Norsk del, Gullvekta
Skotske ordspråk – Scottish Proverbs
Seksjon › 29 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

B

Lova er dyr, så ta ein halvliter og kom overeins.

Law's costly, tak a pint an' 'gree.

Ein rik manns friarveg treng sjeldan bli lang.

A rich man's wooing need seldom be a long one.

Å demme opp elva og så la vatnet fare gjennom eit garn, det er trygt fiske.

Dammin and lavin is sicker fishin.

Frå elvefiske. Tyding: Føretrekk sikker vinst, om enn liten, framfor ein større, men uviss vinst.

Smått samla kan bli mykje. • Mykje smått til saman blir mykje [eller stort].

Mony a mickle maks a muckle.

Ordtaket fortel om micle og mukle, som begge tyder "stor mengde, mykje". Men ordtaket blir forstått dit at "mange små til saman blir til noko stort", eller til mykje. Det kan gjelde småsummar spara over tid, til dømes. Ordet 'micle kjem elles frå norrønt mikill, stor, mykje. Sjå Wictionary, "many a mickle makes a muckle"

Lev vel og ver ikkje redd for noka skam.

Live weel, an' dreid nae shame.

Mang ei sann soge blir skjemtsamt fortalt.

There is mony a true tale tauld in jest.

Eit nikk frå ein ærleg kar er godt nok [om samtykking].*

A nod from an honest man is enough.

Skit får godt selskap til å skilje lag. [Sagt dersom uverdig folk kjem til der vi er samla, og gjer oss ille til mote og villige til å bryte opp, forklarer Kelly)

Dirt parts good company.

Eg tekker hus(tak)et mitt i godvêret.

I theekit ma hoose in the guide weather.

Tradisjonell tyding: Eg bur meg tidleg på dauden. Men orda kan tolkast breiare og enklare, som i: "Førebu deg på dårleg vêr når vêret er fint, In fair weather prepare for foul.

Kanskje-boka er svært stor og tjukk.* [Spekulasjonar kan bli høfleg kommentert slik.]
  The book o' maybes is very braid.

Den som svindlar meg éin gong, skulle skamme seg. Svindlar han meg ein gong til, skulle vel ég skamme meg.

He that cheats me aince, shame fa' him; if he cheats me twice, shame fa' me.

Når vennar møtest, varmast hjarta.

When freends meet, herts warm.

Når hjartet er fullt, vil tunga tale.

When the hert is full the tongue will speak.

Innhald


Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte ved læringsarbeid: (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av livslærdommar.

∼ Kjelder: [Bøker]

Scottish proverbs, Skotske ordspråk, proverbs in Scots, ordtak i Skottland, opp Seksjon Sett Neste

Scottish proverbs, Skotske ordspråk, proverbs in Scots, ordtak i Skottland. BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]