså rik han som du."

Så fekk Oskeladden kongsdottera og halve riket - det andre halve skulle han få, når kongen døydde -, og så var alt godt og vel; men brørne hans, som støtt hadde vore slemme mot han, sette han ut på fanteholmen. "Der kan dei vere til dei får prøvde kven det er minst nød med, anten den som har lommene fulle av pengar, eller den som alle kvinnfolk held av," sa Oskeladden. Og det skulle ikkje hjelpe stort å ta i lomma og skrangle med pengane sine på fanteholmen, skal eg tru. Og har ikkje Oskeladden teke dei av holmen, så går dei der og et kaldgraut og myse den dag i dag.

OPP


Ein halling med kvannerot

Ein dag etter marknaden i vinter sat eg med pipa mi og las i ei bok framfor den opne omnsdøra mens eg kveika meg på varmen som strøymde ut i rommet frå det friske bålet i den gamle kassa. Vêret var nemleg så kaldt at ein kunne ha lyst til å krype inn i omnen, og i rommet mitt hadde sola knapt klart å drive vekk februar sine isblomster frå vindaugsrutene. Det banka på døra, men det var inga vanleg banking; ingen berr, knyta knoke kunne frambringe denne lyden; det var gjentekne slag av ein knyttneve med lovott på.

Eg gjetta til inga nytte på kven det kunne vere som melde seg på ein så spesiell måte. Før eg hadde sagt "kom inn", blei døra opna, og inn gjennom den steig ein gammal bonde i hallingdrakt, med faste sikre skritt. Den klingande kulda hadde rima det grått, tottete, lange håret og busta skjegget hans; men kulda syntest ikkje å vere til plage for han på grunn av ei sid kufte. Vesten som bar spor av at den ein gong, då den enno åtte farge, hadde vore blå, stod open og viste den berre, hårrike bringa. Dei muskelfulle, men temmeleg krumbøygde underlemmane hans var dekte med store knebukser og grå sneisokkar. På føtene hadde han sko av ugarva kuskinn. Ein raud halsklut, eit par store lovottar og ei saueskinnshue fullenda klededrakta, som bar likså tydelege spor av vêret og tidas verknader som fjeset, og det såg heilt lêraktig ut. I handa bar han eit stort knippe angelikarot.

"God dag, takk for sist; no har vi fint vêr," sa han og tok av seg hua og vottane.

"Det var som berre, kallar du dette fint vêr?" sa eg.

"Ja min santen er det ei forskrekkeleg kulde vi har no om dagane," svara han, mens han la sakene sine frå seg på ein stol og varma dei store nevane ved elden.

"Så du synest det er kaldt likevel? Men det er sant, du er kanskje frå Hallingdal?" sa eg, for eg hugsa plutseleg at uttrykket om det fine vêret var ein talemåte som skikken byr at ein skal begynne kvar ein samtale med i fleire av fjellbygdene.

"Eg er det ja, rett nok du! Eg er frå Ålsgjeld i Hallingdal; - du kan vel ikkje ha sett meg før kanskje? - eg har no fare mykje utpå bygdene - ja min santen! - Du skal ikkje handle av meg noko kvannerot i dag - av den beste?" sa han, han uttrykte seg overlag omstendeleg, slik mange gjer i det dalstrøket han var frå.

Archangelica officinalis, kvann
Kvann, også kalla jol og erkeengleurt. Ein skal vere varsam i bruken av den, for den har alvorlege biverknader for gravide og folk med diabetes, mage- og tarmsår. Hudkontakt med frisk plantesaft kan gi eksem eller sår i sollys. Kvann er hovudsmaksstoffet i fransk Benediktinerlikør, m.a. Og kvann kan omsetjast fritt som handelsvare - etter Urtelista frå Statens legemiddelverk.

"Eg har ikkje bruk for den; den blir jo brukt til å setje på brennevin, og det drikk eg sjeldan."

"Drikk du ikkje brennevin? No då! Eg synest no det er gildt å få sjå ein dram fastande når det er kaldt i vêret. Det skal vere mange, har eg høyrt, som ha teke seg til å drikke berre vatn: å ja, det kan så vere - det er no ikkje meir påkosta det, dei kunne då berre gå borti bekken, så får dei det dei treng, men det blir vondt i tørre somrar. Elles kan du nok kjøpe av meg noko rot likevel, for den er behageleg å tyggje og overlag bra for kolikk og atskillege sjukdommar."

Eg kjøpte nokre kransar av han for å få han til å bli ei stund, baud han sitje ned og varme seg litt ved omnen, og bad han rett ut fortelje meg nokre eventyr.

"Om haugtroll eller slikt, meiner du?" spurde han. "Har du moro til å høyre om slikt? Eg trur ikkje eg er god til å hugse noko no; elles kan eg vel ha høyrt eitkvart for lang tid sia. Ein blir så stutthugsen når ein blir gammal, jammen blir ein så, ja! Men eg kunne vel seie korleis det bar til då han Håkun Haukeli smurde av elleve eikerværingar i Branesvegen ein gong."

"Det kunne vere morosamt nok; men kan du ikkje heller sjå å kome i hug noko om huldra og dei underjordiske?"

"Ja, det var no det, la meg sjå," sa han tankefullt - "ja, no kjem eg i hug noko som eg høyrde av morsyster mi om slikt som du meiner. Det var på Nysætstølen, ja du veit vel ikkje, kor Nysætstølen er du?"

"Det veit eg, den ligg jo nær Nysætknippen. Då eg vitja Hallingdal for ein ti år sida, var eg oppe der også."

"Nei, har du vore der?" sa den gamle fornøgd over at eg var kjend i heimbygda hans. "Ja så då! Du var vel på Nysætknippen også då? Der såg du vidt, du! Ein ser vel bort på Hallingskarvet, Skogshorn, og mangfaldige fjell imot Valdres. Kanskje du gjekk etter ryper? Veidar du mykje?"

"Eg var på rypejakt, som du seier; eg fekk også nokre ved Nysætknippen, og frå toppen av den såg eg vidt ut over alle fjella der oppe; men gløym no ikkje det som du kom i hug, det som du høyrde av moster di på Nysætstølen."

"Ja, det var så det ja - rett nok du," tok han til orde. "Det var ho gamle Birgit Sandehuset, morsyster mi, ho låg på Nysætstølen ei gong med ho var jente. Det var langt på hausten, men dei syntest det kunne vere bra å sitje på stølen enno eitt bel, for det var fint vêr og gildt beite enda i fjellet.

Så var det ein kveld ho var aleine på setra; ho ottast då att det kunna kome eitkvart til henne, og for å vere hugheil tok ho ein nabb og slo attfor døra før ho la seg. Då ho hadde lege ei stund, sprang døra opp. Dette syntest ho var artig, laut då opp av senga og setje nabben atti, men det varte ikkje lenge, så datt nabben ut att. No tok ho til å undre seg korleis dette kunne ha seg, og meinte ho nok skulle få nabben til sitje. Ho dreiv den inn med ein øksehammar så hardt at det såg ut til å vere uråd å få han ut att. Å jau, det blei nok enda råd å få den ut! Det var ikkje meir eller så ho morsyster var ved å sovne att - og det tek no ikkje så lenge for jentene å sovne når dei ikkje har gutar hos seg - så flaug nabben ut, og døra gjekk opp så det skralla; og så høyrde ho korleis det pusla i alle krokane i bua med atskillege lydar, så det var reint fælsleg. Ho kunne ingen ting sjå, og varmen var no mest sløkt på åren også; men då blei ho så reint forferda at ho mest svima av, for ho skjøna det måtte vere haugfolket. Ja min sann var det dei som var ute, det var det!

Så var det ein dag like etter, at ho Birgit gjette kyrne bortunder Nysætknippen. Rett som det var, fekk ho høyre hestar som kneggja, kyr som rauta, bjølleskrammel og jenter som prata og lét på lur og bukkehorn, plent som når dei drog til eller frå setra med buskapen. Ho stirde omkring seg på alle kantar, men såg verken folk eller krøtter, og så kunne ho nok vite at det måtte vere haugfolket som kom med bølingen sin til stølen. No skunda ho seg å drive krøttera heim att, og fortalde dei hine kva ho hadde sansa. Så skunda dei seg til å dra frå setra, for dei torde ikkje dryge lenger på langstølen;; dei var redde at haugfolket skulle bli ille når dei sat over tida, ser du."

Eg vakta meg vel for å forstyrre gamlingen i trua hans ved ei mykje naturleg forklaring; av den historia han sist hadde fortalt. Etter kjennskapen min til dalane, dekka og dei bratte høgdene i området, skjøna eg at ei buferd på heimveg hadde drege gjennom ein av smådalane lenger vekk, slik at lyden av knegging, rauting og bjøllelåt, tale frå jentene, lokk og lur ikkje straks hadde nådd fram til Birgit på grunn av høgdene og bakkane imellom, men var kasta attende frå dei bratte sidene av Nysætknippen. Og då ho ingenting kunne oppdage, hadde ho trutt at det var huldra. Eg oppfordra han til å fortelje fleire historier frå stølen.

"No høyrer ein mest aldri at nokon sansar dei underjordiske," begynte han att; "det må vere fordi folk ikkje trur vidare på dei lenger; å ja, det kan så vere! Men før i tida var det ikkje så sjeldan att dei både høyrde og såg dei; jammen såg dei då, det var enda likt til det.

Eg skal fortelje det kva som hende gudmor hennar Birgit ei gong, ho skulle drive bølingen heim frå setra om hausten. Det var snodig nok, det også. Då ho hadde kokt heimreisegrauten om morgonen den dagen dei skulle reise, sette ho den oppå butaket for at den skulle kolne. Men då dei skulle skunde seg og leggje kløv på hestane, var ho så fortravla at ho gløymde grauten, og kom ikkje hug den før dei hadde kome eit stykke på heimvegen. Då snudde ho att for å ta den med seg; men som ho kom attende, var grauten borte. Ho leita og leita både høgt og lågt; men det var ingen graut. Då ho så var ved å vende att, blei ho var ein grå sau, som rann fram og attende på vollen. Det var ein fremmend sau som ho ikkje kjende, stor og ven, med ull så lang att ho hang like ned til marka - ja det gjorde ho, og ho syntest ho aldri hadde sett så gild sau for. Kanskje denne sauen høyrer til hos haugfolket, tenkte ho, og dei har teke grauten, og ville gi meg sauen att i staden - "Takk for bytet;," sa ho, og tok sauen med seg. - "Takk for bytet," svara det borti skråninga.

Den gamle sat enno ei stund og fortalde om fjella oppi Hallingdal, om ryper, om gauper, om fjellras og bjørnar; han hadde vore skyttar i sine yngre dagar. Men om huldra og haugefolket visste han ikkje meir. Alderdommen hadde gjort han så stutthugsen, sa han.

ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA
Asbjørnsen og Moe - SLUTTBOLK

Asbjørnsen og Moe - LITTERATUR  

Asbjørnsen og Moe - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Asbjørnsen og Moe BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2008–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]