Norsk del, Gullvekta
Eventyr-sonderingar
Seksjon › 23 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

norske eventyr
Troll av Kittelsen

Somme av dei norske eventyra på nettstaden er av samlarane Peter Christen Asbjørnsen (1812-85) og Jørgen Engebretsen Moe (1813-82). Då dei var i tjueåra, tok dei to blodsbrørne til å sanke eventyr kvar på sin kant. Det enda med at dei slo eventyra sine saman og gav dei ut i lag.

Norsk skriftmål var kua på den tida, og dei som fortalde eventyra sine til Asbjørnsen og Moe, snakka ulike dialekter. Dei to samlarane valde å lage om på mangt ved å bruke enkelt språk, slik Grimm-brørne hadde gjort før dei med tyske eventyr. I eventyra droppa Asbjørnsen og Moe bygdemåla og fordanska somt. Norsk setningsbygning og norske ordlagingsmåtar kom likevel godt fram frå dei undertrykte kåra sine under danskaktig norsk. Eventyrspråket var så vel tilmåta at det dessutan kom til å påverke bokmålet etter kvart.

Asbjørnsen og Moe redigerte dessutan ved til dels å sette saman bitar av eventyr frå ulike hald. Resultatet blei bra. Jacob Grimm (1785-1863) skreiv i eit brev til Asbjørnsen i 1852 at dei norske eventyra var "dei beste som fanst." Her høver det kanskje å peike på at Grimm ikkje kjende alle eventyr som var i verda då; rett mange har blitt publisert først etter at han døydde. Dessutan finst nokså like eventyr frå svensk, dansk, og annnanstads i Europa. Men ein får likevel kose seg over Grimm-sitatet, sidan Grimm-eventyra er kjempepopulære verda over, og så seier eine Grimmen at norske folkeeventyr er best - utan at han hadde funne og lese dei alle, eller alle andre i verda, får ein legge til. Men den rosande fråsegna hans blei lagt merke til. [Nov26]

Somme av eventyra blei utgitt så tidleg som i 1837 i Nor, og andre blei publisert som Norske folkeeventyr i 1841. Utvida og illustrerte samlingar kom i 1842, 1843 and 1844, slik at dei to hadde publisert 53 forteljingar i alt i 1844. Moe hadde stelt til 28 av dei og Asbjørnsen 25.

In 1852 blei alle forteljingane gitt ut i eit tobandsverk med innleiing av Moe. Verket blei godt mottatt utanlands og blei omsett av mange. Den første engelske omsettinga var ved skotske Sir George Webbe Dasent i 1859. [Meir]

Asbjørnsen gav også ut Norske huldreeventyr og folkesagn (1845-48), og Moe gav ut dikt.

I 1871 kom ei ny og utvida utgåve som inneheldt 45 nye eventyr. Boka var redigert av Asbjørnsen. Ho romma bidrag av Moe også. I dei to banda frå 1852 hadde dei med mest berre eventyr frå Austlandet, men i 71-utgåva finst eventyr frå Vestlandet og Setesdal også. Det er færrast eventyr frå Trøndelag og Nord-Noreg.

I alt gav dei to ut om lag 100 eventyr, som er grovt rekna noko under halvparten av dei lange norske eventyrtypane vi har. Men det finst enda fleire korte, anekdotiske forteljingar. Eit godt utval norske folkeeventyr som Asbjørnsen og Moe ikkje fekk tak i - både lange og korte - finn ein i tolvbandsverket Norsk Eventyrbibliotek. [Fva; Nov 25-26, 36-43; Nev; Ebu, "Asbjornsen and Moe"]

TO TOP

Eventyr blir delt inn i grupper av folkloristar

Eventyr er fantasifulle historier av mange slag. Mange av dei atterspeglar samfunnsforholda på gitte måtar. Dei syner - ofte i stilisert form - korleis folk meinte ein kunne finne lykka, det vil seie lykkast. I langt dei fleste tilfella var det ved å finne ei velståande jente og bli rik og mektig. Slik kan fleire kjente eventyr atterspegle ein hierarkisk samfunnsstruktur og lyster til å kare seg oppetter i han. Men ikkje alle eventyr er like. Somme gjer narr av herrar, til dømes, andre av bønder, og så bortetter. Det er mykje humor i folkeeventyr-arven; til dels er han rå og grovkorna.

Midla opp og fram var mange og ulike, og dei blanda seg også:

  • Dyr hjelper helten bra i mange historier.
  • Avansert utstyr (underfulle grejor) kan også berge guten,
  • lækjemiddel kan også bringe helten opp og fram til ei prinsesse (gild jente).

Ved slikt kan ein få innkik i kva som var vanskeleg for mange i gamle dagar, for løysingane til dei var kanskje mest ting å drøyme om - talande hest, mirakelreiskap, og kvinna som var rik og ville ha ein fattiggut, eller måtte, av ulike snurrige grunnar.

Det er rom for mange slags inndelingar av forteljingar, og også av eventyra. Inndelingane i den internasjonale eventyrkatalogen kjem til kort på to måtar: Dei har ikkje med alle eventyrtypane som finst, og dei fokuserer mang ein gong for mykje på formelle sider ved eventyret - kven som er med, aktantane, slik at same historia med to forskjellige figurar i seg, blir kalla ulike soger. Men innhaldsmessig er dei nesten på ein prikk like, for eksempel om det er fanden eller bjørnen som opptrer i same rolla. Hodne syner at i mange eventyrtypar kan ulike dyr fylle same rolla. Hjelpardyret i ulike variantar av same eventyr kan vere katt, ulv, bikkje, og anna.

Ved det som no er nemnt kjem visse veikskapar ved eventyrkatalogen fram. Somme no til dags idealiserer eventyrhelten, den vidt omtykte typefiguren i framgangsoppskrifter med finessar (eventyr). Idealiseringa kan ein berre legge vekk, for "Oskeladden" er samnamn for eventyrfigurar i vidt forskjellige roller, gode, middels og vonde. I mange eventyr er Oskeladden ein som myrdar, stel, lyg og skryter, alt ettersom, og meir til. Hodne syner greitt kva for eventyr Oskeladden gjer kva i. Det er like eins på svensk. Men han som skreiv boka Det var en gang . . . et menneske, Egil Sundland, underslår desse nødvendige opplysningane så hardt at ein blir freista til å le når ein kjem over: "Oskeladden er eventyrets sjel. Ved han når lys og håp ned til den minste krok av eventyret, han skaper fridom og nye perspektiv [Dege 33-34]." Så einfaldig er det altså ikkje. Myrde, stele, lyge, og så bortetter viser ikkje knallgod moral, og forenkla, tilkortkomande idealisering er ikkje bra.

Vi bør altså ikkje la oss freiste av tilkortkommartydingar, like så lite som av lyskekjerringar i bergskorter, for elles kan vi kanskje gå glipp av "prinsessa og halve kongeriket" - I vår tid er nok prinsessa inngjerda av mindre mystikk, men flusst med eigedom vil mange helst ha. [Dege 62]

Dei fleste folkeeventyra blei samla inn før Ola Nordmann hadde telefon, innlagt el, innlagt vatn, bil, og knapt nok jernbane. Mange av sjukdommane som kan bøtast med hell i dag, var ubotelege då.

Men seglskip fanst, tobakk fanst, og børser med krut. Dette atterspeglar også historier frå høgda av innsamlingstida, for eksempel "Tobakksguten". Då var Noreg mest av alt eit bonde- og fiskarsamfunn. Industrireisinga hadde ikkje komme i stor grad.

Eventyra blir av folkloristar delt inn i grupper alt etter kva dei handlar om og kva for figurar som er med i dei ulike forteljingane. [Meir]

Ulike røter går saman

Historier kan vere gild underhaldning når ein veit å tilpasse dei til tilhøyrarane sine. Dessutan gjeld det å fortelje om dyr og ting som små kan skjøne noko av og förhålla seg til. Forteljingar frå framande kantar av verdiane plar bli omfortalte i munnlege tradisjonar rundt om.

Røtene til mange norske eventyr er til dels gamle og norrøne, til dels internasjonale eventyr som har blitt spreitt over større område.

Når det gjeld den norrøne arven, kjem den fram i ulike eventyr ved at norrøne mytemotiv får parallellar i eventyrform. Nokre av temaa i norrøn skaldedikting og islending romansar kjem tidvis fram også. Sjølve eventyrguten som kjempar mot troll, har parallell til Tor som kjempar mot jotnar (troll) i norrøn tru.

Den internasjonale eventyrarven fann lokale uttrykk i både Sverige, Finland, Danmark og Noreg. Kjeldene i slike høve var skriftlege og vel også munnlege. Mange novelleaktige eventyr har utanlandske røter i Latin og andre litterære kjelder. Ein kjenner stundom att mange av Grimm-eventyra i forenkla form, og så bortetter. Ei god bok for å sjå og samanlikne europeiske eventyr som handlar om omtrent det same (deler tema), er av D. Ashliman. Ei anna bok, av Ørnulf Hodne, viser dei mange ulike variantane av norske eventyr som samlarar har katalogisert. Det finst fleire tusen eventyroppskrifter i boka hans: eit omfattande, detaljert granskararbeid. Begge bøkene nyttar den internasjonale eventyrkatalogen sine inndelingar og klassifikasjonar av eventyrtypar til hjelp. [Agha; Tyno]

I 2004 kom ei revidert utgåve av den internasjonale eventyrkatalogen i tre band, redigert av Hans-Jö Uther [Ti]. Der står enda fleire eventyr og kjelder. Inndelingane i den reviderte eventyrkatalogen er her: Lenke]

Kjelder og kjeldebruk

Eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe blei inspirerte av dei tyske brørne Wilhelm og Jacob Grimm, som gav ut dei to banda Kinder- und Hausmärchen alt i 1812 og 1814. Grimm-brørne redigerte soger som hadde blitt fortalt til samlarar. Sogene høvde Romantikken. Grimm-brørne støypte saman forteljingar, fjerna vulgarismar, mjuka opp somt, og streva etter enkel, god tone.

Grimmbøkene blei breie forbilde for norske eventyrutgåver, og måten dei kom i stand på - samlings- og redigeringsarbeidet - blei føredøme for andre, mellom anna Asbjørnsen og Moe i Noreg. Såkalla folkeeventyr høvde Romantikk-ideal om kva som var av verdi og nasjonalismen som idéstraumdrag.

Grimm-brørne meinte all folkedikting laut vere anonym og kollektiv, men det er ho no ikkje. For eksempel fortel Olav Bø og fleire at dei fleste av Grimm-eventyra kjem frå nokre få huslydar. Dei fleste eventyra frå 1812-utgåva var samla i Kassel, særleg hos to huslydar. Dei to hovudkjeldene til andre bandet deira var ein baron og huslyden hans, og ei fattig skreddarkone [Nov 20]

Det er like eins i norsk eventyrarv. Dei gode eventyra har blitt fortalde av namngitte personar, og dei var somtid slike som skilde seg ut i lokalmiljøa sine, men ikkje nødvendigvis. Ørnulf Hodne syner mange slike informantar, det er dei som er dei rette eventyrforteljarane.

Norske informantar: Ei heil samling finst etter den stillfarande Olav Austad i Setesdal. Kjersti Haugland i Flatdal gav 38 eventyr frå seg. Andris Vang frå Vang fortalde 20 eventyr, Lars Svendserud gav Jørgen Moe 12 eventyr, og læraren Martin Mathiassen av sigøynarætt fortalde 13 noko unorske eventyr til Arne Garborg.

I lys av dette er nok "Folke" i folkediktinga helst ein liten kamuflasje for fleire hyggelege forteljarar. [Meir]

Innhald


Eventyr-etterrøking, litteratur   

Agha: Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Dege: Sundland, Egil. "Det var en gang - et menneske" Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1995.

EB Encyclopaedia Britannica = Britannica Online.

Nev: Kvideland, Reimund, coll. Norske eventyr. Bergen: Universitetsforlaget, 1972.

Nov: Bø, Olav, mfl., redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Ti: Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Tyno: Hodne, Ørnulf. The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Eventyrarbeid, opp Seksjon Sett Neste

Eventyrarbeid BRUKARGAID: [Lenke]
© 2007–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]