![]() |
Engelske ordspråk | ||||||||||||||||||||
|
L
La agnet gøyme kroken.
La den som betaler rekninga velje losjiet.
La kvar sau henge etter si eiga skank (sitt eige skinnebein, dvs. etter å ha blitt slakta).
La lampen min bli sett i midnattstimen i eit høgt, einsamt tårn.
Lag høy mens sola skin.
Lange vitjingar bringer korte kompliment. (Kinesisk).
Langt borte frå hoffet [vil seie], langt borte frå bekymringar.
Langt fråvær og skyld kan endre ein venn*. ¤
Lasta er ofte kledd i dydens klede.
Latskapen går så seint at fattigdommen innhentar den.
Ledige folk har minst fritid. (For dovne kan det vere hardt arbeid unngå arbeid).
Legg aldri sorg på hjertet når andre legg det på hælane (ved å forlate deg, ved takkløyse oa.).
Lei motgang kjem somtid med søte fjes.*
Leitt kjem ofte på ryggen til verre.
Lite innblanding gjer gode venner.
Lite og ofte fyller pungen.
Liten lekkasje senkar eit stort skip.
Litteratur er ein god stav men ei dårleg krykke. (Åtvaring mot å bli for avhenging av litteratur).
Livet er ikkje berre øl og tøys.
Livet er kort og tida går fort.
Lova er ein lickpenny.
Lydigheit ser ein oftare i små ting enn i store.
Lykka er trøtt av støtt å bere same mannen.
Lykka har bind for augene.*
Lynet slår aldri ned to gonger på same staden [Som tommelfingerregel].
Lær ikkje besta å syge egg.
Lær opp barnet ditt til den vegen det bør gå.
Lån aldri ut det du treng mest sjølv. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||