Norsk del, Gullvekta
Persiske ordspråk ≍ Persian Proverbs
Seksjon › 36 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

M

Menneska treng meiningsfulle liv.

Human beings need meaningful lives.

Modenskap kjem frå visdom, og ikkje berre åra ein har levd.*

Maturity comes from wisdom, not in the passing of years.

TIL DETTE: Somme "vanedyr" blir som sirkushestar som spring rundt i manesjen år etter år utan å komme mykje vidare. Dette er Swami Vivekananda inne på i kapittelet kalla "Fridom" i boka Karma-Yoga. Han skriv, litt fritt omsett:

Den vanlege oppfatninga av plikt er på det nedre planet. Likevel lyt vi alle gjere plikta vår. Men vi kan sjå at ei særeiga pliktkjensle svært ofte er årsak til elende. Plikta blir ein sjukdom for oss, ho drar oss framover heile tida. Ho grip tak i oss og gjer heile livet elendig . . . Denne plikta, denne oppfatninga av plikta, er [som] sola midt på dagen om sommaren. Ho svir i sjelas inste. Sjå på dei stakkars pliktslavane! . . . Dei drar ut og på arbeid. Plikta er over dei! . . . Det er å leve eit slaveliv før ein til sist fell saman i gata og døyr i seletøyet som ein hest. (Vivekananda 1921:101)

Tja - Noko godt kan ein vel få med seg frå Vivekanandas skildring av korleis plikter styrer liv. Å døy utan å ha funne seg sjølv, blitt venn med seg sjølv og vore seg sjølv godt - utan å ha utfalda eller realisert seg sjølv høveleg, er han ikkje talsmann for, Vivekananda.

Det er mange slags plikter, og somme er høvelege. Det finst fine, gagnlege plikter som skal hjelpe ein å gjere godt for seg og sine, mellom anna. Det er skil på folk også. Somme plikter er bra plikter, iallfall opp til eit visst nivå. Og det er slett ikkje sikkert at høvelege plikter gjer ein til slave. Kanskje tvert om. Men det gjeld å gå ifrå uhøvelege og lite tenlege plikter til tenlege gjeremål, og helst så fort ein kan, så fort ein er parat. Elles kan ein godt bli trampa ned. Det som er OK for barnet, blir erstatta av andre eller fleire oppgåver for dei vaksne.

I Vedanta (Sanatan Dharma, Hinduisme) har ein omgrepet (høveleg) dharma som eitt av fire store livsmål. Dei andre tre er velstand, sanselege gleder, og fridom. Livskunsten er å harmonere arbeid for velstand og sanselege gleder og lyst innanfor dharma (det som er rett og sømmeleg og passar, også visse djupt forankra plikter) - samtidig som ein går inn for auka fridomsgradar og innvendig fridom, kalla moksha.

Innhald


Persiske ordspråk og munnhell, ordtak frå Persia, litteratur  

Vivekananda, Swami. Karmayoga. Mayavati: Prabuddha Bharata Office, 1921. [◦På nettet].

Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte ved læringsarbeid: (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av livslærdommar.

∼ Kjelder: [Bøker]

Persiske ordspråk og munnhell, ordtak frå Persia, opp Seksjon Sett Neste

Persiske ordspråk og munnhell, ordtak frå Persia BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]