Norsk del, Gullvekta
Indisk visdom
Seksjon › 42 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

H

Det skulle festast i hugen til kvart individ at ein er del av livet i verda, heile det livet, og at forholdet ein har til verdslivet er som forholdet mellom ei celle og heile kroppen. Om ikkje alle celler er som dei skal, opplagte og friske, tar heile kroppen etter kvart til å li.* [Maharishi]

It should be firmly established in the mind of every individual that he is part of the whole life of the universe and that his relationship to universal life is that of one cell to the whole body. If every cell is not alert, energetic, and healthy, the body as a whole begins to suffer. [Maharishi Mahesh Yogi, in Briggs 2003:73]

Å vere til er grunnlaget for å tenke, og å tenke er grunnlaget for å handle. [Maharishi]

Being is the basis of thinking, and thinking is the basis of doing. Being is the basis of all living. [Maharishi Mahesh Yogi, in Briggs 2003:131]

Det er ikkje berre individet som er ansvarleg for krim. [Maharishi]

It is not only the individual that is responsible for crime. [Maharishi Mahesh Yogi, in Briggs 2003:193]

I forklaringa til ordet meiner Barbara Briggs at lovene i eit land skulle fremme meir enn dei beste interessene blant folk (!) - utan å favorisere interessene til visse grupper på bekostning av andre. Når særinteresser vinn på bekostning av klokare folk, folk med omtanke, fattigare medlemmar og så bortetter, kan det bli disharmoni, og kanskje ufred til slutt. (Ibid)

I Profeten har diktaren Kahlil Gibran nokre ord om forholdet mellom individ og samfunn. Han liknar det med forholdet mellom ein tråd og ein vev.

Om ein tråd i veven brest, kan det vere tråden det er noko gale med; det kan vere noko feil med veven - for stramt vevt, skeivt vevd, noko som manglar, og anna; det kan vere feil tråd på feil plass i veven også; eller ei eller anna blanding.

I låge land der folk, dyr og planteliv blir utbytta, tenker folk flest at dei som ikkje ser ut til å yte mykje i den gata, er mindre verdt som borgarar. I normale land er det gjerne heilt omvendt, til ettertanke. Der er det "god latin" at mange store ånder og lærarar finst mellom vandremunkar, sadhuar, andre munkar og mediterande yogiar i høgdene.

Innhald


Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte ved læringsarbeid: (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av livslærdommar.

∼ Kjelder: [Bøker]

Indisk visdom frå mange og gamle kjelder, opp Seksjon Sett Neste

Indisk visdom frå mange og gamle kjelder BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2017, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]