Norsk del, Gullvekta
Lojong med ordtak
Seksjon › 24 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Rembrandt: Philosopher in meditation, 1632. Modified section
Rembrandt: Philosopher in Meditation, 1632

Lojong med ordtak

Tenketrening

Det tibetanske ordet lojong er enkelt sagt ein måte å trene hugen på. Kontemplasjon over frasar er like eins. I gammal yoga finn eit vidareført, liknande opplegg skissert i Patanjalis Yoga-aforismar 3:4, 3:16 ff, med nøkkelordet samyama, samanhalding. Opplegget: Først mediterer ein godt, så fokuserer ein på velvalde frasar, og så blir det litt etter kvart stor moro ut av det. I tibetansk buddhisme tener meditativt fokus på læresetningar som veg til djupare forståingar knytt til dei, og har vore kjent frå 1100-talet under namnet lojong. Meditativ tenketrening kan godt brukast til å fundere litt på mange av ordtaka våre. (Wikipedia, "Lojong")

Lojong og høgare mål med ordspråk og læresetningar

Ledd i samtalekunst, rådgiving og til underhaldning

Gjennom mange tusen år har ordspråk, læresetningar og føresegner gitt råd om korleis ein får te seg, og fyndord har vore skatta som middel til å overlevere haldningar, lærdom, måtar å te seg på og anna.

Vi finn ordspråk og liknande stutte ord alt frå dei eldste kjente kulturane. Dei fanst i gamle Egypt; sumerane hadde det, babylonarane, hebrearane, og så vidare. "Strev etter å seie lite (Exert yourself to restrain your speech)" er eit gammalt visdomsråd frå Mesopotamia (Lambert 1996:105). Gamle råd om å få sagt mykje med få ord, finst det fleire av, også i Bibelen (t.d. 1 Korintarbrev 14:19).

"Sei ikkje lite med mange ord, men mykje med få ord, er frå pytagorearane. Men over dette kjem eit ord frå Pytagoras: "La ingen lokke deg til å seie eller gjere det som ikkje gagnar deg (- som ikkje er er lønnsamt for deg)."

"Sjølv for ein fysikar blir skildringa med vanleg språk eit kjenneteikn på graden av forståing som er nådd", skriv Werner Heisenberg, nobelprisvinnar i fysikk. [Thd 27]

"Dei fleste grunnleggande ideane i vitskapen er av vesen enkle, og kan i regelen uttrykkast i språk som alle kan fatte", kom Albert Einstein til. Også han fekk også nobelprisen i fysikk [Ibid.]

God norsk og anna enkelt og fyndig språk kan ein heller ta til seg. I staten held dei kurs om det imot kansellistilen, gir ut forskjellig omkring slikt, og det hjelper. På norsk heiter det klarspråk, på engelsk plain English.

I andre kulturkrinsar finn vi vakre, stutte læresetningar og ordtak også. Dei går somtid for det same. Eldgamle indiske verk inneheld ordspråk og levereglar. Kinesarane har hatt sine, og så bortetter.

Ordspråk har vore fast del av folkekunst, snakkekunst, og har instruert og budd kommande slekter på forhold å ta med i rekninga for å kunne overleve iallfall litt bra. Gjennom ordspråk får vi del i fjerne kulturar, og vår eigen i eldre tider, og kan av og til finne gullkorn til nytte i kvardagen i dag. Det er fordi menneskenaturen er stort sett like eins som i fjerne tider, like under overflata. Det heng saman med korleis vi er bygt.

Det finst mange andre måtar å uttrykke seg på enn korte, fyndige. Dei blir det ikkje snakka om her.

Ordspråk som ledd i folkepsykologi og folkepedagogikk
Ordspråk er del av den meir eller mindre lauslege overlevingskunna og -kunsten til folk rundt om, og er å rekne med i folkepsykologien [jf. Jerome Bruners bok Acts of Meaning (1990)]. Det er ikkje slik at alle ordspråk er fine for moralsk ferd og vellykka, langt liv - langt ifrå. Men somme går for å vere det. Og kjente emne i ordtaksamlingar viser kva folk og har vore opptatt av, korleis dei vel har tenkt, og kva for prøvande løysingar og ulike, skråsikre påstandar dei festa lit til. Slike opplegg og løysingar varierer mellom folka. [Jamfør]

Det ein kallar folkepsykologi er fletta saman med folkepedagogikk. Bruner gir døme på samgangar i boka The Culture of Education (1996), i sær 2. kapittel. Brei pedagogikk femner over mange sider ved psykologi - som barne-, ungdoms- og læringspsykologi -, og har dessutan auge for kva som utgjer gode rammer og grunnvilkår for læring. Folkepedagogikk har breitt sagt å gjere med syn på mangt, og så påverknadar, oppseding, læring og utdanning med forsøk på overføring av kunnskapar, innstillingar og haldningar blant ganske vanleg folk, og syn på så mangt. Fordommar og fordummande "fasitar" blir også medrekna som verdt å behandle - Ei dugleg kjerne i det lauslege omgrepet "folkepedagogikk" spenner over vellykka, nokså vellykka, mindre vellykka og mislykka formidling av det ganske gjengse, hyppig godtatte, blant anna gjennom ordtak, viser og vers. Påverknad og formidling av denne typen skjer stadig rundt om i landa. Ulike levesett og tradisjonar heng saman med påverknadar frå folk og frå naturgitte tilhøve.

Mental oppøving, lojong

Gilde ordspråk er kjekke å kunne, og stadig omtykte i verda. Dei kan bli høgdepunkt i ein prat, gi overordna kommentarar til folk, hendingar med snert, eller seie noko fikst og rundt og tildekt (figurativt) - helst utan mein og tilbakeslag for nokon. Det kan følge moro med eit arsenal å "fyre av" i situasjonar der det høver. Det får ein helst finne ut av sjølv - forsiktig, sjølvsagt.

I tibetansk buddhisme er det ein praksis som er kjent frå 1100-talet, og som kallast lojong: Ein nyttar gilde ordspråk eller kjernar (nøkkelfrasar frå eit studium går også an), setter seg godt og fokuserer på dei. Det same kan ein gjere med eit godt bilde. Ein setter seg i ein god stol, sofa eller seng og ser på det ei tid. Det gjeld å kvile godt i begge høva. Nokon endar opp med ein liten halvtime slik.

Ordtak og livsord som høver i buddhismen, ber fram mergfulle kjernar for godt levevis og høgare utvikling. Meditering over forskjellige kjernar hjelper ofte fram forståingar. Neste post på programmet kan bli å leve opp til dei og dra fordel av dei på eige vis.

Hovudmetoden er først å meditere djupt, og så reflektere over (tenke gjennom) eit eller anna i tillegg. Det gamle opplegget for utvikling er kjent frå oldtids-India, og er skildra som knappast i teksten Patanjalis yoga-sutraar. Det er snakk om aforismar som dannar ein av grunntekstane i yoga. Ein bygg sitt eige, nette "bibliotek" i hugen ved å fokusere på framifrå tankar i djup meditasjon, eller heller like etter. Ein bygg det takk vere assosiasjonsnettverk som dannast etter kvart. Det gjeld å få dei godt festa (etablert) slik. Til det høver både djup kvile, meditasjon og lytting, og kanskje nokre avslappa andre slags gjentakingar også.

Det er lov å ta gjentak ved innspelingar litt avslappa . . . Eit høveleg hjelpemiddel for å få inn kunnskap behageleg, utan å banke han inn og banke han fast, er å bruke innspela, utvalde frasar og servere dei med fem-åtte sekunds mellomrom mellom i ei økt på inntil ein time. Det får gå timar mellom slike økter. Tre per dag kan greie seg. Ein kan godt ligge i senga berre ein høyrer dei klart og tydeleg uttala mens dei "glir framom", og treng ikkje bry seg! Berre nokre få rundar slik kan få nokre av frasane til å feste seg. Fleire rundar bør gi enda fleire som hugsast i hjartet. Slik får ein høveleg danning aleine i fjellhola si, og heime. Jamfør gjerne fenomenet Suggestopädie, også kalla superlearning (av Ostrander og Schroeder 1995). Dempa og behageleg musikk kan godt spelast attåt orda, om ein vil. Så kan ein etter kvart nyte fruktene, får vi håpe. Det kan gjerne blir mindre leitt å vere under utdanning dersom ein får tak på dette: mindre dukkha, lidingsgang, langt kjekkare avslappingslæring enn å sove ved lesepulten, for eksempel. Kort sagt: Heller slappe av då og då i studiet enn frå det. [Meistring av læring]

No ja, kva er det å vise til av forsking på dette skikkeleg interessevekkande feltet? Forskingsfunn dokumenterer at det hjelper. [◦Forskingsdata]

  • Lojong, ein læringsmetode med lange røter: [Link]
  • Wikipedia om lojong: [◦Link]
  • I Berzin-arkiva finst ein god del om lojong på engelsk: [◦Link]

Trening i å reservere seg

Her er ei slags slapp, mental "tja-a"-trening. Det kan når sagt kven som helst sysle med. Avansert tja-skolering gjer gilde granskarar og forskarar. Målet er å mobilisere nokre "velretta tja" innleiingsvis attåt mange slags apartepåstandar, og så ta det vidare derifrå om det passar. Det svarer til at ein testar påstanden, "nullhypotesen", iallfall mentalt, og helst taktfullt. Slik tja-trening skulle vere klok, for ho hjelper ein å bli moden: det skulle ein ikkje bli før tida. Skolerte, målretta tja-a kan hjelpe ein å stille seg modent til slåande og harde ytringar i ordspråkfloraen også. Sunn skepsis fanst i tilknyting til ordspråktradisjonen før i tida også; somtid underforstått. Same kva, trening i å "bli folk" er det klokt å ha gode, behagelege rammer for.

Tydingar

Det er ganske vanleg at dikt, propaganda og ordspråk manar fram bilde i hugen for å nå langt inn og påverke. Bilde blir sett saman i kortfatta dikt, haikuar. Bilde vrimlar det av også i ordspråk. Dels er dei klare samanlikningar ved hjelp av "som", dels er dei meir dunkle, utan "som". I siste høvet blir dei kalla similes på engelsk, og er figurative, metaforiske, kan oppfattast i ei eller anna overført tyding, og har kanskje attåttydingar, konnotasjonar, også. I kva grad eit ordspråk "stemmer", er ofte avhengig av korleis ein forstår det til dels gjennom å oppfatte delar eller heile uttrykket figurativt, ved skjønn. Somtid har lang tids bruk - tradisjonane - levert faste tolkingar til slike språkblomster, somtid ikkje. Så ein bør unngå å vere svært kategorisk!

Døme: Vi seier om nokon at han har ein rev bak øyret, men han har ingen rev der, og ikkje ein revepels heller. Då er ordspråkfragmentet nok ikkje å forstå bokstaveleg, men overført. I tradisjonen tyder ordet at vedkommande er slu, listig, lur "som ein rev". Med andre ord: Når vi tolkar ordspråk, finn vi "kva som helst" om vi vil, fordi vi kan lese ting inn i det eller utleie ting frå det; desse to framgangsmåtane kan blande seg. Dermed kan éin forstå "ein rev bak øyret" konkret: Dyret er der. Ein annan forstår det figurativt i tradisjonelle banar: "listig som ein rev". Ein tredje er at nokon tuklar med ein spesiell sigarett - basert på 'rev' som slangord. Ein fjerde måte er å "fly metaforisk" og seie eit eller anna og så fortelje "slik oppfattar eg det fragmentet figurativt. Det gir slik meining for meg no i denne stunda." Det kan vere tullete, og det er ikkje grenser for slikt.

Så eit ordspråk kan bli forstått konkret, rett fram; eller figurativt som det er mykje semje om; eller heilt personleg. Den som er under utdanning bør halde seg til gjengse, gode tolkingar og ikkje utlevere noko personleg, vart og spesielt mellom brutale eller mobbarar, men heller komme seg fram i verda.

Frå fjelltoppen til heimen i dalen

Ordtak som femner vidt, er generelle, allmenne. Dei seier eitkvart vidt eller abstrakt. Det er som breitt utsyn frå ein fjelltopp eller ein nut. Det er ser i høgda kan vere fint, Så spørs det i kva grad det monnar utom å løfte sinnet den stunda ein er i høgda. Det hjelper om noko ein har fatta i høgda kan settast i verk nede i dalen. "Det er ikkje noko så praktisk som ein god teori", seier til dømes Kurt Lewin om det same (i Smith og Mackie 2000:11). Det gjeld å finne fram til konkrete og gilde utformingar for den som vil ha med seg noko frå fjelltoppen og ned i heimen i dalen - frå det abstrakte til det meir konkrete, som ein seier. "Tenk globalt, handl lokalt", er ein annan vri som kan komme godt med. Det skal gagne ved at ein kjem fram til eitkvart som passar, duger, gagnar, hjelper her i livet.

Om innførte frø

Tankar er som frø - frøtankar. Dei blir høyrde eller lest - sådd. Dei fell i god jord - ein fell i ettertanke. Dei spirar kan hende om vêrlag, jordsmonn og vern er høveleg. Dei kan bli stasplantar og klare seg sjølve med tida, kanskje ved foredlingar ut frå dei første, importerte sortane, eller dersom vêrlag og vekstforhold er ganske som frå heimtraktene til frøet.

Vêrlag er som omgivnadane. Vi kan vere nokså prisgitte dei. Jorda som frø får vekse i etter kvart, er sinnet. Eit djupt sinn funderer djupt ei tid, for det tar ofte tid frå eit frø blir sådd til spiren dukkar fram. Så spirer kanskje tankefrøet, og blir noko nytt, eller noko annleis enn det vante.

Det er helst opp til deg. Innførte frø krev ofte mykje stell og omhug for å bli til noko. Ordspråk frå andre kulturar er som importerte frø. Dei har fungert andre stadar. Vil dei fungere her, for deg? Sunt vett og måtehald i ei viss grad kan hjelpe fram matnyttige utplukk, kan hende og kan hende ikkje. Det kjem anna til også. Korso er, dei fleste matplantar og frukttre her i landet er blitt innførte.

Til samanlikning: Mange ordspråk frå heimlege trakter er "ville vekstar" som klarer seg sjølve, og som er ganske godt tilpassa heilt til annleis klima fører med seg planteslag som fortrenger dei. Også heimlege vekstar kan kultiverast. Det kan gå mykje godt. I frøkatalogar kan det visast til heimlege som kanskje kan gjere same nytta som innførte, i ordspråksamlingar blir det mykje like eins, for der syner ein stundom fram tilsvarande norske ordspråk om ein er i humør til slikt.

Ordspråkplantar

Av andres feil og harde erfaringar har det vakse visdom og nyttig lærdom som blandar seg med tull. Vise siler vekk for lite hjelpande ordspråk og syner fram resten. Lødig skolegang er forresten basert på noko liknande. Ordspråk har ofte nyttige kjernar i seg. Dei er frøa ein kan plante i hugen. Når livserfaringane og frøa jobbar saman, kultiverer ein ordspråkplantar. Somme kan vekse til tre, med alle fordelane det kan ha, og det er ikkje berre eple. Somme vekstar kan også trivast i skrinn jord og utsett klima, og "Alle monner drar", heiter det.

Det er mangt å vite om og mangt å vise omsyn til for den som vil ha hage, og så viser det seg å vere mykje sameleis for den som vil nytte innsikter frå høgda heime, eller kva som ligg i frø og spirar langt heimanfrå, og tilmed innførte tre frå langt av lei. Sjølv om ein ikkje har bestemt seg for nokon spesielle sortar, kan ein ha glede av å bla gjennom frøkatalogar og få plantane skildra. Ordspråksamlingar er her likna med frøkatalogar.

Avslutningsvis

Det går an både å velje fram og så sortere utvalde, lødige ordspråk så dei står fram som lauslege hovudopplegg med fleirval i. Tilmåta opplegga kan nyttast som grunnlag for langtids-trening, for eksempel sorten "Eitt steg om gongen etter dei første stega." Finn ein berre grunnlag som kan bere, kan ein dernest våge seg vidare. Vegen frå tankar til taktfulle gjerningar og utstyr som høver for vegen oppetter, kan like fullt bli ganske slitsam. Det gjeld også om ein finn ein grei veg for seg eller sine. Det er mange sider ved dette. [Utpensling]

Korleis ein finn greie ordspråk å leve smartare med. [Meir]

Ordtak i design

Ein kan også flette ordtak saman i meir eller mindre kybernetiske design for å få meir ut av dei, om råd. Det skulle ikkje vere låkt og vanskeleg. Sjå berre: [Design]

Trening

Betre å lære av éin skade enn av mange.

Better learn from one harm than from many.

Betre å vite rett enn å håpe feil.

Better know rightly than hope wrongly. [Oy 182]

Bota lyt alltid vere større enn hòlet.

The patch must always be larger than the hole. [Go 80]

Innhald


Lojong, mental trening med ordtak, litteratur  

Bokstavar og tal i skarpe klammer bak ordtak - f.eks. [Oy 182] - er bok- og sidetilvisingar. [Døme på bokkodar].
    Bruken av skarpe klammer elles, og andre teikn som blir brukt, står forklart her: [Teiknforklaringar]

Twig

Berzin, Alexander, and Dalai Lama. Fundamentals of Tibetan Buddhism – Level 3: Lojong (Mind Training) Material. Berlin: The Berzin Archives, 2003–2016. ⍽▢⍽; The Archives presents Lojong material and much else from the Tibetan traditions: Nyingma, Sakya, Kagyu, Gelug, and Bon - among other subjects.

Bruner, Jerome Seymour. Acts of Meaning (the Jerusalem-Harvard Lectures). Cambridge, MA: Harvard University Press, 1990.

Bruner, Jerome Seymour. The Culture of Education. Cambridge, MA: Harvard University Press, 1996.

Könchok Yenlak. A Concise Lojong Manual. Tr. Pamela Gayle White. Boudha Phulbari, Kathmandu: Marpa Kagyu Dharma Preservation Center, 2010.

Ostrander, Sheila, og Lynn Schroeder, med Nancy Ostrander. Superlearning 2000: New Triple-fast Ways You Can Learn, Earn and Succeed in the 21st Century. Ny utg. London: Souvenir Press, 1995.

Rigpa Translations. Lojong Texts: An Anthology. Lotsawa House, 012. ⍽▢⍽; Brief aspirations allied with positive thinking, in short.

Rinpoche, Thrangu. The Seven Points of Mind Training. Auckland, NZ: Zhyisil Chokyi Ghatsal Publications, 2004. ⍽▢⍽; Lojong is a mind training practice that was brought to Tibet in the 1040s by a teacher from the Nalanda University in India. He produced the root text of the training, A Lamp for the Path to Enlightenment. A Tibetan, Geshe Chekawa Yeshe Dorje (1101-1175 CE), produced a commentary on lojong points, The Seven Points of Training of the Mind. The text is a set of aphorisms.
     Among Tibetans, the teachings on lojong training were for a long time secret oral instructions in a tradition established by the venerable Gampopa (1079–1153). He established the Kagyu school (form) of Tibetan Buddhism, and the Kagyu school is today one of its four main schools (forms).
     The practice is one of refining and purifying one's motives and attitudes. One may engage in mind training while doing everyday things.

Shakya Milan. Mind Training Practice (Lojong) of Atisha Dipankara Shrijnana. Thesis. Kirtipur, Nepal: Tribhuvan University: Central Department of Buddhist Studies.

Smith, Eliot Randall, og Diane M. Mackie. Social Psychology. 2. utg. Hove: Psychology Press, 2000.

Thupten Jinpa, ed and tr. Gyalchok, Shönu, and Könchok Gyaltsen, comps. Mind Training: The Great Collection. The Institute of Tibetan Classics and Wisdom Publications, 2006.

Lojong, mental trening med ordtak, opp Seksjon Sett Neste

Lojong, mental trening med ordtak BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]