![]() |
Engelske ordspråk | ||||||||||||||||||||
|
D
Deg sjølv først, andre etterpå. (Kinesisk).
Dei bundne lyt lystre.
Dei dykigaste blir forakta når dei manglar pengar.
Dei gamle skulle ikkje overforast.
Dei som er langt, langt vekke, ser ein sjeldan som det dei verkeleg er.*
Dei som er vekke, har alltid feil [Det viser ein mentalitet].
Dei som aldri har sett ei ku, trur ein kalv er eit stort dyr.
Den beste betalinga er utan sommel.
Den beste generalen gjer færrast feil.
Den eine tenesta er den andre verdt.
Den eine tjuven røver ikkje den andre.
Den er vis som passar seg i tide.
Den fråværende delen kan ein støtt skylde på [Mentalitet skildrast].
Den grå hoppa [kona] er den beste hesten.
Den helgenen som er borte, får ikkje nokon lys [Katolsk etterdønning].
Den leikar (speler) best som vinn.
Den pleier vegen sin godt nok som blir kvitt dårleg selskap.
Den rike bruker pengane sine, og den fattige kreftene sine. (Kinesisk).
Den rike får is om sommaren, og den fattige om vinteren.
Den rike kan ete når han vil, den fattige når han kan.
Den som arbeider begynner godt; den som økonomiserer endar betre.
Den som beilar til ei enkje lyt beile dag og natt.
Den som blir i dalen, kjem aldri over åsen.
Den som bringer godt nytt, bankar hardt (på døra).
Den som bur for seg sjølv, er anten beist eller engelmann.
Den som dreg til Roma som eit dyr, kjem att som eit dyr.
Den som eig krydderet, kan bruke det som han lystar.
Den som er dårleg mot seg sjølv blir god mot ingen.
Den som er gift har mange bekymringar, den ugifte mange fleire.
Den som er klar til å låne ut, er bror til tiggaren.
Den som finn beheld, den som mister leitar (græt).
Den som fortel kona nyheiter, er berre nygift.
Den som gaper til han blir mata, kan godt gape til han er daud.
Den som gifter seg før han er vis, kjem til å døy før han trivast.
Den som gløtter gjennom eit hol, kan kome til å sjå noko som vil plage han.
Den som har ei kvinne held ein ål om sporden.
Den som har ikkje noko godt yrke, taper på det.
Den som ikkje har barn, oppdrar dei godt. [Beisk kommentar - det er ikkje lett.]
Den som ikkje kan gjere noko betre, lyt bli munk.
Den som ikkje kan tvile, lærer for lavt.*
Den som ikkje kan tvile, lærer ingenting.
Den som ikkje vil ha råd, kan ikkje hjelpast ved det.*
Den som kjem utan å bli invitert, sit utan å bli servert.
Den som krigar verkeleg godt, lagar ein god fred også.
Den som leitar, finn somt.*
Den som lever i håp, dansar til ein dårleg melodi.
Den som lever ved sverdet dør ved sverdet.
Den som lever vel er lærd nok.
Den som samtykker mot sin vilje, har enno si eiga meining.
Den som sel pungen til kona si, får gi buksene med på kjøpet (Åtvaringa er at den kona som kontrollerer pengane til mannen, har full kontroll i hushaldet).
Den som ser etter hest eller kone utan feil, får verken gangar i stallen eller engel i senga.
Den som sit lengst ved elden, blir mest kjensleg for kulda. (Dei som blir mest vant til rikdom og komfort, kan li mest i trengsel).
Den som snakkar stygt om hoppa vil kanskje kjøpe henne.
Den som spør alle til råds, møter snart vanhellet.
Den som står opp seint, lyt trave heile dagen.
Den som synest synd på ein annan, hugsar på seg sjølv.
Den som tek på seg ein offentleg frakk lyt ta av seg å vere privatperson. ("Dei med offentleg myndigheit skal ikkje la private interesser påverke det dei vedtar og gjer, men vere "uhilda", sa Hilda.
Den som vil bli gammal lenge, må bli gammal tidleg.
Den som vil bli rik før natta, kan bli hengt før middag (Somme kjelder til rikdom er utafor lova).
Den som vil ha egg lyt halde ut kaklinga til hønene.
Den som vil ha eit muldyr utan feil, lyt gå til fots.
Den som vil slutten, vil midla til det.
Den sterke og fossen lagar veg for seg.
Den vesle kan ikkje bli stor utan å sluke mange.
Der alderdommen er vond, lærer unge neppe nok bra.*
Der det er ekteskap utan kjærleik, finst det kjærleik utan ekteskap.
Der det ikkje er tillit, er det ikkje kjærleik nok.*
Der folk ikkje har pengar, kan forråda bli knappe.*
Der viljen er parat, er føtene lette.
Dess færre ord, dess betre bøn.
Dess lenger vi lever, dess fleire under ser vi.
Dess meir kostnad, dess meir ære.
Det auget ikkje ser, sørgjer ikkje hjertet over.
Det biskaste steget er ut av døra.
Det er aldri for seint å lære [angre] eitkvart.
Det er alltids rom på toppen.
Det er best å ha kvitta seg med gamlekjærasten før du er i gang med den nye.
Det er best å vere på den sikre sida.
Det er betre å vere tiggar enn tosk.
Det er djup fåkunne som kveiker den dogmatiske tonen.
Det er ein dårleg ektemann som ikkje blir sakna.
Det er ein dårleg fugl som skit i sitt eige reir. (Ein bør stort sett la vere å kritisere og sverte eigen familie offentleg).
Det er ein laber skog der det aldri er ei vissen grein.
Det er ein stolt hest som ikkje vil bere sitt eige fôr
Det er ein sørgeleg flokk der hosauen ber bjella. (Det er ei sørgeleg hushaldning der kona er sjefen).
Det er for seint å kalle tilbake igår.
Det er godt ly under ein gammal hekk.
Det er godt å gifte seg seint eller aldri.
Det er høgda som gjer Grantham-spiret skeivt. (Spiret på St. Wulframs kyrkje i Grantham er 280 fot høgt. Så misunning får somme til å finne feil hos dei store, same kor heiderlege dei er).
Det er ikkje alt tapt som er i fare.
Det er ikkje arbeid som drep, men sut.
Det er ikkje skjegget som gjer filosofen.
Det er ikkje synd å selje dyrt, men det er synd å gi gale mål.
Det er ikkje tida for å bøye seg når hovudet er av.
Det er ille å sitje i Roma og streve mot paven.
Det er ingen vennar att for døde og dei som ikkje er til stades.
Det er lett å tole andre sine ulykker.
Det er tungt å seile over havet i eit eggeskal.
Det finst ei råd mot alt, kunne ein berre finne den.*
Det kan gå best å klandre venner på avstand.* (3)
Det kjem ikkje noko ut av sekken som ikkje var i den.
Det skal to til tango.
Det som kyrkja ikkje tek, ber statskassa bort.
Det stikk tidleg som skal bli torn.
Det tiltrengte er mora til oppfinningar.
Dra deg noko tilbake frå ein sinnatagg, og heilt vekk frå den som ikkje seier noko som helst.
Drep ikkje gåsa som legg gullegget. (Etter ein Esopsfabel).
Driv forretninga, la ikkje den drive deg.
Drog ingen toskar til marknad, blei det ikkje seld dårlege varer.
Døyande karar snakkar sant. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||