NORSK DEL, GULLVEKTA

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA

Guten som ville bli handelskar

Det var ein gong ei enkje som hadde ein son, og han hadde ikkje lyst til anna enn å bli handelskar. Men dei var så fattige at dei ikkje hadde noko som han kunne ta til å handle med. Det einaste mora åtte, var ei purke, og den bad og tigga han om så lenge og så vel at til sist måtte ho la han få den.
Sugga søv

Då han hadde fått den, skulle han av stad og selje den så han kunne få noko å starte å handle med. Han baud den fram både til likt og ulikt, men det var ingen som ville kjøpe purke den tida. Til slutt kom han til ein rik kakse; men mykje vil ha meir, og denne her var av det slaget som aldri kunne få nok.

"Skal du kjøpe purke i dag?" sa guten; "både stor purke, god purke, og riktig feit purke også," sa han. Kva skulle han ha for den? sa kaksen. Ho var minst verd ti dalar, om det var mellom brør, sa guten; men det var slike knappe tider og så vondt for pengar, så han fekk selje henne for fire dalar; det var så godt som givandes.

Nei, det ville kaksen ikkje; han ville ikkje gi éin dalar ein gong; han hadde fleire purker enn han brydde seg om å ha, det var ikkje vondt for det slaget; men sia guten så gjerne ville selje, kunne han nok tene guten med å kjøpe; men det meste han ville gi for heile purka, var fire skilling. Ville guten ha det, kunne han setje henne inn i grisehuset til dei andre, sa han.

Guten syntest det var harmeleg at han ikkje skulle få meir for purka; men han tykte at noko var betre enn ingenting, og så tok han dei fire skillingane og sette inn purka, så hadde han då pengar mellom hendene.

Men då han kom på vegen att, drog det etter med han at han var snytt på purka, og at han ikkje kom langt med fire skilling. Dess lenger han gjekk og grunda på dette, dess harmare blei han, og så tenkte han ved seg sjølv: "Kunne eg gjere han eit dyktig spikk att, fekk det vere det same både med purka og med skillingane."

Så gjekk han bort og fekk seg eit par sterke reimer og ein tjorpeis [ei svepe], og tok på seg ein stor kjole og sette på seg eit bukkeskjegg, og gjekk så tilbake til bonden og sa han kom frå utlanda; der hadde han lært å vere tømmermeister; - han visste at mannen skulle byggje, må vite.

Ja, mannen ville gjerne ta han til meister for bygginga sin, sa han, for der i bygda hadde dei ikkje anna enn simple, heimelærde tømmermenn. Då dei var borte og såg på tømmeret, var det den gjævaste malmfurua nokon kunne ønskje seg i ein husvegg, og guten sa også det var gildt tømmer, ingen kunne seie anna; men utanlands hadde dei no fått ein ny skikk som var mykje betre enn den gamle; dei hogde ikkje langtømmerstokkar og la inn i veggen, men dei skar dei opp i småstubbar, og dei solbakte dei og festa dei saman att, og det blei både sterkare og vakrare enn ein gammaldags laftebygning. "Det er no skikken alle stader i utlandet," sa guten.

"Det fekk så vere då," meinte bonden, og så fekk han i hop alle dei tømmermennene og tømmerhoggarane som fanst i bygda, til å hogge opp tømmeret i småstubbar.

"Men så må det til nokre store tre, av dei største mastefurene, til svillstokkar; kanskje det ikkje finst så store tre i skogen din," sa guten.

"Ja, finst dei ikkje i skogen min, er det vel vondt om slike tre," sa mannen, og så strauk dei til skogs begge to.

Litt opp i marka kom dei til eit stort tre. "Skal tru om det er stort nok?" sa mannen.

"Nei, det er ikkje stort nok; har du ikkje større tre, kjem vi ingen veg med bygginga, etter den nye måten då," sa guten.

"Ja, eg har dei nok større, skal du sjå," sa mannen; "men så må vi lenger bort." Så gjekk dei langt innover åsen, og så kom dei til eit digert tre, eit av dei største mastetrea i skogen.

"Meiner du denne er stor nok?" sa mannen.

"Eg trur det mest," sa guten; "vi skal femne den, så får vi sjå. Gå du på den andre sida av fura, så står eg her; er vi då ikkje gode for å nå saman med hendene, så er den stor nok; men tøy deg vel, seier eg," sa guten og fekk fram tommen sin. Mannen gjorde som guten sa.

"Ja vi rekker nok saman," sa guten; "vent litt, skal eg tøye deg betre," sa han, og sette rennesnare om handledda på han og drog til og batt han vel fast til fureleggen med tjorpeisen og til å dengje mannen så lenge han orka. "Her er guten du kjøpte purka av, å, her er guten du kjøpte purka av!" skreik han, og heldt ikkje opp før han syntest han hadde nok, og han sjølv hadde fått rett for purka, så løyste han bonden og lét han liggje.

Då bonden ikkje kom heim, gjorde dei manngard etter han frå bygda, og leita over heile marka, og endeleg fann dei han under mastefura, men då var han meir død enn levande.

Då dei hadde fått han vel til gards, kom guten og hadde kledt seg ut som lege, og sa han kom frå utlanda, og han visste råd for all slags uråd. Då mannen høyrde det, ville han ha han til å dokterere seg, og guten meinte det skulle ikkje stå lenge på, men han måtte ha han ut i ei stove for seg sjølv, og der måtte han vere aleine med han. "Høyrer De han skrik," sa guten, "så skal de ikkje ense det; for dess meir han skrik, dess før blir han god att."

"Først skal eg årelate deg," sa han; og så la han mannen på brystet på langbenken og batt han vel fast med reima; så kom tjorpeisen fram, og til å dengje han att, alt han orka. Mannen hoia og skreik, for ryggen var sår, og det svei i berre kjøtet, og guten dengde så det ikkje var måte på det. "Her er guten du kjøpte purka av, å, her er guten du kjøpte purka av!" sa han.

Mannen bar seg som det sett ein kniv i han; men det var ingen som brydde seg om det, for dess meir han skreik, dess før blei han god att, meinte dei. Då guten hadde gjort frå seg doktereringa, reiste han av garde det fortaste han kunne. Men dei reiste etter og fekk fatt på han igjen og sette han fast, og så blei han dømt til å hengast.

Og bonden var så harm at han ville ikkje guten skulle hengast før han blei så god at han kunne gjere det sjølv.

Mens guten sat der og venta på at han skulle bli hengd, var ein av husmennene til mannen ute ei natt og stal frå han, og det såg guten. Du er ein god tjuvradd, tenkte han, og det skulle vel vere artig om eg skulle få gjort eit spikk med deg før dei heng meg, sa han ved seg sjølv.

Då det lei fram så mannen var så god han trudde han kunne orke å hengje han, let han dei setje opp ein galge nede ved kvernvegen så han kunne få sjå kroppen hengje over der kvar gong han gjekk til kverna.

Då dei var komne eit stykke på vegen, så sa guten:

"Du nektar meg vel ikkje å tale i einerom med husmannen ditt som er på kverna og mel? Eg har ein gong gjort han ein fantestrek, og den vil eg skrifte og be han tilgi meg, før eg dør."

Ja, det skulle han få lov til.

"Gud bere deg," sa han til husmannen, "No kjem husbonden og vil hengje deg opp for di du stal i kålhagen hans."

Då husmannen høyrde det, blei han så ille ved at han ikkje visste råd til å berge seg, og spurde guten kva han skulle gjere. "Kom og byt klede med meg og gøym deg bak døra, så veit han ikkje anna enn det er meg," sa guten, "og tek han nokon då, så blir det ikkje deg, men meg," sa han.

Det tok tid før dei fekk byta og teke på seg att, så mannen tok til å bli redd for at guten kanskje kunne ha rømt. Han sette av stad til kvernhusdøra.

"Kor er han?" sa han til guten som stod der så kvit som ein møllar.

"Han var her rett no, eg synest han gøymde seg bak døra," sa guten.

"Ja eg skal lære deg å gøyme deg bort, din skøyar," sa han, og tok husmannen i fullt sinne og strauk av stad til galgen med han og hengde han opp med det same, og han visste ikkje anna enn det var guten han hengde.

Då det vel var gjort, ville han inn i kvernhuset og tale med husmannen sin, som var der og mol.

Guten hadde letta opp overkverna og heldt på å trivle under med hendene.

"Kom hit og kjenn kor underleg denne kvernsteinen er," sa guten.

Mannen gjekk borttil og kjende etter med den eine handa.

"Nei, du kjenner det ikkje utan du tek under og trivlar med begge hendene," sa guten.

Ja, han gjorde så, men med det same nappa guten lyftestonga unna og slapp overkverna på han så han sat fastklemt mellom steinane; og så fram med tjorpeisen og til å dengje han det meste han orka att.

"Å, her er guten du kjøpte purka av!" skreik han.

Då han hadde dengt han så mykje han ville og kunne, reiste han heim til mor si. Etter ei tid tenkte han mannen hadde kome seg att, så sa han til henne:

"Ja, no kjem han vel snart, denne mannen eg selde purka til. No veit eg inga råd til å berge meg for han lenger; eg får grave opp eit hòl sør i jordet, og der får eg liggje om dagen, og så får du seie til han som eg seier føre deg," sa guten, og talte om kva ho skulle seie og gjere.

Han grov opp eit hòl då, som han hadde sagt, og tok med seg ein stor lang slaktarkniv og la seg nedi, og mor hans la over han bar og kvist og mose, så var han vel gøymt. Der låg han om dagen. Om ei stund kom mannen reisande og spurde etter guten.

"Ja, det blei mykje til kar av han, enda han ikkje fekk meir enn ei purke av meg," sa kjerringa; "han blei både doktor og tømmermeister, og så blei han hengd og stod opp att frå dei døde, og enda får eg aldri høyre anna enn ulikt om han. Her om dagen kom han flygande heim, og då gjorde han meg den største glede eg har hatt av han, han la seg til å døy," sa kjerringa. "Eg brydde meg ikkje så mykje om han at eg ville koste prest og kristen jord på han; men eg grov han ned her sør i jordet og raka over han noko kvist og bar," sa ho.

"Ser du om han ikkje snytte meg og slapp likevel!" sa mannen. "Men sia eg ikkje fekk hemna meg på han i levande live, så skal eg gjere han ei vanære på grava hans."

Han strauk sør i jordet og ville setje seg; men i det same stakk guten kniven i han like til skaftet og skreik:

"Her er guten du kjøpte purka av! Å, her er guten du kjøpte purka av!"

Mannen av stad med kniven i kroppen, og blei så redd og forskremd at han verken har vore høyrd eller spurt sia.

OPP


Den grøne riddaren

Det var ein gong ein konge som var enkjemann, og han hadde ei einaste dotter. Men det er eit gammalt ord at enkjemannssorg er som olbogestøyt, den gjer vondt, men den går snart over; og så gifta han seg med ei dronning som hadde to døtrer. Og denne dronninga, ho var ikkje betre enn stemødrer bruker vere; slem og trollete var ho støtt mot stedottera.

Langt om lenge, då dei var vaksne, desse kongsdøtrene, blei det krig, og kongen skulle ut og slåst for land og rike. Dei tre døtrene skulle få lov å seie kva kongen skulle kjøpe og ha med heim til dei dersom han vann på fienden. Stedøtrene skulle no seie frå først, kva dei ville ønskje seg, må vite. Jo, den første bad om ein gullrokk, så stor at den kunne stå på ein åtteskilling av sølv, og den andre bad om eit gullepletre så stort at det kunne stå på ein åtteskilling av sølv. Det ville dei ha; og det var no verken for vinninga eller for spinninga til nokon av dei. Men den eigne dottera hans, ho ville ikkje be om anna enn at han ville helse den grøne riddaren.

Kongen reiste ut i krigen, og korleis det gjekk så vann han, og korleis det bar til, så kjøpte han det han hadde lovt stedøtrene; men det den eigne dottera hans hadde bedt han om, gløymde han reint bort. Men så gjorde han gjestebod, fordi han hadde vunne. Der fekk han sjå den grøne riddaren, og så kom han det i hug, og helste han frå rettedottera si. Riddaren takka han for helsinga, og han gav han ei bok som såg ut som ei salmebok med låsbar perm. Den skulle kongen ta med og gi henne; men han måtte ikkje late den opp, og ikkje måtte ho det heller før ho var aleine.

Då kongen var ferdig med krigen og gjesteboda, kom han heim att, og han var nesten ikkje komen innafor døra, før stedøtrene kringsette han etter det han hadde lovt å kjøpe til dei. Ja, han hadde det. Men den eigne dottera hans, ho heldt seg tilbake og spurde ikkje etter nokon ting, og kongen kom det ikkje i hug han heller, før ein gong han ville gå ut; då tok han på seg den kjolen han hadde hatt i gjestebodet, og med det same han greip ned i lommene etter lommetørklet, kjende han boka. Så gav han henne den, og sa han skulle helse, den var frå den grøne riddaren, og ho måtte ikkje lukke den opp før ho var aleine.

Om kvelden då ho var for seg sjølv oppe på kammerset, opna ho boka, og med det same høyrde ho først ein slått, så vakker at ho aldri hadde høyrt maken til den, og så kom den grøne riddaren. Han sa at boka var slik at når ho opna kom han til henne, det var det same kor ho var henne, og når ho lukka den att, var han borte med det same.

Ja, ho lukka ofte opp boka om kvelden når ho var aleine og i ro, og riddaren kom alltid til henne og var der vanlegvis. Men stemora hadde nasen sin i alt; ho skjøna det var nokon inne hos henne, og ho var ikkje sein om å seie det til kongen. Han ville ikkje tru det; dei fekk då sjå etter først om det var så, før dei kom med slikt og tok på henne for det. Ein kveld stod dei utafor og lydde, og dei syntest tydeleg det talte innafor. Då dei kom inn, var det ingen der. "Kven var det du talte med?" spurde stemora både hardt og kvast. "Det var ingen det," sa kongsdottera. "Jo, eg høyrde det jo tydeleg," sa ho. - "Eg låg berre og las i ei bønebok." - "Vis meg den," sa dronninga. - Ja, det var ikkje anna enn bønebok det, og den måtte ho saktens ha lov å lese i, sa kongen.

Men stemora trudde det same som før, og så bora ho eit hòl i veggen og lurte der. Ein kveld høyrde ho riddaren var der, reiv opp døra og fór som ein vind inn til stedottera; men ho var ikkje sein om å lukke boka, ho heller, så han blei borte i ein fart. Men kor kjapp ho hadde vore, så fekk stemora sett ein snert av han så ho var viss om at nokon hadde vore der.

Så skulle kongen ut på ein lang reise. Imens fekk dronninga grave eit djupt hòl i jorda; der mura dei opp eit hus; men i muren lé ho dei leggje rottekrut og anna streng gift, så det ikkje skulle kome inn så mykje som ei mus ein gong. Murmeisteren fekk god betaling, og lovde at han skulle reise frå landet; men det venta han med, han. Der blei kongsdottera sett nedi med terna si, og så mura dei igjen gangen så det berre var eit lite hòl oppi, som dei kunne sende mat ned igjennom til henne. Her sat ho og sørgde, og tida fall lang og lenger enn lang. Så kjende ho at ho hadde med seg boka, og tok den og lukka den opp. Først høyrde ho den same vakre slåtten ho før hadde høyrt, og sia ynkeleg jamring og læte, og rett som det var, kom den grøne riddaren. "Eg er nesten død no," sa han, og så fortalde han at stemora hadde lagt gift i muren, og han visste ikkje om han kunne kome ut att med livet. Då ho så måtte lukke boka, så høyrde ho den same jamringa og låten att.

Men den terna som var hos henne, hadde ein kjæraste, og han fekk ho sendt til murmeisteren og be han gjere hòlet så stort at dei kunne krype opp igjennom det, og kongsdottera skulle betale han så godt at han skulle ha nok alle levedagane sine. Ja, han gjorde det. Dei slapp ut og reiste langt, langt bort i fremmende land, både ho og terna. Kor dei kom, så spurde dei etter den grøne riddaren. Langt om lenge kom dei til eit slott som var kledd med svart. Med det same dei skulle framom der, kom det eit flo-regn på dei; så gjekk kongsdottera inn under kyrkjesvala og ville stå der til regnbya var over. Som dei stod slik, kom ein ung mann og ein gammal mann som også ville gå i ly for regnet. Kongsdottera drog seg då lenger inn i kroken så dei ikkje fekk sjå henne.

"Kva kjem det av at denne kongsgarden er kledd med svart?" sa den unge. "Veit du ikkje det?" sa gamlingen; "kongssonen her er dødssjuk, han som dei kalla for den grøne riddaren." Og så fortalde han korleis det hadde gått til. Då den unge hadde høyrt korleis riddaren hadde fått det, spurde han om det ikkje var nokon som kunne gjere han god att. "Nei det er ikkje meir enn ei råd," sa han, "og det er dersom den jomfrua som sat i huset under jorda, kjem og plukkar lækjeurter på marka, koker dei i søt mjølk og vaskar han tre gonger." Og så rekna han opp kva det var for urter som skulle til for at han skulle bli frisk. Dette høyrde ho, og ho høyrde vel etter også.

Salvia officinalis
Den oppkvikkande lækjeurta salvie blir nytta for å hjelpe sår å gro, og mot ymse slags betennelsar. Ein blir tilrådd å unngå salvie under graviditet. [Sjå Tih 138]

Då regnet var over, gjekk dei to, og ho bidde ikkje lenge, ho heller. Då dei kom heim der dei budde, måtte dei ut og hente alle slags urter på mark og i skog, både ho og terna, og dei plukka og sanka seint og tidleg av alle dei ho skulle ha å koke. Så kjøpte ho seg ein doktorhatt og ein doktorkjole, gjekk opp til kongen og baud seg til å gjere kongssonen god att.

Nei, det kunne ikkje nytte, sa kongen; det hadde vore så mange der og prøvt på det, men det var støtt blitt verre og ikkje betre. Ho gav seg ikkje, men lovde sikkert at han skulle bli godt, og det både fort og vel. Ja, så skulle ho få lov å prøve då, og kom inn til den grøne riddaren og vaska han første gongen. Då ho kom att den andre dagen, var han så god at han kunne sitje i senga; den neste dagen var han kar til å gå over stuegolvet, og den tredje dagen var han så frisk som fisken i vatnet. Han skulle ut på jakt, sa doktoren.

No blei kongen så glad i doktoren som fuglen i lyse dagen. Men doktoren ville heim. Så kasta ho kjolen og hatten, pynta seg og laga til eit måltid, og så lukka ho opp boka. Det var den same gledeslåtten som før, og med det same kom den grøne riddaren. Han undrast på korleis ho var komen dit. Men så fortalde ho korleis alt var gått til, og då dei hadde ete og drukke, tok han henne med like opp på slottet og fortalde kongen korleis det hadde gått til frå først til sist.

Så blei det bryllaup og bryllaupsfeiring, og då dei var ferdige med det, reiste dei heim. Då blei det stor glede på far hennar. Men stemora tok dei og trilla i ei spikartønne.

ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA
Asbjørnsen og Moe - SLUTTBOLK

Asbjørnsen og Moe - LITTERATUR  

Tih: Hoffmann, David. The Complete Illustrated Herbal: A Safe and Practial Guide to Making and Using Herbal Remedies. Bath: Mustard/Parragon, 1999.

Asbjørnsen og Moe - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Asbjørnsen og Moe BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2008–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]