Norsk del, Gullvekta
Franske ordspråk ≍ Proverbes français
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

J

Same kva for stut som drar til Roma, er det same stuten som kjem att. [Det franske kan tyde både dyr og dumrian.]

Qui bête va á Rome, tel en retourne. [Mertvago, s. 22]

Den som vaktar på kona si heime, har nok å gjere.

Qui garde sa femme et sa maison a assez d'affaires. [McKay, s. 76-77]

Den fødte katt renn etter mus.

Qui naquit chat court après les souris. [Mertvago, s. 29]

Den som kan styre ei kvinne kan styre eit folk.

Qui peut gouverner une femme peut gouverner une nation. [McKay, s. 62-63]

Den som gjer seg til sau, kan bli eten av ulven.*

Qui se fait brebis, le loup le mange. [Mertvago, s. 25]

Dei som liknar kvarandre finn saman.

Qui se ressemble s'assemble. [Belcour, s. 45]

Berre å ta imot utan å gi, gjer slutt på vennskapet.* [Jf. "Like for like skal vennskap haldast."]

Recevoir sans donner fait tourner l'amitié. [Mertvago, s. 15]

Utan pengar er ære ikkje anna enn ein sjukdom. [Her kjem det an på kva slags ære det er tale om.]

Sans l'argent l'honneur n'est qu'une maladie. [McKay, s. 44-45]

Den som granskar for mykje, finn ofte for mykje også.

Souvent trop rechercher fait trop trouver aussi. [McKay, s. 44-45]

Ordspråket er for ullent til å gagne mykje, og kallast ei platityde. Ho fortel nemleg ikkje kva som er for mykje. Lurt og ullent snakk - skoddepreik - får mange til å falle for propaganda og demagogi. I same rennet: Kva er å granske høveleg? Det er godt om det ikkje blir ekkelt for aktinga, sjølvrespekten, helsa og ikkje skadar bra folk eller livet på jorda fælt mykje, til dømes ved atomkraft. Og noko er individuelt. Filosofen Arne Næss har avklara somt usakleg snakk. Somme blir betre rusta mot usaklege framsettingar og demagogi av å kunne slikt. Det er godt å kunne. - TK

Pene ord og prov er ikkje alltid det same.*

Un bon mot ne prouve rien. [McKay, s. 72-73]

Den franske originalen seier: "Eit vakkert ord provar ikkje noko [faktisk]". Det er i seg sjølv eit vakkert ord - som då ikkje provar noko som helst om det stemmer heilt ut . . . Saka er at kategoriske ytringar kan romme snublefeller. Kloke gjennomskodar ting som det.

Ein åtvara mann er verdt to [om ikkje tre].

Un homme averti en vaut deux. [McKay, s. 74-75; Belcour, s. 50]

Talfestinga er heilt vilkårleg. Meininga med ytringa er at det kan bli til fordel å vere godt åtvara i rimeleg tid til kva det no skal vere, så ein kan førebu seg på eit kommande vonde ved åtgjerder som så ein heilt unngår å bli råka av vondet om det kjem, eller minskar vondet når det kjem, eller sagar det ned før det veks seg stort, og så vidare. Ein kan gjere klokt i ikkje å ta eit rundt ordspråket heilt bokstaveleg, men heller sjå om ein finn nyttig innhald i det under overflata, nyttig for seg og sine. - T. K.

Innhald


Proverbes français, franske ordspråk, litteratur  

Tilvisingar: [Kjelder]
    Skarpe klammer, teiknet *, og nokre andre teikn forklart: [Hjelpeteikn]
    Vidare ordspråklæring: [Slik kunst]

Proverbes français, franske ordspråk, opp Seksjon Sett Neste

Proverbes français, franske ordspråk BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2016, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]