NORSK DEL, GULLVEKTA

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA

Gale-Mattis

Det var ein gong ei kjerring som hadde ein son som heitte Mattis. Men han var så tullete at han ikkje hadde vett på nokon ting. Ikkje tok han seg stort til heller, og det vesle han gjorde, blei bakvend støtt, og aldri rett. Derfor kalla dei han aldri anna enn Gale-Mattis.

Dette syntest kjerringa var ille, og enda verre syntest ho det var at sonen gjekk der og aldri tok seg anna til enn å dra seg utmed veggene.

Tett ved der dei budde, gjekk det ei stor elv, og den var strid og lei å kome over. Så sa kjerringa ein dag til guten at det var ikkje vondt for tømmerskog der, den voks mest innpå stueveggen; han fekk hogge, drive fram, og freiste å byggje bru over elva og ta toll, så hadde han då noko å gjere og noko til levemåte også.

Ja, det syntest Mattis også, for mor hans hadde sagt det; det ho bad om, det skulle han gjere. Det var visst og sikkert, sa han, og det ho sa, det skulle vere så og ikkje annleis. Han hogde tømmer og dreiv det fram og bygde bru. Det gjekk ikkje fælande fort med arbeidet, men så hadde han då noko å ta seg til mens det stod på.

Då brua var ferdig, skulle guten stå nedved der og ta toll av dei som ville fare over, og mor hans sa han skulle ikkje sleppe over nokon utan dei betalte toll; det fekk vere det same om det ikkje støtt var pengar; varer var også god betaling, sa ho.

Den første dagen kom det tre karer med kvar sitt høylass og ville over brua.

"Nei," sa guten, "de får ikkje fare over før eg har fått toll."

"Vi har ikkje noko å betale med," sa dei.

"Ja, så kjem de ikkje over; men det får vere det same om det ikkje er pengar; varer er også god betaling," sa guten.

Så gav dei han ein høydott kvar så han hadde eit lite kjelkelass; så skulle dei få lov å fare over brua.

Så kom det ein skreppekremmar, som hadde synåler og tråd og anna skreppegods, og ville over.

"Du får ikkje fare over før du har betalt toll," sa guten.

"Eg har ikkje noko å betale med," sa kremmaren.

"Du har vel varer?" sa guten.

Så tok kremmaren fram eit par synåler og gav han; så fekk han fare over brua. Guten stakk nålene inn i høyet, og så reiste han. Då han vel var kome heim, så sa han: "No har eg fått toll og noko til levemåte!"

"Kva fekk du då?" sa kjerringa.

"Å, det kom farande tre karar med kvar sitt høylass; dei gav meg ein høydott kvar så eg fekk eit lite kjelkelass; og så fekk eg eit par synåler av ein skreppekremmar," sa guten.

"Kva gjorde du av høyet?" sa kjerringa.

"Eg togg på det; men det smakte ikkje anna enn gras, så eg kasta det på elva," sa guten.

"Det skulle du breidd utover låvegolvet," sa kjerringa.

"Det skal eg gjere ein annan gong, mor," sa guten.

"Kva gjorde du av synålene då?" sa kjerringa.

"Eg stakk dei i høyet," sa guten.

"Å du er ein tull!" sa kjerringa; "du skulle stukke dei ut og inn i hua di."

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

Neste dagen, då guten var nede ved brua att, kom det ein mann frå kverna med ein mjøl-kløv og ville over.

"Du kjem ikkje over før du betaler toll," sa guten.

"Eg har ikkje småpengar å betale med," sa mannen.

"Ja, så kjem du ikkje over," sa guten; "men varer er god betaling," sa han. Så fekk han eit halvt kilo mjøl, og så slapp han mannen over.

Det varte ikkje lenge før det kom farande ein smed med ein kløv smedarbeid og ville over. Men det var det same.

"Du får ikkje kome over før du betaler toll," sa guten. Men smeden hadde heller ikkje pengar å betale med. Så gav han guten ein navar, og så slapp han over.

Då guten kom heim til mor si, så var tollen det første ho spurde etter. "Kva fekk du til toll i dag?" sa ho.

"Å, det kom ein mann frå kverna med ein mjølkløv, han gav meg ein halvkilo mjøl, og så kom det ein smed med ein kløv smedarbeid, han gav meg ein navar," sa guten.

"Kva gjorde du av navaren då?" sa kjerringa.

"Eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten; "eg stakk den ut og inn i hua mi."

"Ja men det er galt det," sa kjerringa; "den skulle du ikkje ha stukke ut og inn i hua di, men du skulle stukke den inn i trøyeermet ditt."

"Ja, ja, tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

"Kva gjorde du av mjølet då?" sa kjerringa.

"Å, eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten; "eg breidde det utover låvegolvet."

"Eg har aldri høyrt så galt!" sa kjerringa; "du skulle gått heim etter eit spann og hatt det i," sa ho.

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

Dagen etter var guten ved brua igjen og skulle ta toll. Så kom det éin med ein brennevinskløv og ville fare over.

"Du kjem ikkje over før du betaler toll," sa guten.

"Eg har ikkje småpengar," sa kløvkaren.

"Ja, så får du ikkje kome over; men du har vel varer?" sa guten. Ja så fekk han ein halvliter brennevin, og den slo han i trøyeermet sitt.

Ei stund etter kom det éin med ei geitedrift og ville over brua.

"Du kjem ikkje over før du betaler toll," sa guten. Ja, han var ikkje rikare han enn dei andre; han hadde ikkje pengar; men så gav han guten ein liten geitebukk, og så kom han over med drifta si. Guten tok bukken og trakka ned i ein trespann han hadde teke med. Då han kom heim, spurde kjerringa igjen:

"Kva fekk du i dag?"

"Å, det kom éin med ein brennevinskløv, og han fekk eg ein halvliter brennevin av," sa guten.

"Kva gjorde du med det?" sa kjerringa.

"Å, eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten; "eg slo det i trøyeermet mitt."

"Ja, men det var gale det, sonen min; du skulle gått heim etter ein flaske og slått det på," sa ho.

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

"Så kom det ein mann med ei geitedrift, han gav meg ein liten geitebukk, og det trakka eg ned i spannet," sa han.

"Det var gale og galare enn gale det, sonen min," sa kjerringa; "du skulle ha bunde på den eit vidjeband og leitt bukken heim," sa mor hans.

"Ja, tei stilt du mor; det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

Neste dagen la han ned til brua igjen og skulle ta imot toll. Så kom det ein mann med ein smørkløv og ville over brua. Men guten sa han fekk ikkje kome over før han betalte toll.

"Eg har ikkje noko å betale med," sa mannen.

"Ja, så får du ikkje fare over," sa guten; "men har du varer, kan eg ta dei for god betaling," sa han.

Så gav mannen han eit smørstykke. Då fekk han lov til å fare over brua ,og guten strauk til vidjeskogen, vreid ein vidje, sette den på smørstykket, og drog det heim etter vegen; men kor han gjekk, blei det liggjande igjen noko av smøret, og då han kom heim, hadde han ikkje meir att.

"Kva fekk du i dag?" sa mor hans.

"Det kom ein mann med ein smørkløv, han gav meg eit stykke smør," sa guten.

"Kor har du det då?" spurde kjerringa.

"Eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten, "eg batt på smøret eit vidjeband og leide det heim; men det blei borte på vegen," sa han.

"Å du er ein tull, og du blir ein tull!" sa kjerringa. "No har du jo ikkje noko for alt det strevet; men hadde du vore som andre folk, kunne du hatt både mat og brennevin, både høy og reiskap. Er du ikkje god for å stelle deg betre, veit eg ikkje kva eg skal ta meg til med deg. Kanskje du kunne bli likare og få noko vett om du blei gift og fekk eit menneske som kunne stelle med deg; eg meiner det er best du tek i vegen og ser til å finne deg ei bra jente. Men så må du berre deg snilt åt på vegen, og helse når du treffer folk."

"Kva skal eg seie då?" spurde guten.

"Skal du spørje om det?" sa mora. "Guds fred! skal du sei, må vite."

"Ja, eg skal gjere som du seier, eg," sa guten, og så la han i vegen og skulle gå på friing. Då han var komen eit stykke på vegen, møtte han ein ulv med sju ungar, og då han kom så langt fram at han var ved sida av den, stansa han og helste: "Guds fred!" då han hadde sagt det, gjekk han heim att. "Eg sa som du bad meg, eg mor," sa guten.

"Kva sa du då?" spurde mora.

"Guds fred! sa eg," sa guten.

"Kva møtte du då?" spurde mora.

"Eg møtte ein ulv med sju ungar," sa guten.

"Ja, du er lik deg sjølv du!" sa mora. "Korfor skulle du seie Guds fred til ulven? Du skulle ha klappa i hop hendene og sagt: Husj! Husj, di skrubbe! skulle du sagt."

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg sei ein annan gong det," sa guten og strauk av garde. Og då han var komen eit stykke på vegen, møtte han eit brudefølgje. Så stansa han då han var komen midt framfor bruda og brudgommen, og slo hendene i hop og sa: "Husj! Husj, di skrubbe!" Så gjekk han heim til mor si. "Eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten; "men eg fekk stryk for det," sa han."

"Kva gjorde du då?" spurde kjerringa.

"Eg slo i hop hendene og sa: Husj! Husj, di skrubbe! eg," sa guten.

"Kva møtte du då?" sa kjerringa.

"Eg møtte ei brudeferd," sa guten.

"Å du er ein tull! Du blir lik deg!" sa mora. "Korfor skulle du sei slikt til brudeferda? Ri lystig, brud og brudgom, skulle du sagt," sa kjerringa.

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg seie ein annan gong," sa guten og la i vegen att. Så møtte han ein bjørn som rei på ein hest. Guten venta til han kom ved sia av den. "Ri lystig, brud og brudgom!" sa han, og så gjekk han heim att og fortalde han hadde sagt det som mor hans bad han om.

"Kva sa du då?" spurde mor hans.

"Ri lystig, brud og brudgom! sa eg," svara guten.

"Kva møtte du då?" spurde mor hans.

"Eg møtte ein bjørn som rei på ein hest," sa guten.

"Kross for ein tull du er!" sa mora. "Til h-s med deg! skulle du ha sagt," sa ho.

"Ja tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong," sa guten.

Så la han av stad igjen og møtte eit likfølgje; då han kom midt framfor liket, helste han og sa: "Til h-s med deg!" så la han heim til mor si, og fortalde han hadde sagt som ho bad han.

"Kva sa du då?" spurde kjerringa.

"Til h-s med deg! sa eg," svara guten.

"Kva møtte du då?" spurde mor hans.

"Eg møtte eit likfølgje," sa guten; "men eg fekk stryk, eg," sa han.

"Ja, det skulle du hatt meir av," sa kjerringa; "Gud vere di arme sjel nådig! skulle du sagt," sa ho.

"Ja, tei stilt du mor, det skal eg gjere ein annan gong det," sa guten, og så strauk han av stad att. Då han kom eit stykke på vegen, fekk han sjå eit par stygge taterar som flådde ei bikkje. Då han kom fram til dei, så helste han og sa: "Gud vere di arme sjel nådig!" Og då han hadde sagt det, gjekk han heim att og fortalde at han hadde sagt det mora hans bad han om; men stryk fekk han så han nesten ikkje orka å dra seg heim.

"Kva sa du då?" spurde kjerringa.

"Gud vere di arme sjel nådig! sa eg," svara guten.

"Kva møtte du?" spurde mor hans.

"Det var eit par taterar som flådde ei bikkje," sa guten.

"Ja du blir lik deg du!" sa kjerringa. "Det er både synd og skam som du fer fram. Ein skulle aldri høyrt slik styggedom. Men no får du fare i vegen ein gong til og ikkje bry deg om kva du møter, for du får bort og gifte deg, og sjå om du kan få ei som skjøne betre korleis verda går føre seg og er klokare til å styre enn du. Men no får du skikke deg som folk, og går det vel, får du ønske til lykke og rope hurra," sa ho.

Ja, guten gjorde alt den mora hans bad han om. Han la i vegen og fridde til ei jente, og ho syntest at guten kunne ikkje vere så lei enda, og så sa ho ja, ho ville ha han.

Då guten kom heim, ville kjerringa vite kva jenta hans heitte. Men det visste han ikkje. Så blei kjerringa harm, og sa at han fekk i vegen att; for no ville ho vite kva jenta hans heitte. Med det same guten skulle reise heim att, sansa han så mykje at han spurde etter namnet. Jo, ho heite Sølvi, sa ho. Guten sprang og mulla med seg sjølv:

"Sølvi, Sølvi
Tausa mi!
Sølvi, Sølvi
Tausa mi!"

Men rett som han rende så fort for at han skulle kome heim før han hadde gløymt det bort, stupte han over ei tue, og så gløymde han namnet att. Då han kom på beina, tok han på å leite omkring tua, men han fann ikkje anna enn eit grev. Det tok han, og til å grave og leite alt han orka. Som han stod der og grov, kom det ein gammal mann.

"Kva er det du grev etter?" sa mannen. "Har du mista noko her?"

"Å ja, å ja, eg har mista namnet til tausa mi," sa guten; "men eg kan ikkje finne det att," sa han.

"Eg trur ho heiter Sølvi," sa mannen.

Då guten høyrde det, rende han av stad med grevet i handa og ropte:

"Sølvi, Sølvi
Tausa mi!"

Men då han var komen litt bortpå jordet, kom han i hug at han hadde teke grevet med seg, og så kasta han det tilbake, like i foten på mannen. Mannen til å skrike og bere seg som det sat ein kniv i han, og så gløymde guten namnet og sprang heim det fortaste han kunne, og då han kom heim, var det første mor hans spurde: "Kva heiter jenta di?" Guten var like klok; han visste det ikkje betre no enn første gongen.

"Du er same stortullen du," sa kjerringa. "Du kjem nok ingen veg med dette heller. Men no får eg reise i vegen sjølv og hente jenta di heim hit og få gifte deg. Imens får du bere vatn på femte veggen [vaske dei fem nedste stokkelaga i stua], og så får du ta noko av bust og noko av bog [flesk og sauekjøt], og det grønaste i kålhagen får du ta, og koke alt, og når du har gjort det, får du fjøre deg vel opp så du er søt gut til jenta di kjem, og så kan du setje deg på stabben."

Ja, den meinte guten han nok skulle gjere; han bar vatn og slo inn i stua så det monna; men han kunne ikkje få det til å stå høgare enn til fjerde stokkelaget; når det kom høgare, rann det ut. Så måtte han halde opp med det. Men no hadde dei ein hund som heitte Bust, og ein katt som heitte Bog; dei tok han og putta i soddgryta. Det grønaste han fann i kålhagen, var ein grøn kjole, som kjerringa hadde esla sonekona si; den hakka han fint og hadde i soddet; men grisen som heitte Alt, den kokte han for seg sjølv i bryggjepanna. Då guten vel hadde gjort ifrå seg det, fant han seg ei krukke med sirup og ei fjørdyne; først smurde han seg med sirupen, og sia sprette han opp dyna og velta seg i fjørene, og så sette han seg på stabben ute i kjøkkenet til mora og jenta kom.

Det første kjerringa sakna då ho kom til gards, var hunden, for den brukte støtt å møte henne på jordet. Det neste ho sakna, var katta, for den møtte henne støtt i svala, og når det var rett godt vêr og solskin, så kom den ut på tunet og møtte henne ved grinda. Den grøne kjolen ho hadde esla sonekona si såg ho heller ikkje, og grisen, som grynta og følgde etter kor ho gjekk, den var ikkje der, den heller. Så skulle ho til å spørje om det; men i det same ho letta på klinka, stod vatna ut gjennom døra som ein foss, så dei nær var blitt borte i flaumen, både kjerringa og jenta.

Dei måtte gå omkring til kjøkkendøra, og då dei kom inn, sat denne skapningen oppfjøra der.

"Kva er det du har gjort?" sa kjerringa.

"Eg har gjort som du bad meg eg, mor," sa guten; "eg bar vatn på femte veggen; men like fort som eg bar inn, rann det ut så eg fekk det ikkje høgare enn til den fjerde."

"Ja men Bust og Bog då?" sa kjerringa, og ville slå det bort i noko anna, "kor har du gjort av dei?" sa ho.

"Eg gjorde som du bad meg om eg, mor," sa guten, "eg tok og la dei i soddgryta. Dei både skreik og let, og dei beit og dei klorte, og han Bust var sterk og sparka imot, men han måtte til sist likevel, og Alt, han koker i bryggjepanna i eldhuset, for han var det ikkje rom til i soddgryta!" sa han.

"Men kva har du gjort av den nye grøne kjolen eg hadde esla sonekona mi?" sa kjerringa, og ville slå bort galskapen hans.

"Å, eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten. "Den hang i kålhagen, og den var det grønaste som var der, og så tok eg den og hakka den smått og hadde i soddgryta."

Kjerringa bort i peisen og reiv gryta av, slo ut alt saman, og fekk på ei ny ei. Men då ho fekk sjå på guten, blei ho reint fælen.

"Korleis er det du ser ut då?" sa ho.

"Eg gjorde som du bad meg eg, mor," sa guten; "først så smurde eg meg med sirup og gjorde meg søt, og sia så spretta eg opp dyna og fjøra meg vel opp," sa han.

Ja, kjerringa slo det bort så godt ho kunne, fekk ribba fjørene av guten, og vaska han, og fekk klede på han att.

Så skulle dei ha bryllaup; men først skulle Mattis gå til byen og selje ei ku og kjøpe til bryllaups for. Kjerringa sa han korleis han skulle bere seg åt, og både det første og det siste var at han endeleg måtte sjå å få noko for kua. Ja, guten meinte nok at han skulle få noko for den. Då han kom på torget med kua, og dei spurde kva han skulle ha for den, var det ikkje anna svar å få av han enn at han skulle ha "noko" for den. Så kom det ein slaktar, og han bad guten ta kua og følgje med heim så skulle han få "noko" for den. Ja, Mattis tok med kua, og då han kom fram, så spytta slaktaren i neven på han og sa: "Der har du noko for kua dei, men pass vel på det!"

Guten gjekk så varleg som han gjekk på egg, og heldt neven att; men då han var komen så langt som på bygdevegen nedanfor jordet, møtte han presten, som kom køyrande.

"Lat opp grinda for meg, guten min!" sa presten.

Guten skunda seg å late opp, men gløymde det han hadde i handa, og greip til med begge hender så det blei sitjande att på grinda. Då han kjende det var borte, blei han sint, og sa at "han far" hadde teke "noko" frå han. Men då presten spurde om han ikkje var normal, og sa at han ikkje hadde teke noko frå han, blei guten så harm at han slo presten i hel, og grov han ned i ei myr ved vegen. Då han var komen heim, fortalde han mora det, og ho slakta ein geitebukk og la ned der guten hadde lagt presten, og presten grov ho ned ein annan stad. Då ho hadde gjort det, hengde ho over ei gryte med grynvelling, og då den var kokt, fekk ho Mattis til å setje seg i peisen og spikke stikker. Imens gjekk ho opp på taket med gryta og helte grynvellingen nedigjennom pipa så den fløymde over guten.

Dagen etter kom lensmannen. Då han spurde, dulte ikkje Mattis for at hadde slått presten i hel, og han sa han gjerne skulle vise lensmannen kor han hadde lagt han far også. Lensmannen spurde kva dag det var. "Det var den dagen då det regna grynvelling over all verda," sa guten. Då så han og lensmannen kom der han hadde grave ned presten, trekte han fram geitebukken og spurde: "Hadde presten dykkar horn?" Men då øvrigheita høyrde det, trudde den at guten var reint frå vettet, og sleppte han så.

Så skulle bryllaupet stå, og kjerringa snakka både godt og vel for guten og sa at når dei kom til bords, måtte han bere seg vakkert åt; han måtte ikkje sjå for mykje på bruda, men kaste eit auge på henne no og då; ertene kunne han ete sjølv, men egga måtte han skifte med henne, og beina skulle han leggje utmed seg på bordet, men han måtte leggje dei vel saman opp på tallerkenen.

Ja, Mattis skulle gjere det, og gjere det vel også; han gjorde alt den mora hans bad han, han, og ikkje noko anna. Han strauk i sauehuset og stakk ut auga på alle sauer og geiter der, og tok dei med seg. Då dei kom til bords, sette han seg med ryggen til jenta; men best han sat, kasta han eit saueauge så det klinte seg i ansiktet på henne; om ei lita stund kasta han eitt til, og slik heldt han på. Egga åt guten alle i hop så jenta fekk ikkje smake eitt; men då ertene kom, bytta han med henne. Då dei så hadde ete ei stund la guten føtene sine saman, og opp på tallerkenen med dei.

Om kvelden då dei skulle leggje seg, var jenta kei og lei, og ho syntest det ikkje var noka hjelp i å ha ein slik tull til mann. Så sa ho at ho hadde gløymt noko, ho ville gå ut litt. Men det måtte ho slett ikkje få lov til; guten ville følgje med, for han var redd at ho ikkje skulle kome inn att.

"Nei, ligg still du!" sa bruda; "her er eit langt bustereip; det skal eg binde på meg, og så skal eg la døra stå open. Synest du då at eg blir for lenge, kan du berre dra i reipet, så dreg du meg inn att."

Ja, det var Mattis nøgd med; men då jenta kom ut på tråkka, møtte ho ein geitebukk, løyste av seg reipet og batt det på geitebukken.

Då guten syntest ho blei for lenge ute, tok han til å dra i reipet, og så drog han geitebukken opp i senga til seg. Då han hadde lege ei stund, ropte han:

"Mor, mor, bruda mi har horn som ein geitebukk!"

"Oi, stygge guten som ligg og vasar!" sa mor hans; "det er hårflettene hennar vesla, vegne eg."

Rett som det var, skreik guten igjen:

"Mor, mor, bruda mi har ragg som ei geit!"

"Oi, du stygge guten som ligg og gjel!" sa kjerringa.

Men det var inga ro å få, for rett som det var, skreik og gol guten om at jenta hans var som ein geitebukk, både i eitt og anna. Då det lei på morgonsida, sa kjerringa:

"Klyv opp du, son min, og gjer på varmen!"

Guten kleiv opp på ein hjell under taket og tente varme på noko halm og flis og anna rask som låg der; men så blei det slik røyk at han ikkje kunne halde ut inne; han måtte ut og det var i det same dagen spratt. Kjerringa måtte også leggje på sprang, og då dei kom ut, brann stua så logen stod høgt opp gjennom taket.

"Til lykke, til lykke! Hurra!" skreik guten. Det syntest han var glup bryllaupsmoro.

OPP


Krambuguten med gammalostlasten

Det var ein gong ein krambugut; han var så godt likt av alle der han var at dei syntest han var for god til å stå bak disken med meterstokk og stongvekt. Dei ville hjelpe han til ein ladning å fare utanlands med, og så lé dei han velje kva han ville reise med. Han valde gammalost, og fór til Tyrkia med den. Der selde han det godtet; men då han skulle på heimvegen, trefte han to som hadde drepe ein mann, og det var ikkje nok at dei hadde drepe han i levande live, men dei fór ille med liket etter han var død. Guten kunne ikkje tole å sjå på dei bar seg så stygt; så kjøpte han liket av dei og jord til for pengane sine, og fekk det i jorda.

Langt om lenge kom han lykkeleg heim; det var både vel og ille; nokre av dei som hadde hjelpt til og rusta han ut, syntest han hadde gjort ei god gjerning, men andre var misnøgde med at han skulle kaste bort pengane sine på det viset. Men så ville dei prøve om han ikkje kunne gjere det betre ein annan gong, og lèt han så valde éin last til. Han tok same lasten og reiste same vegen, og fekk den enda betre betalt. Men då han kom på heimvegen, trefte han to som hadde røva ei kongsdotter. Dei hadde sett sele på henne og heldt på å køyre med henne; dei hadde kledt av henne til beltestaden, og gjekk på kvar side og piska på. Guten syntest synd i henne, for det var ei vakker jomfru. Så spurde han om dei ville selje henne. Ja, ville han vege henne opp med sølvpengar, skulle han få henne, og det blei ikkje lang pruting; han betalte det dei forlangte.

Langt om lenge kom han lykkeleg heim att. Men dei som hadde rusta han ut, blei så ute av seg over handelen hans at dei landlyste han. Så måtte han reise over til England. Der heldt han seg i fire år med kjærasten sin. Dei levde av det at ho var slik ein meister til å slå kniplingar, som han selde for hundre kroner om dagen.

Ein dag trefte han to som var uvenner, og den eine ville piske den andre for di han var skuldig han 75 kroner. Denne syntest guten var urimeleg, og betalte for han.

Ein annan dag trefte han to reisande som gav seg i snakk med han og spurde om han hadde noko å selje. Han hadde ikkje anna enn kniplingar, sa han. Ja, dei ville kjøpe for 150 kroner, og spurde kor han budde, og fastsette ein dag dei skulle kome. På den dagen kom dei også. Då dei kom, var den eine bror til kongsdottera og den andre ein som ho var trulova med, ein keisarson. Dei fekk kniplingane som dei hadde tinga, og så ville dei ha henne med seg heim. Men ho ville ikkje vere med utan at dei ville ta med guten og forsørgje han; for han som hadde frelst henne, ville ho ikkje forlate så lenge ho hadde liv. Dei måtte gå inn på dette, ville dei ha henne med.

Då dei skulle ombord, gjekk broren og systera først i båten; men då keisarsonen skulle uti, skuva han frå land og slengde seg oppi så guten blei ståande att. Skipet låg seglferdig, og seglde så snart dei kom ombord. Men så kom han som han hadde betalt 75 kroner for, med båt, og reiste ombord med han. Då blei kongsdottera så glad at ho tok ein gullring av fingeren sin og gav han, og så skulle han ned på rommet der ho låg.

Dei seglde i mange dagar; så kom dei til ei vill øy. Der ville dei opp og sjå etter vilt, og så stelte dei det slik at broren og guten som hadde frelst kongsdatterens liv, dei skulle gå på kvar sin kant av øya, og keisarsonen i midten. Då guten var ringet så dei ikkje såg han og han ikkje dei, reiste dei ombord, og så blei han gåande igjen aleine. Han visste ikkje noko anna råd enn at der måtte han vere der.

Og der blei han i sju år. Føda fekk han av eit fruktbart tre som han fann, og då dei sju åra var omme, kom det ein gammal mann og sa til han at "i dag skal kjærasten din stå brud," sa han; "dei har ikkje fått eit ord av henne på dei sju åra sia ho skildest frå deg; men enda vil keisarsonen gifte seg med henne, for han skjønar ho er har vettet, og så er ho så rik." Og så spurde mannen om han ikkje hadde lyst til å kome til bryllaups. Jo, meinte guten; men han fekk vel helst halde seg der han var komen.

Men om ei lita stund stod han i garden der bryllaupet var. No ville han vite kva for ein slags mann den var som hadde ført han dit. Han var ikkje noko menneske, sa han, men ei ånd; det var han som guten hadde kjøpt og gravlagt i Tyrkia. Så gav han han eit glas og ei flaske med drikke på, og sa at han skulle sende ein inn med bod til kjøkemeisteren om at han skulle kome ut til han. "Først skal du slå i eit glas og drikke sjølv," sa han; "så skal du slå i eitt og skjenkje kjøkemeisteren, og så skal du slå i det tredje og sende inn til bruda; men først skal du ta ringen av fingeren din og leggje i det glaset du sender henne."

Då kjøkemeisteren kom inn med skjenken, sa alle ho måtte ikkje drikke. Men kjøkemeisteren sa: "Først drakk han, så drakk eg, så må vel ho trygt kunne drikke." Då ho hadde drukke ut, kjende ho ringen som låg på botnen av glaset, og ville ut. Og då ho kom ut, kjende ho han att, og tok han om halsen og kysste han, enda så skjeggete han var, for du kan vite han hadde verken hatt kost eller kniv på skjegget sitt i sju år.

Men så kom kongen etter og ville vite kva det var for slags kjærleik som var mellom dei. Dei blei henta inn på eit rom og fortalde korleis det hadde gått frå først til sist. Så fekk kongen henta barberar som skulle skrape busta av han og fli han, og skreddar med ny staskledning, og så reiste kongen inn i bryllaupsstova og spurde brudgommen, denne keisarsonen, kva dom han ville felle over éin som hadde stole liv og ære frå eit menneske. Han svara at slik ein skarv først skulle hengjast i galgen, og sida skulle kroppen brennast. Han blei teken på same måten som han hadde felt dommen over seg sjølv, og krambuguten blei gift med kongsdottera og levde både lenge og lykkeleg.

ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA
Asbjørnsen og Moe - SLUTTBOLK

Asbjørnsen og Moe - LITTERATUR  

Asbjørnsen og Moe - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Asbjørnsen og Moe BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2008–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]