Norsk del, Gullvekta
Japanske ordspråk – Japanese Proverbs
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

  1. Innleiing
  2. Litteratur og merknadar

Innleiing

Ordspråk blir mykje brukt i Japan, og ofte uttrykt i form av brotstykke berre, der heile ordspråket får vere underforstått. Det er mykje som på norsk, der til dømes "Mykje skrik og lite ull" er korta inn frå "Mykje skrik og lite ull," sa mannen, han klipte grisen." Både ordtaket og fragmentet frå det, fortel om lite vinning, men mykje ståk, strev og oppstyr.

Japansk er innfløkt, og blir ofte halde som det mest innfløkte skriftsystemet på jorda. Det inneheld logogram, det er skriftteikn som står for ord eller frasar. Fleire tusen logogram er i vanleg bruk i Japan. I alt finst over 50 000 av dei, og kvart har ei kjernetyding og mange avleidde tydingar.

Det finst minst 30 000 japanese ordspråk. Her kjem om og men rundt omsettingar og gjengivingar av eit utval henta frå engelske og tyske kjelder. Kjeldene står opplista mot slutten av innleiinga, med merknadar til dei fleste. Under kjeldetilfanget står notar.

Vanlege omsettarvanskar

Atama kakushite shiri kakusaza - Protect yourself at all points. - Vern deg på alle punkt. [Japansk ordspråk]
Haust, nøtteskriker på japansk eføy, av Watanabe Seitei (1850-1918), frå ca. 1891. Utdraget er gjort litt lysare og meir kontrastrikt av meg.

Om lag slik forstår Edward Seidensticker det: "Føresjå utfordringar og åtak og treff tiltak mot dei på førehand." [1]

Klaus-Robert Heinemann fortel at mykje av innhaldet i japanske ordspråk ikkje er på overflata i det heile, fordi einskildord og stutte frasar i omlaup kan vere handtak eller assosiasjons-knaggar til heile dei lengre ordspråka, som blir føresette og "kling godt med". Og det er i dei fullstendige ordspråka ein får heile meininga det er ymta om ved somme ord, stytta frasar og ordbilde. Vi har noko tilsvarande på nordiske språk, der fragment som "Mykje skrik og lite ull" blir brukt i samtale og skrift, mens heile ordspråket er usagt, men truleg kling med på eit vis likevel: "Mykje skrik og lite ull, sa fanden (kjerringa) då han (ho) klipte grisen." Det kan altså ligge litt meir bakom frasane ein høyrer i snakk.

Det er mange slike "halvkveda viser" og korte ord ifrå ordtaka i Japan, og det er ikkje alltid så greitt å fatte kva som ligg bak for den som verken kjenner språket og kulturen. Det er slik at eit ordtak ein får høyre eit vink om i farten, kan gå hus forbi. Slik er det likevel ikkje her i samlinga, takk vere presumptivt probate omsettingar eller gjenskapingar av japanske ordspråk til engelsk og tysk. "Lyg dei, lyg eg", er hovudopplegget mitt. Det vil seie, eg gir att frå attgivingar og gjenskapingar, og er prisgitt dei. Eg har mange å velje mellom blant omsettingar og attgivingar som skal vere gode, og lar det dermed stå til. Slik omtrent er det.

Gilde som gråstein?

Vel kan det japanske ordspråket (eller ordet) lyse som ein diamant, mens omsettinga blir meir som ein prosaisk gråstein. - Fritt etter Klaus-Robert Heinemann

Når språket og grunnlaget er forskjellige og gjendiktinga berre slapt utført, er det fare for det som Heinemann framhevar. Då kan omsettingarbeidet bli som ei lang reise som startar med dei første stega. Nett det er enda eit av hovudpoenga som Heinemann bygger forordet til 700 Japanische Sprichwörter på (1959, 7-12, passim). Ordtak i gjendikting - frå engelsk og tysk med japanske biletteikn til, for eksempel - kan såleis verke nokså usle i forhold til originalane. Ein kan nok ha det forholdet i mente. Men når det er dei sentrale meiningane med ordtak ein ser etter, er eit godt utval av probate og gjenskapte ytringar godt å ty til, for alternativet er jo ingenting.

Arne Dørumsgaard og haikudikt. Det er godt gjort å omsette ordspråk frå japansk og få fram mykje av meininga utan kommentararbeid. Det blir ikkje å "verne seg på alle punkt" slik Seidensticker forklarar det øvst oppe: Ein ulempe med å gardere og pansre seg overalt, er at ein kan kjenne seg inneklemt av det og lite rørleg, men det lar vi heller ligge her. Norske Arne Dørumsgaard (1921-2006) valde å gi att, gjengi utan å gardere seg på alle baugar og kantar, fekk litteraturprisar og blei æresdoktor i Taipei før han var ferdig med alt. Dørumsgaard gjendikta, blant anna haikuar: Dei er svært tettpakka vers (dikt) etter klart mønster. Haiku og ordspråk blandar seg i Japan. Bruken er med og avgjer kva som er kva, og grensa mellom haiku og ordspråk kan bli flytande. Døme:

Spart
Alle de ender
som ikke ble middagsmat
snadrer en sang til det vårlige vær.
- Issa

"Andekvadet" i Dørumsgaards gjendikting (1966:41) er ein haiku av Kobayashi Issa (1763-1827). Ein kan godt tolke haikuen som åtvaring mot å bli skoten og mot å gå i fella om ein ikkje er på vakt - eller nedtona: Ein kan få svi for ikkje å akte seg. Greier ein seg, takk vere aktsemd og flaks, kan ein ha det bra. Om ein så seier "Alle de ender" som avkorting av dette og innarbeider avstuttinga i språket, har ein noko som tilsvarer "Mykje skrik og lite ull" frå europeisk tradisjon.

Andre kulturar kan ha andre måtar å forme ordspråk på enn vi har, i tillegg til ganske like eller overlappande måtar. [Meir]

Japanske ordspråk på europeiske språk

Ordspråk etter europeisk standard? Mange tilnærmingar til japanske ordspråk er ikkje stort anna enn til dømes engelske ordspråk i nye rammer, og mange får ikkje støtt eller godt fram dei gjengse, japanske ideane - dei kulturelle verdiane bak rikhaldige, mangetydige ordspråk - ikkje presist og nyansert nok. Det heng også saman med at det ikkje finst noko dekkande engelsk tilsvar og motstykke til alle japanske ordspråk, og at når kulturar er ulike, får eitt og same ordspråk i dei to kulturane ulik valør, kjem Edward G. Seidensticker inn på i føreordet til boka When Monkeys Fall from Trees. (i Galef 1990:12-13).

Kvar enkelt får legge i ordspråket det ho tør seg til - Det ikkje enkelt å omsette ordspråk frå japansk og få fram mykje meining utan kommentararbeid som utvider "nedslagsfeltet" for ordspråket, så å seie. Overlevert bruk og meining "sit" i kultur og overleverte tradisjonar. Og noko kjem an på kva den enkelte legg i ordspråket, og det er store forskjellar mellom folk i kva dei assosierer med enkle ord, syner granskingane til Tony og Barry Buzan. Dei røkta etter kva folk i grupper på fire kvar for seg assosierte med det engelske ordet for glede, happiness. Etter tusenvis av undersøkingar var det klart at folk assosierte mykje ulikt.

Dess meir utdanning, dess meir noko for seg sjølv? Det er ei skikkeleg interessant undersøking, for ho underminerer trua på at "alle saman er vi like, og utdanning hjeper til med det" - altså trua at "godtfolk" støtt og stadig tenker likt i eitt og alt og tenker i same baner. Folk assosierer heller ulikt, viser Buzan-brørne. [2010:37-40]. I ei tidlegare utgåve hevda brørne dessutan at dess meir utdanning, dess meir singulære assosiasjonsnettverk kjem i stand i eit individ - ein blir meir "noko for seg sjølv" - og er borti desse tankebanene i siste utgåva også. [Buzan and Buzan 1995, 64-66; 2010:39-40).

Jungs assosiasjonstest er funnen for lett: Funna til Buzan-brørne meir enn antydar at Jungs assosiasjonstest kan ha skavankar i seg, for den testen kviler mykje på konforme utputt til "triggerord" slik det er spesifisert. Verdien av Buzan-brørne sine funn har enno ikkje sige inn over alle.

Bakgrunnen syng med. Noko anna ein bør ha rom for, er at bakgrunnen til kvar enkelt syng med førestillingane til vedkommande. Ein tenker på bakgrunn av både erfaringsmasse og utdanning. Men Buzan-funna kan iallfall delvis støtte verdien av å forstå japanske og andre ordspråk individuelt, og legitimere ulike attgivingar av eitt og same bildeord, sidan ulike folk assosierer ulikt til logogramma og bileta som "målast" i ordform og - dersom det er fleire ordbilde i lag - står saman i ei eining som kallast ordspråk. Men det er ikkje alt som høver, og her kjem skolering og ordkunst fram. Ein får dessutan "skjele" til korleis ein tradisjonen oppfattar ordspråka sine, og kva for belegg det er.

Eitt einaste ord kan vere nok på japansk. Det er ikkje for at det skal vere vanskeleg, men somme japanske ordspråk er forma som eitt einaste ord, etter mønster av kinesisk ordlagingsskikk. For at eit ord skal reknast som ordspråk, lyt det uttrykke ei vanleg sanning, heiter det. Jamfør her funna til Buzan-brørne om kor ulikt folk assosierer til eit ganske vanleg ord som lykke, og at ordspråk ofte er metaforiske av seg: Dei gir ymt om eitkvart ved å snakke om noko anna - biletleg, figurativt, og så vidare.

Ordspråkymt - vanleg. Andre grunnar til at det kan vere vrient å omsette frå japansk heng saman med bruken av ordspråk mellom japanarar. Dei seier typisk nok berre første del av eit ordspråk og lar resten henge i lufta - og same skikken finst i Vesten også, men ikkje alltid same ordspråket (jamfør dømet med griseklipping ovanfor).

Klangbotnen i Japan når langt attover. Historia til Japan med skikkane i det som i lang tid var eit bondesamfunn, ligg under mange av ordspråka, og speler venteleg med som klangbotn, så å seie. Og nokre ordspråk kjem frå buddhismen, som kom til Japan frå Kina for fullt for rundt 800 år sidan, og kallast zen-buddhisme. Mange kjem frå kinesisk filosofi, i sær Konfutses samtalar. Ein finn også taoisme-setningar. Slikt lyt ein jamføre med så ein forstår mykje betre kva japanarar eigentleg meiner med det dei seier stutt, svært stutt. [3]

Det nyttar jamt å peile, sondere, innimellom. Når alt dette er nemnt: Greie og kunnige tilnærmingar i form av gjendiktingar eller meir eller mindre tolkande omsettingar er det gagn i like fullt. Dei fremmer mellom anna betre kontakt ved å gi ymt og fakta omkring tilhøve ein elles ikkje ville hatt peiling på i det heile. Så det er behov for gode tilnærmingar.

I neste bolk kjem japanske ordspråk i omsetting eller attgiving. Det er tanken å legge til fleire slike ordspråk med stunder. Mange av boktilvisingane, som Buchanans bok nedanfor, går for å vere rikhaldige kjelder, og forsvarlege på eit høgt nivå.

Eit døme

Hana wa oritashi, kozue wa takashi

"Eg ville gjerne bryte av blomsten, men greina er for høgt." Dette blir ofte sagt når ein mann forelskar seg i ei kvinne av høg stand, men som ikkje er tiltrekt av han. Her snakkar ein figurativt (metaforisk, i overført tyding) ved at kvinna blir omtala som ein blomst å plukke, og standen hennar i samfunnsveven blir likna med høgda over bakken i eit tre. (Buchanan 1965:5).

Tankegangen til reven om rognebæra (druene) han ikkje kunne nå - "høgt heng dei og sure er dei" - er nok eit steg vidare i feil retning (såkalla rasjonalisering), men også dét er om noko som heng høgt og ein ikkje når til.

Med ordspråk er det det same: Ulike oppfatningar kjem fram på ulike vis, og somme kan henge litt høgt. Dei får ein heller strekke seg etter. Og japansk har både biletskrift (logogram) og bokstavskrift som oss. Det gjer arbeidet lettare for den som vil skjøne japansk, men lett er det ikkje like fullt. Japansk blir rekna som eit særs vanskeleg språk å lære. Japanarar flest klarer det likevel - i det minste til ein viss grad.

Innhald


Japanske ordspråk, Japanese proverbs, ordtak frå Japan, litteratur  

Akiyama, Aisaburo. Japanese Proverbs and Proverbial Phrases. 3. utg. Yokohama: Yoshikawa Book Store, 1940. ⍽▢⍽ Attåt ordspråk på japansk (både romanisert og logogram-forma) stå omsettingar til engelsk og tilsvarande (analoge) ordspråk på engelsk. Døme: "Chie wa kodashi. Engelsk omsetting: "Take out your wisdom little by little. Tilmåting: "Use your wisdom as the case may be." (s. 30)

Blyth, Reginald Horace. Haiku, Band 1- 4. Tokyo: Hokuseido, Bd 1, 1976; bd 2, 1974; bd. 3, 1976 og bd. 4, 1975.⍽▢⍽ Blyth var professor i engelsk ved Gakushuin Universitet. Ei tid var han privatlærar for kronprinsen i Japan, han som seinare blei Keisar Akihito. Doktor Blyth skreiv mykje om Zen - tenking, sinnelag og veremåte - og dessutan skreiv han om små haikudikt og omsette svært mange frå sjangeren.

Bownas, Geoffrey and Anthony Thwaite. Japanese Verse. London: Penguin Classics, 2009 (1964). ⍽▢⍽ Ei tilgjengeleg samling, eit Unesco-verk. Samlinga femner over 700 dikt. Mange er tanka og haiku, som er spartanske diktformer fylt av allusjonar, og i samsvar med strenge oppbyggingsreglar for dei dikta.

Bruner, Jerome Seymour. Acts of Meaning (the Jerusalem-Harvard Lectures). Cambridge, MA: Harvard University Press, 1990.

Bruner, Jerome Seymour. The Culture of Education. Cambridge, MA: Harvard University Press, 1996.

Buchanan, Daniel Crump. Japanese Proverbs and Sayings. Norman, OK: University of Oklahoma Press, 1965. ⍽▢⍽ 2 500 ordspråk og uttrykk som kan syne Japanske tenkemåtar. Mange har engelske parallellar. Nettversjon (delvis) ligg føre hos Google.

Buzan, Tony with Barry Buzan. The Mind Map Book. Rev ed. London: BBC Books, 1995.

Buzan, Tony, and Barry Buzan. The Mind Map Book: Unlock Your Creativity, Boost Your Memory, Change Your Life. Harlow: BBC Active / Pearson, 2010.

de Lange, William, og Kyoko Suzuki, ed. A Dictionary of Japanese Proverbs. Warren, CT: Floating Worlds Editions, 2013. ⍽▢⍽ Eit tusental ordtak; nokre hundre av dei er neppe omsett til engelsk før. Ein får bokstavelege omsettingar, tilsvarande engelske ordtak, og forklarande notar som hjelp til å fatte visse ordtak betre, og samanhengen dei er ifrå. Enda eit funn.

Dørumsgaard, Arne. Bak sorgens kyst: Issa i norsk gjendiktning (1762-1827). Oslo: Dreyer, 1966.

Dørumsgaard, Arne. Vinger i natten: Buson i norsk gjendiktning (1716-1783). Oslo: Dreyer, 1985.

Dørumsgaard, Arne. Fra duggens verden: Basho i norsk gjendiktning (1644-1694). Oslo: Dreyer, 1986.

Dørumsgaard, Arne. Under kirsebærtreet: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. 1. saml. (313-794). Oslo: Dreyer, 1968a.

Dørumsgaard, Arne. I crysanthemenes tid: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Annen samling. Tiden Heian (794-1186). Oslo: Dreyer, 1968b.

Dørumsgaard, Arne. Sverdliljer. Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling (1186-1868). Oslo: Dreyer, 1968c.

Dørumsgaard, Arne. De sorte svalene: Moderne japansk poesi. Første samling: Meiji-perioden (1868-1912). Oslo: Dreyer, 1967.

Dørumsgaard, Arne. På stjernenes veier: Moderne japansk poesi. Annen samling. Taisho-perioden (1912-1926). Oslo: Dreyer, 1969.

Dørumsgaard, Arne. Regnbuen av stål: Moderne japansk poesi. Tredje samling. Showa-perioden (1926 -). Oslo: Dreyer, 1971.

Dørumsgaard, Arne. Om å gjendikte kinesisk poesi. Oslo: Dreyer, 1970.

Galef, David, oms. Japanese Proverbs: Wit and Wisdom. Ill. Jun Hashimoto. Tokyo: Tuttle Publishing, 2012. ⍽▢⍽ Boka er Even Monkeys Fall from Trees (1990) og Even a Stone Buddha Can Talk (2000) slått saman til éi. Forklaringane i ei to samanslåtte bøkene er blitt utvida, og nokre få av omsettingane er endra. Tekstforfattaren er amerikansk professor.

Heinemann, Klaus-Robert, oms. 700 Japanische Sprichwörter. Stuttgart: Rascher Verlag, 1959. ⍽▢⍽ Eit funn.

Hilhorst, Ronald. English–Japanese, Japanese–English Proverb Dictionary. Kotowaza.org. Online. ⍽▢⍽ Triveleg. For tida noko over 460 japanske ord (med bildeteikn, dvs. i logogramform) med engelsk tilnærming. - Hilhorst tok mastergrad i japansk språk og kultur ved Universitetet i Leiden og har stått for kulturutveksling mellom Nederland og Japan i fleire år, også på toppnivå. [Meir]

Huzii, Otoo. Japanese proverbs. Tokyo: Maruzen /The Board of Tourist industry, Japanese government railways, 1940. ⍽▢⍽ Grei bok med 300 ordspråk, meir eller mindre, og eit godt, klargjerande forord. Professor Huzii er doktor i litteratur.

Okada, Rokuo. Japanese Proverbs and Proverbial Phrases. Tokyo: Japan Travel Bureau, 1955. ⍽▢⍽ Okada valde ut 513 av dei mest omtykte japanske ordspråka og kommenterte dei. Rundt 30 000 ordspråk fanst å velje mellom. Ordspråk er flittig brukt i Japan, også i dag, også i form av "halvkveda viser", det vil seie ordspråkymt.

Ostrander, Sheila, og Lynn Schroeder, med Nancy Ostrander. Superlearning 2000: New Triple-fast Ways You Can Learn, Earn and Succeed in the 21st Century. Ny utg. London: Souvenir Press, 1995.

Smith, Eliot Randall, og Diane M. Mackie. Social Psychology. 2. utg. Hove: Psychology Press, 2000.

Wintle, Justin. The Dragon's Almanac: Chinese, Japanese and Other Far Eastern Proverbs. London: Routledge and Kegan Paul, 1985. ⍽▢⍽ Forfattaren er redaktør med meir.

Zona, Guy A. Even Withered Trees Give Prosperity to the Mountain and Other Proverbs of Japan. New York: Touchstone/Simon and Schustler, 1996. ⍽▢⍽ Rundt 700 japanske ordtak på engelsk, utan forklaringar.

Notar

  1. Galef 2012:12-13
  2. Wikipedia, s.v. "Arne Dørumsgaard"
  3. Galef 2012:13.
  4. Wikipedia, s.v. "Japanese Proverbs"; Wictionary: "Category:Japanese proverbs"; Wikiquote: "Japanese proverbs".
  5. Allanyheter.com. Nyheter och aktualiteter. Lördag den 22 Augusti (2009)
    www.allanyheter.com/.../senaste-nytt-20090822.htm (sida er borte no) - og i TV-innslag frå tida nær bryllaupet.


Japanske ordspråk, Japanese proverbs, ordtak frå Japan, opp Seksjon Sett Neste

Japanske ordspråk, Japanese proverbs, ordtak frå Japan BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]