![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||
|
Ein kveld ved Andelva"Død og pine, det er det beau ideal av ei skotsk urretelv," sa ein ung brite, ein kjenning eg hadde treft i Eidsvollsbakken, og som eg følgde ned til Andelven i Bårlidalen, der han ville fiske. "Her må vi få urret," heldt han fram, "men elva er ikkje så klar som den skudd vere; den skudd vere så klar som krystall. Og ser De kva sjeneri [landskap] det er her, for når eg fisk', ser eg ikkje berre etter fisk, men på kvart maleriske tre som speglar seg i elva, på kvar fluge som flyg, eg høyrer etter kvar fugl der singe." Mens han i slikt språk heldt fram med å tolke begeistringa si for naturen og sette stonga saman, kasta eg meg ned i det duftande graset med sigaren min. Rundt om meg i bakken blomstra spireaer, skabiosaer, blåklokker, nardus og den raude, yppige geitramsen. Over meg vaia svevande bjørkegreiner, nede ved elva titta forgløymmegeiar fram mellom frodig veksande stargras, som i yppigaste fylde også dekte nokon store steinar ute i elva. Her strøymer den strid mellom steinar og klipper, men vender seg også viltert om i ei bakevje - den elles så stille og vennlege Andelva. På den andre sida hever det seg ei høgd dekte med or, kvitstamma bjørker og mørke graner. Under dei finst skuggefulle mosedekte kvilestader. Dei er svale, fredfylte og fylt av ro som berre den kan fatte som ein heit sommardag i ly av desse trea har lytta til den søte fuglekvitringa, forfriska seg ved dei kjølande, duftsvangre luftningane frå elva, eller som gjennom ei anonym forfattarinnes fine skildringar av desse traktene har merka den "alveaktige, draumaktige dufta som kviler over dei." Nedafor, på brua stod eit par jenter og såg med ei blanding av nyfikne og forundring på den forunderlege fiskaren og den kunstige svingen hans med stonga. Det ligg eit useieleg ynde i desse svingingane av ei fin og velproporsjonert stong i handa til ein øvd flugefiskar. Som ein blink fer snøret gjennom lufta og drys glimtande vasstøv i tilbakesvingen, buktar seg igjen som ein slange eller rullar ut som eit hjul bortover elva; stonga bøyer seg som eit siv i sirlege buar, mens fiskaren, halvveges skjult mellom steinane, svingar den hagt i si framstrekte høgre hand. Mens han steg for steg flytta seg ned langs elva, låg eg og bles tobakkskyar mot den blå himmelen opp i kveldsdansen til myggsvermane og lytta til klangen av ljå, til fossesuset og fuglekvitteret som tok til i styrke etter som kvelden blei svalare. Eg blei vekt av ein klart "god kveld!" frå den halvt drøymande tilstanden dette hadde sett meg i. Ei middelaldrande bondekone stod med strikketøy i handa nede på stigen og såg med forundring på fiskaren og på dei raske rørslene til stonga. Eg helste att, og så sa ho halvt spørjande: "Han fiskar nok med fly han der? Skal tru om eg tør gå forbi?" "Det tør du nok; når du går nær inn til fiskaren, så er det ikkje farleg. Men sei meg, kor er du frå?" spurde eg; for både i vesen og tale var det noko uvanleg for standen hennes. "Eg bur i ei lita stove oppå Åshøgda, austafor Vorma," svara ho. "Så heiter du sikkert Anne Marie og har vore barnejente i prestegarden, ikkje sant? Eg har høyrt tale om alle eventyra og historiene dine." "Ja så, har han det, så er han vel kjent med nokre frå prestegarden då? Kva er han då, om eg får spørje?" sa ho. Eg gjorde greie for det og bad henne så om å fortelje meg noko, "helst noko om hulder"; for eg visste ho var van med slike oppmodingar, så at eg ikkje trong å gå dei vanlege omvegane eller vere redd for noko avslag på ei likefram oppmoding. "Det kan vere farleg å tale om huldra så seint," sa ho lande, "for ho er gjerne ute i kveldinga og i solrenninga, men dersom han ikkje blir redd, så skal eg nok fortelje." "Fortel, fortel," sa eg, "eg er ikkje redd for det som verre er, langt mindre for huldra eller dei usynlege." Usynleg"Det var eit stort bryllaup i ein gard ein stad," tok ho til, "og til det bryllaupet skulle ein husmann. Rett som han gjekk over ein akkar, så fann han ein mjølkesil, slik ein som dei lagar av kurumper. Den såg ikkje annleis enn ei brun tue. Han tok den opp, for han tenkte det kunne vere slått ut, og ville gi den til kjerringa si til å vaske kjerald med. Men då han kom fram i bryllaupsgarden, var det som om ingen såg han. Alle dei andre helste brud og brudgom på, snakka med dei og skjenkte dei også, men han fekk verken skjenk eller helsing. Så kom kjøkemeisteren og bad dei andre gå til bords, men ham bad han ikkje, og han fekk ingenting; for sjølv ville han ikkje setje seg inntil bordet når ikkje nokon bad han. Så blei han arg og tenkte: "Eg kan gå heim att eg, sia der ikkje er nokon som bryr seg om meg." Då han kom heim, så sa han: "God kveld, her er eg att." "Jesu namn, kjem du att no då?" sa kjerringa. "Ja, der var ingen som brydde seg om meg eller ville sjå på meg," sa mannen, "og når dei ikkje akta meg så mykje, så synest eg ikkje eg hadde noko der å gjere." "Men kor er du henne? Eg høyrer deg jo, men eg kan ikkje sjå deg," sa kjerringa. Mannen var blitt usynleg han, for det var ein huldrehatt han hadde funne. "Kva er det for snakk? Ser du meg ikkje? Er du også blitt galen?" sa han. "Der har du ein gammal hårsil eg fann borte på jordet," sa han, og kasta den på benken. Då såg ho han, men med det saman var huldrehatten borte, for han skulle berre ha lånt den. Så kunne han skjøne korleis det hang saman, og gjekk til bryllaups att. Då tok dei gildt imot han, og han fekk både skjenk og sete ved bordet." "Om eg fann ein slik hatt, Anne Marie," sa eg, "skulle eg halde den meir i ære; sjølv om Vårherre har gitt meg ein temmeleg tynn figur. Som du ser, skulle eg nok stundom ønskje å gjere den ganske usynleg." "Ja, det var sant," svara Anne Marie og lo. "Det syntest gutane på Nordstrand også; det var sønene der, Kristoffer og Torvald, som fekk begge jentene på Råholt sia. Dei hadde slik lyst til å kome til Råholt så ingen såg dei, og derfor ville dei gjerne låne seg ein huldrehatt. No visste dei det var eit stort tre oppe i Strandsåsen der det var underjordiske; for trollfolket hadde lånt både øl og anna, og då blei spannet sett der til dei; og der stod det tilbake, når ølet var drukke. Og så hadde dei høyrt at dei skulle ha med seg eit svart lam eller ei svart katte og gå dit tre torsdagskveldar i rad og be: "Kjære la meg få låne den gamle bestefarshatten, så skal du få ei svart katte for lånet." Dei fekk seg då ei svart katte og gjekk dit tre torsdagskveldar og bad om den gamle bestefarshatten, men den tredje kvelden kom det ut ein så stor og stygg at dei tok beina fatt: "Nei, nei, vi vil ikkje ha nokon hatt; der har du katta likevel," skreik dei, kasta katta og flaug hovudstups utover berget." "Til frieri å vere synest eg ikkje det var mykje hjertelag i dei karene, Anne Marie," sa eg. "Ein slik hatt var då verdt å våge litt for." "Det kan De ha rett i," svara Anne Marie; "men sia vi taler om frieri, så skal eg fortelje om ein underjordisk som dei sa fridde til ei jente her i bygda. Kjerringråd: Hald usynleg friar vekke med svovelAnne Marie fortalde: "Det var på Haverstad. Den tida eg var blitt gift, var der slik ei vakker jente der. Ho heitte Mari, og henne var det ein usynleg som gjekk og fridde til, han budde ved kyrkja og hadde sett henne ein gong ho åt av eit tre i prestejordet. Han kom alltid om natta, og kvar gong han var der, var ho så useieleg redd. Dette fortalde ho kjerringa der, som heitte Inger Margrete, og så sa ho at han hadde eit gullur han ville gi henne, men ho var så useieleg redd. Kjerringa rådde henne å fyre over senga med svovel. Då han kom, hadde ho ikkje fått gjort det enda, men så bad ho han kome att neste torsdagskveld og ta med seg ein god venn, om han hadde ein, så skulle ho kanskje bli med han heim. Det sa ho for å bli kvitt han. Om torsdagskvelden kom han til sundet og ropte at sundmannen skulle kome og late opp, for det var om vinteren, så det var bru over Vorma. Sundmannen skunda seg alt han kunne, men han kom ikkje så snart som friaren ville, og så fekk han ein øyredask såg han tulla bortover marka, og då var friaren alt igjennom bommen, og sundmannen høyrde det køyrde så fykande nordetter, men han såg ingen. Då friaren kom fram, hadde Mari fyrt over senga med svovel, og så måtte han sitje på ein stol. Han bad henne følgje med seg heim og ville gi henne gulluret, men ho torde ikkje ta imot det, for ho var så useieleg redd. "Ja, eg veit nok kven som er skuld i at eg ikkje kan kome til deg," sa han til sist, "det er Inger Margrete; men det skal ho kome til å unngjelde dyrt." Straks etter hengde mannen hennar seg, og det var mange som trudde at den underjordiske hadde hengt han, eller at han var skuld i det i det minste. Og den same kveld som dette skjedde såg Ingebret Prestegarden fem revar som dansa om den rabben han hengde seg på.
Vi budde på Nøtterhaugen den tida, og eg og mannen min vi var ute og lydde den kvelden ho hadde sagt han skulle kome og hente henne; for vi tenkte det skulle bli musikk, men vi høyrde ingenting." "God kveld A-! Og sir John - og Anne Marie! No, ho har visst fortalt Dykk eventyr. God kveld, mine herrar. Men fiskar De med fluge her, sir John? Her er ikkje anna enn gjedde." "Det trudde eg straks," svara sir John mykje sjølvklok; "den elva såg så suspicious ut for meg, er det ikkje sant, A -, og når her er gjedde," heldt han fram han, "er her ikkje aure, for den et både han og ditt og datt og den andre."
Den fremmende var ein kjenning frå hovudstaden, og vel inne i alle forhold her oppe. Han rådde meg til å besøkje Anne Marie heime i stua hennar, som han viste meg imot himmelranda i ei uthogging i barskogen oppe på auståsen. Neste dag gjekk eg opp til henne og fekk høyre mange eventyr og segn. Og då Anne Marie hadde brukt opp sitt eige lager, viste ho meg til Per Gravar som eit utømmeleg skattkammer.
MeistermøyDet var ein gong ein konge; han hadde fleire søner, eg veit ikkje riktig kor mange det var, men den yngste av dei hadde inga ro på seg heime, han ville med nød og makt ut i verda og prøve seg, og det måtte kongen då langt om lenge la han få lov til. Då han hadde reist i nokre dagar, kom han til ein risegard, og der gav han seg i teneste hos risen. Om morgonen skulle risen ut og gjete geitene sine, og med det same han reiste av garde, sa han til kongssonen at han skulle moke stallen. "Når du har gjort det, skal du sleppe å gjere meir i dag; for du skal vite det er ein snill husbond du har kome til," sa han. "Men det du blir sett til, skal du gjere både godt og vel; og så må du slett ikkje gå inn i nokre av dei rommet som er innafor stua du var i i natt. Gjer du det, tek eg livet av deg." "Jammen er det ein snill husbond også," sa kongssonen ved seg sjølv, han gjekk opp og ned på stuegolvet og tralla og song, for han syntest det hadde god tid med å moke stallen. Men det var artig å gløtte inn i dei andre stovene hans likevel, for det må vel vere noko han er redd for, sia eg ikkje skal få lov å kome inn der, tenkte kongssonen. Og så gjekk han inn i den første stua. Der hang ein kjêl på veggen og kokte. Men kongssonen såg ingen varme under. "Skal tru kva som er oppi den?" tenkte han, og dyppa hårluggen nedi; så blei håra som dei skulle vere av kobbar alle saman. "Det var ei snodig suppe det! Dersom ein smakte på den, blei ein gild om truten," sa guten. Dermed gjekk han inn i rommet som var nest ved. Der hang også ein kjêl på veggen og putra og kokte, men varme var det ikkje under den heller. "Eg får prøve den også," sa kongssonen og stakk luggen nedi; så blei den som sølv. "Så dyr suppe har dei ikkje i fars gard," sa kongssonen, "men det spørst no korleis den smaker," og dermed gjekk han inn i det tredje rommet. Der hang også ein kjêl på veggen og kokte, og kongssonen fekk då hug til å prøve der også; så dyppa han luggen nedi, og så blei han så blankt forgylt at det skein i den. "Verre og verre! sa kjerringa, ho skulle seie: Ære vere!" - sa kongssonen; "men koker han gull her, skal tru kva han så koker der inne?" Det ville han då sjå, og gjekk inn gjennom døra til det fjerde rommet. Der var ikkje nokon kjêl å sjå, men same kven ho var dotter til, så hadde kongssonen aldri sett maken hennar i alle sine levedagar, så vakker var ho. "Å i Guds namn, kva vil du her då?" sa ho som sat i benken. "Eg tok meg teneste her i går," sa kongssonen. "Gud bere deg for stad du har kome til å tene på då!" sa ho. "Å, eg synest eg har fått ein snill husbond eg," sa kongssonen, "han har ikkje gitt meg tungt arbeid å gjere i dag. Når eg får moka stallen, har eg gjort frå meg." "Ja korleis vil du bere deg åt med det?" spurde ho. "Dersom du mokar som folk bruker, så kjem det ti ruer inn for kvar du kastar ut. Men eg skal lære deg korleis du skal bere deg åt: du skal vende spaden opp ned og moke med skaftet, så fyk det ut av seg sjølv alt saman." Ja, det skulle han passe på, meinte kongssonen; og så blei han sitjande der inne heile dagen, for det blei snart slik mellom dei at dei ville ha kvarandre, han og kongsdottera - og så var vel den første dagen han tente hos risen, ikkje lang for han, det kan ein nok vite. Men då det lei mot kveld, sa ho at no var det best han fekk moka rein stallen før risen kom heim, og då han kom bort i stallen, hadde han lyst til å prøve om det var rett det ho hadde sagt, og så tok han til å moke slik som han hadde sett stallkarane hos far sin gjorde; men det kan det vel hende han måtte halde opp med, for då han hadde moka ei lita stund, hadde han nesten ikkje rom til å stå der. Så gjorde han som kongsdottera hadde lært han, han vende spaden og moka med skaftet, og så var det ikkje ein augeblink før stallen var så rein som den skulle vore skura. Då han hadde gjort det, gjekk han inn att i den stua som risen hadde gitt han lov til å vere i, og der gjekk han opp og ned på golvet og gav seg til å tralle og syngje. Så kom risen heim med geitene. "Har du moka stallen?" spurde risen. "Ja no er den rein og ryddig, husbond," sa kongssonen. "Det vil eg sjå på!" sa risen, og la ut i stallen; men så var det som kongssonen hadde sagt. "Du har visst talt med Meistermøya mi, for det har du aldri soge frå ditt eige bryst," sa risen. "Meistermøy? Kva er det for ein ting, husbond?" sa kongssonen, han slo seg så dum som eit naut, "det skulle eg ha moro av å sjå." "Å, du får tidsnok sjå henne," sa risen. Den andre morgonen skulle risen ut med geitene sine att. Så sa han til kongssonen at den dagen skulle han hente heim hesten hans som gjekk oppi heia, og når han hadde gjort det, kunne han kvile seg resten av dagen; "for det er ein snill husbond du har kome til, skal du vite," sa risen att. "Men går du inn i nokre av dei romma eg talte om i går, så vrir eg hovudet av deg," sa han, og så reiste han av stad med geiteflokken. "Jammen er du snill husbond også," sa kongssonen; "men eg vil nok inn og snakke med Meistermøy likevel eg, kanskje ho like tidleg bli mi som di," og så gjekk han inn til henne. Ho spurde han då kva han skulle gjere den dagen. "Å, det er ikkje farleg arbeid, skal eg tru," sa kongssonen; "eg skal berre opp i heia etter hesten hans." "Ja, korleis vil du bere deg åt med det då?" spurde Meistermøy. "Å, det er vel ikkje store kunsten å ri heim ein hest," sa kongssonen; "eg tenkjer vel eg har ridd så frisk hest før." "Ja, det er nok likevel ikkje ei så lett å ri den hesten heim," sa Meistermøy; "men eg skal lære deg korleis du skal gjere. Når du får sjå den, kjem den så eld og logar frasar ut av nasebora på den, som du skulle sjå eit tyrilys. Pass så vel på og ta bekselet som heng der borte ved døra, og kast like i kjeften på den. Så blir den så spak at du kunne styre den med ein tvinnetråd." Ja, det skulle han nok kome i hug, og så sat han der inne hos Meistermøy heile dagen att, og dei snakka og prata både om det eine og det andre, dei to. Men først og sist var det no om kor gildt og herleg dei skulle ha det når dei berre kunne få kvarandre og kome vel ifrå risen. Kongssonen hadde nok gløymt både heia og hesten, dersom ikkje Meistermøy hadde mint han på det då det lei mot kvelden, og sagt at no var det best han la etter hesten, før risen kom. Det gjorde han då, han tok bekselet som hang i kroken og strauk opp i heia, og så var det ikkje lenge før hesten møtte han så varmen og raude flammetunger stod ut av nasebora på den; men så passa guten sitt snitt med det same den kom imot han med gapande kjeft, og kasta munnbitet like i gapet på den, og så stod hesten så tolmodig som ein lamunge, og det var ikkje store saka å få den heim på stallen då, skal eg tru. Så gjekk kongssonen inn i stua igjen og gav seg til å tralle og syngje. Så kom risen heim med geitene til kvelds. "Har du henta heim hesten frå heia?" spurde risen. "Ja, eg har den, husbond; det var morosam hest å ri på, men eg rei like heim og sette den på stallen likevel eg," sa kongssonen. "Det vil eg sjå på!" sa risen. Han ut på stallen; men så stod hesten der, som kongssonen hadde sagt. "Du har visst talt med mi Meistermøy; for det har du aldri soge av ditt eige bryst," sa risen att. "I går snakka husbond om denne Meistermøya, og i dag er det same snakket; - å signe husbonden, han vil kanskje e vise meg den tingen, for den skulle eg ha rett moro av å sjå," sa kongssonen. Han slo seg like dum og uvettig att. "Å, du får tidsnok sjå henne," sa risen. Tredje dags morgon skulle risen ut i skogen med geitene sine att. "I dag skal du til helvete og hente brannskatten," sa han til kongssonen. "Når du har gjort det, kan du kvile deg resten av dagen, for det er ein snill husbond du har kome til, skal du vite," og så reiste han. "Ja, så snill husbond du er, så er det fult arbeidet du set meg til likevel," sa kongssonen; "men eg får vel prøve om eg kunne finne Meistermøya di; du seier vel ho er di, men kanskje ho kan seie meg korleis eg skal bere meg åt, enda," og så gjekk han inn til henne. Då no Meistermøy spurde kva risen hadde sett han til å gjere den dagen, fortalde han at han skulle til helvete og hente brannskatten. "Korleis vil du bere deg åt med det?" sa Meistermøy. "Ja, det får nok du seie meg det," sa kongssonen, "for i helvete har eg aldri vore før, og om eg visste vegen, så veit eg ikkje kor mykje eg skal krevje heller." "Å ja, eg skal nok seie deg det; du skal gå til fjellet her bortunder heia og ta den klubba som ligg der, og knarte på bergveggen," sa Meistermøy. "Så kjem det ut ein så det gnistrar av han. Han skal du seie ærendet ditt, og når han spør deg kor mykje du skal ha, seier du: så mykje eg kan bere." Ja det skulle han nok kome i hug, sa han og så sat han inne hos Meistermøy heile dagen, like til det lei mot kvelden. Og han hadde gjerne sete der til no, dersom ikkje Meistermøy hadde mint han på at han nok fekk av stad til helvete etter brannskatten før risen kom. Han måtte då i vegen, og så gjorde han akkurat som Meistermøy hadde sagt han skulle gjere; han gjekk bort til fjellveggen og tok klubba og knarta på. Så kom det ut éin så gneistane flaug både av auge og nase på han. "Kva vil du?" sa han. "Eg skulle nok hit for risen og krevje brannskatten," sa kongssonen. "Kor mykje skal du ha då?" sa den andre att. "Eg krev aldri meir enn eg orkar å bere med meg, eg," sa kongssonen. "Det var vel du ikkje skulle ha eit hestelass," sa han som kom ut av fjellveggen. "Men kom no og bli med meg inn!" Det gjorde kongssonen, og der fekk han vel sjå gull og sølv, kan du tru; det låg inne i berget som steinhaugar i ur, og så fekk han ein bør så stor han kunne bere, og med den gjekk han sin veg. Då no risen kom heim med geitene om kvelden, gjekk kongssonen inni stua og tralla og song att, liksom dei to andre kveldane. "Har du no vore i helvete etter brannskatten?" sa risen. "Ja, eg har nok den, husbonden," sa kongssonen. "Kor har du den då?" sa risen att. "Gullsekken står der borti benken," sa kongssonen. "Det vil eg sjå på!" sa risen. Han la bort til benken, og der stod sekken så full at gullet og sølvet draus, berre risen løyste på sekkebandet. "Du har visst talt med mi Meistermøy," sa risen. "Har du det, vrir eg hovudet av deg." "Meistermøy?" sa kongssonen; "i går snakka husbond om denne Meistermøya, og i dag snakkar han om henne att, og førre dagen var det same snakket. Eg skulle ønskje eg fekk sjå den tingen, eg," sa han. "Ja, ja, vent til i morgon, så skal eg sjølv vere med deg til henne," sa risen. "Å takk skal husbond ha! men det er vel berre til utskjemming," sa kongssonen. Dagen etter tok risen han med seg inn til Meistermøy. "No skal du slakte han og koke han i den store digre kjelen du veit vel. Når du så har kjøtsuppa ferdig, kan du snakke til meg," sa risen. Han la seg til å sove i benken, og rett som det var snorka han så det dundra i fjellet. Så tok Meistermøy ein kniv og skar guten i veslefingeren og draup tre bloddropar på krakken; så tok ho alle dei gamle fillene og skosolane og alt det elendige tøyet ho kunne få fatt på og hadde opp i kjelen; og så fylte ho eit heilt skrin fullt med måla gull, og ein saltstein og ei vassflaske som hang ved døra, og eit gulleple og to gullhøner tok ho også med seg, og med det reiste ho og kongssonen av stad frå risegarden det fortaste dei kunne; og då dei kom eit stykke på vegen, kom dei til eit hav. Sia seglde dei - men kor dei fekk skipet frå, har eg aldri fått vite. Då no risen hadde sove ei god stund, tok han til å strekkje seg på benken, der han låg. "Er det snart kokt no?" sa han. "Nyss komen i kok!" sa den første bloddropen på krakken. Ja, så la risen seg til å sove att, og så sov han ei lang, lang stund. Så snudde han litt på seg att. "Er det snart kokt no då?" sa han, han såg ikkje opp - det gjorde han ikkje første gongen heller - for han var halvt i søvne enda. "Halvkokt!" sa den andre blodsdropen, og så trudde risen det var Meistermøy att; han snudde seg på krakken og la seg til å sove på nytt. Då han no hadde sove i mange timar att, tok han til å røre på seg og strekkje seg. "Er det ikkje kokt enno?" sa han. "Fullkokt!" sa den tredje blodsdropen. Risen reiste då på seg og til å gni auga, men han kunne ikkje sjå den som hadde snakka, og så spurde han etter Meistermøy og ropte på henne. Nei, det var ingen som svara. "Å ja, ho har vel smotte ut litt," tenkte risen, han tok ein sleiv og skulle bort i kjelen og smake; så var det ikkje anna enn skosolar og filler og slikt fanteri, og det var kokt i hop så han ikkje visste anten det var graut eller velling. Då han såg det, kunne han skjøne korleis det hadde gått til, og så blei han så illsint at han ikkje visste kva for eit bein han skulle stå på, og han etter kongssonen og Meistermøy, og det så det suste. Det var ikkje lenge før han stod ved vatnet, og det kunne han ikkje kome over. "Ja, ja, eg skal vite råd for det, eg skal berre rope på elvesugaren min," sa risen, og det gjorde han. Så kom elvesugaren hans og la seg ned og drakk to tre slurkar, og ved det minka vatnet så mykje i havet at risen såg Meistermøy og kongssonen ute på skipet. "No får du kaste ut saltsteinen," sa Meistermøy, og det gjorde kongssonen. Så blei den til eit fjell så stort og høgt tvert over havet at risen ikkje kunne kome over, og ikkje elvesugaren få soge meir heller. "Ja, ja, eg skal nok vite råd for det," sa risen; han etter bergnavaren sin og til å bore i berget så elvesugaren kunne kome til å suge att. Men med det same det blei hòl, og elvesugaren la til å drikke, sa Meistermøy at kongssonen skulle slå ut ein drope eller to av flaska, og så blei havet like fullt att, og før elvesugaren kunne få teke ein slurk til, var dei i land, og så var dei frelst. Så skulle dei heim til far til kongssonen; men kongssonen ville ikkje på nokon måte at Meistermøy skulle gå, for det syntest han ikkje høvde seg verken for henne eller for han. "Vent berre her ei lita stund mens eg går heim etter dei sju hestane som står på stallen til far," sa han; "det er ikkje lange stubben, og ikkje skal eg vere lenge om den heller; men eg vil ikkje at kjærasten min skal kome gåande til gards." "Å nei, gjer ikkje det! for kjem du heim til kongsgarden, så gløymer du meg berre, det veit eg frå før," sa Meistermøy. "Korleis skulle eg gløyme deg, vi som har lidd så mykje vondt saman og har kvarandre så kjær," sa kongssonen. Han ville og måtte heim etter vogna med dei sju hestane føre, og ho skulle vente der ved stranda imens. Ja, til sist måtte Meistermøy føye han i det, sia han endeleg ville. "Men når du kjem der, skal du ikkje gi deg stunder til å helse på nokon ein gong, men gå like inn i stallen og ta hestane og spenne for og køyre det fortaste du kan. For dei kjem no om deg alle saman; men du må late som du ikkje ser dei, og smake noko må du slett ikkje. Gjer du det, så blir det til ulykke både for deg og for meg," sa ho, og det lovde han. Men då han kom heim til kongsgarden, så skulle ein av brørne hans ha bryllaup, og bruda og alle skyldfolka hennar var alt kome til gards; og så stima dei om han alle saman, og spurde både om det eine og det andre og ville ha han med seg inn; men han let som han ikkje såg dei, men la like inn i stallen og fekk ut hestane og gav seg til å spenne for. Då dei no ikkje på noko sett og vis kunne få han med seg inn, kom dei ut til han både med mat og drikke og alt det beste dei hadde laga til bryllaupet; men kongssonen ville ikkje smake nokon ting, han berre skunda seg å spenne for, han. Men til sist så trilla syster til bruda eit eple bort over garden til han; "sia du ikkje vil smake noko anna, kan du då gjerne bite i det, for du kan vere både tørst og svolten etter den lange vegen," sa ho, og det gjorde han, han tok opp eplet og beit i det. Men aldri før hadde han fått smaken i munnen så gløymde han både Meistermøy og at han skulle køyre etter henne. "Eg meiner eg er styren, eg; kva skal eg med hestane og vogna?" sa han, og så sette han inn att hestane på stallen og blei med dei inn i kongsgarden, og no blei det slik at han skulle ha syster til bruda, henne som hadde trilla eplet til han. Meistermøy sat ved sjøkanten og venta i sju lange og sju breie, men ingen kongsson kom der. Så gjekk ho derfrå, og då ho hadde gått eit stykke, kom ho til ei lita stove som låg for seg sjølv i ein skoghage tett ved kongsgarden. Der gjekk ho inn og bad om ho ikkje kunne få lov å vere der. Det var ei gammal kjerring som åtte stua, og eit sint og argt troll var ho også; i førstninga ville ho slett ikkje la Meistermøy få bli hos seg, men langt om lenge skulle ho då få lov likevel for gode ord og betaling. Men stygt og svart var det inne der som i eit grisehus; så sa Meistermøy at ho nok ville pynte litt så det kunne kome til å sjå ut som hos andre folk der inne også. Dette liker heller ikkje den gamle kjerringa, ho grein og var sint; men Meistermøy brydde seg ikkje om det; ho tok fram gullskrinet og slo 1/48 tønne eller så borti varmen så gullet spruta ut over heile stua, og så blei den gullforgylt både innvendig og utapå. Men med det same gullet tok på å frase, blei den gamle kjerringa så redd at ho sette ut som den slemme sjølv var etter henne; så kom ho ikkje i hug å bukke seg i døra, og så braut ho av hovudet i dørkarmen. Morgonen etter kom lensmannen reisande forbi der. Han blei reint undren over den gullstova som blinka og glitra borti skoghagen, og enda meir forundra blei han då han kom inn og fekk sjå den herlege jomfrua som sat der; henne blei han så innteken i at han fridde til henne straks på timen, og bad henne både vakkert og vent om ho ville bli madamma hans. "Ja, har du bra med pengar så -" sa Meistermøy. Å ja, han hadde ikkje så få, meinte lensmannen. Pengane skulle han heim etter, og om kvelden hadde han med seg ein heil halvtønnesekk som han sette borti kroken. Ja, sia han hadde så bra med pengar, ville Meistermøy ha han, men aldri før hadde dei lagt seg, så måtte Meistermøy opp att. "Eg har gløymt å kare varmen," sa ho. "Jøss, skulle du stå opp etter det!" sa lensmannen, "det skal eg gjere, det" - og så spratt han opp på golvet og bort til peisen i eitt hopp. "Ja, sei meg når du held i karepinnen," sa Meistermøy. "No held eg i karepinnen," sa lensmannen. "Så hald du i karepinnen og karepinnen i deg, og aus eld og mørje over deg til det blir dag!" sa Meistermøy. Og så blei lensmannen ståande der heile natta og ause eld og mørje over seg, og alt han gret og bad og tigga, så blei eldmørja ikkje kaldare for det; men då det tok til å gry og han fekk makt til å kaste karepinnen, blei han no ikkje der lenge, men sette av garde som futen eller fanden skulle vere i hælane på han; og alle som møtte han, kopte og glante etter lensmannen, for flaug gjorde han som han var galen, og verre kunne han ikkje sett ut, om han hadde vore både flådd og garva; og alle undra dei seg på kor han hadde vore, men sa no ikkje noko om det, for skam skuld. Dagen etter kom skrivaren reisande forbi der Meistermøy budde. Han så at det glitra og skein i stua borte i skoghagen, og skulle då også inn og sjå kven det var som budde der. Då han fekk sjå den herlege jomfrua, blei han enda meir forelska enn lensmannen og gav seg til å fri på flygande timen. Ja, Meistermøy svara han like eins som ho hadde svara lensmannen at hadde han bra med pengar, så - pengar meinte skrivaren han ikkje hadde så få av, og dei skulle han då straks heim. Og om kvelden kom han med ein stor diger sekk med pengar - eg meiner det var ein heiltønnesekk, det - og sette den i benken hos Meistermøy. Så skulle det no bli så at han skulle få henne, og så la dei seg; men så hadde Meistermøy gløymt å lukke svaldøra den kvelden, den måtte ho opp og stengje, sa ho. "Jøss, skal du gjere det då!" sa skrivaren, "nei ligg du, det skal eg gjere;" og han opp av senga så lett som ei ert på ei never, og ut i svala. "Sei meg til når du har tak i dørklinka," sa Meistermøy. "No held eg i døra," skreik skrivaren ute i svala. "Så hald du i døra og døra i deg, og far veggimellom til det blir dag!" sa Meistermøy. Og så kan det vel hende at skrivaren fekk danse den natta; slike steg og slike kast hadde han aldri gjort før, og ikkje var han mykje lysten på å kome til å gjere det sia heller; snart var han føre og snart døra, og det gjekk frå den eine svalkroken til den andre så skrivaren nesten slo seg i hel. Først tok han til å banne og sia til å gråte og be; men døra brydde seg ikkje om nokon ting, den heldt på med sitt den, like til grålysninga. Då døra sleppte taket, sette skrivaren av stad som han skulle ha betaling for det, han gløymde både pengesekken og frieriet, og var glad til at stovedøra ikkje kom dansande etter han. Alle han møtte, kopte og glante etter skrivaren, for flaug gjorde han som han var galen, og dessutan såg han verre ut enn om han hadde stonga med sauebukkane heile natta. Tredje dagen kom futen reisande. Så fekk han også sjå gullstua borti skoghagen. Han måtte også inn og sjå kven som budde der. Då han fekk sjå Meistermøy, blei han så forgapt i henne at han fridde berre han fekk helst. Meistermøy svara han som dei andre to at hadde han bra med pengar, så kunne ho nok ha han. Og pengar hadde han ikkje så få av, sa futen; han skulle straks heim og hente dei, og det gjorde han. Då han kom att om kvelden, hadde han ein enda større pengesekk med seg enn skrivaren - den tok visst ei og halv tønne - og den sette han i benken. Ja, så skulle det då bli så at han skulle ha Meistermøy. Men aldri før hadde dei lagt seg, så sa Meistermøy at ho hadde gløymt å sleppe inn kalven; den måtte ho opp igjen og ha inn i bingen. Nei, kross, det skulle då slett ikkje ho gjere, det skulle futen gjere det, sa han; og han så tjukk og feit han var, opp av senga og ut så lett som ein unggut. "Sei ifrå når du helt i kalverumpa," sa Meistermøy, og det gjorde han. "No held eg i kalverumpa," ropte futen. "Så hald du i kalverumpa og kalverumpa i deg, og far omkring til det blir dag!" sa Meistermøy. Og så kan det vel hende futen fekk rørt på beina sine; det gjekk bratt og flatt, over berg og djupe dalar, og dess meir futen banna og skreik, dess fortare sette kalven i veg. Då det tok til å lysne, var han nesten sprengt, og så glad var han for at han kunne sleppe kalverumpa, at han gløymde både pengesekken og alt i hop; han gjekk no alltids noko seinare enn lensmannen og skrivaren hadde gjort, men dess seinare han gjekk, dess betre tid fekk folk til å kope og glane på han, og den brukte dei også, så utkøyrt og fillete som han såg ut etter kalvedansen. Dagen etter skulle bryllaupet stå i kongsgarden og då skulle både den eldste broren til kyrkja med bruda si, og han som hadde vore hos risen, med systera hennar. Men då dei hadde sett seg opp i vogna og skulle køyre av garde, rauk den eine selepinnen, og dei laga både ein og to og tre i staden, men alle så rauk dei, det hjelpte ikkje kva slags ved dei tok til pinnar. Dette varte og rakk, og ikkje kunne dei kome av garde, så dei blei reint ute av seg alle saman. Men så sa lensmannen - for han var no bedt til bryllaupet i kongsgarden han også - at borti skoghagen budde der ei jomfru; og "dersom de berre får lånt karepinnen som ho rakar i varmen sin med, så veit eg visst den heldt," sa han. Ja, dei sende bod til skoghagen, og bad så vakkert om dei ikkje kunne få låne den karepinnen lensmannen hadde snakka om; det var ikkje ordet nei til det, og så hadde dei då selepinne som ikkje rauk av. Men med det same dei ville til å køyre, gjekk vognbotnen sund. Dei til å lage ny vognbotn både fort og vel, men korleis dei spikra den saman og kva slags ved dei tok, så hjelpte det ikkje; aldri før hadde dei fått botn i vogna og skulle av garde, så rauk den sund att, og så var dei enda verre stelte enn med selepinnen. Men så sa skrivaren - for han var også i bryllaupet på kongsgarden: "Borti skoghagen her bur ei jomfru. Kunne De berre få låne den eine halvdøra i svalgangen hennar, så veit eg visst atden vil halde." Ja, dei sende bod til skoghagen att, og bad så vakkert om dei kunne få låne den gullforgylte svaldøra som skrivaren hadde talt om, og den fekk dei med ein gong. Så skulle følgjet til å reise att, men så orka ikkje hestane å dra vogna; seks hestar hadde dei framfor den, så spente dei for åtte, så ti, og så tolv; men kor mange dei spente for, og alt det kuskane brukte svepa, så hjelpte det ikkje, vogna rørde seg ikkje av flekken. Det lei alt langt på dag, og til kyrkje måtte og skulle dei, så dei blei reint mistrøystige, alle som var i kongsgarden; men så sa futen at borte i den forgylte husmannsstova i skoghagen budde det ei jomfru; berre dei fekk lånt kalven hennar, så -; "for den veit eg visst dreg vogna, om den så var tung som fjell!" sa futen. Dei syntest nok det var leit å køyre til kyrkje med ein kalv, men det var ikkje noko anna råd for, dei måtte sende bod igjen og be så vakkert frå kongen om han kunne få lånt den kalven som futen hadde talt om, og Meistermøy lèt dei få den, ho svara ikkje nei den gongen heller. Då dei så fekk spent den for så vogna kanskje fekk røre seg, gjekk det bratt og flatt, over stokk og stein, så dei knapt kunne trekkje vêret, og somme tider var dei på marka og somme tider i lufta; og då dei kom til kyrkja, tok det til å gå rundt omkring den, liksom eit hespetre, og det var berre med nød og neppe at dei kunne kome ut av vogna og inn i kyrkja. Og tilbake igjen gjekk det enda fortare, så dei mest ikkje visste av seg, då dei kom til kongsgarden. Då dei hadde sett seg til bords, sa kongssonen - han som hadde tent i risegarden - at han syntest dei burde be opp på kongsgarden den jomfrua nede i skoghagen som hadde lånt dei karepinnen og svaldøra og kalven; "for hadde vi ikkje fått dei tre tinga, så hadde vi ikkje vore av garde enno," sa han. Ja, den syntest kongen også var både rett og vel, og så sende han fem av sine beste menn ned til den forgylte husmannsstova; dei sa at dei skulle helse så mykje frå kongen, og be om ho ville vere så god å kome opp på kongsgarden og ete middag. "Hels kongen og sei at er han for god til å gå til meg, så er eg for god til å gå til han," sa Meistermøy. Så måtte kongen sjølv i vegen, og så blei Meistermøy med på timen. Og kongen trudde nok ho var litt meir enn ho såg ut til, for han sette henne i høgsetet oppe ved den yngste brudgommen. Då dei hadde sete ei lita stund til bords, tok Meistermøy fram hanen og høna og gulleplet, som ho hadde ført med seg frå risegarden, og sette dei på bordet framfor seg. Ikkje før hadde ho gjort det, så tok hanen og høna på å nappast om gulleplet. "Nei, sjå som dei fiktar om gulleplet då!" sa kongssonen. "Ja, slik fikta vi to også for å kome ut, den gongen vi var i berget," sa Meistermøy. Så kjende kongssonen henne att, og så kan det vel hende det blei glede på han. Den trollheksa som hadde trilla eplet til han, lèt han rive sund mellom tjuefire hestar såg det ikkje blei filla igjen av henne, og så la dei først riktig til å feire bryllaup; og enda så sårvenga dei var, så heldt dei då ut, lensmannen og skrivaren og futen også. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||