Norsk del, Gullvekta
Gullkorn: Vengeord, sitat og fyndord
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

D

Danning omfattar det vi har att når vi har gløymt mangt vi har lært. [Jf. Ellen Key]

De trur Ødipus hadde problem? Adam var mor til Eva. [Ukjent]

Dei dummaste danskane gjer nok som dei vil for deg.

Dei dummes læremeister (erfaring) gjer somme klokare etter kvart. Livet er til for det.

Dei er lykkelege som eig eitkvart. [Evripides]

Dei fleste ting er lettare sagt enn gjort. [Engelsk ordtak]

Dei rikaste stundene du har, er no - i noet.

Dei som liknar kvarandre, finn saman.

Dei store fiskane et gjerne dei små. [Med Peder Jensen Hegelund]

Den druknande grip etter kvar kvist. [Engelsk ordtak]

Den eine geistlege tar ikkje tiend frå den andre. [Latinsk vending]

Den eine tenesta kan vere den andre verdt. [Med H. V. Kaalund]

Den er ikkje tapt bak vogna som dett ned mellom hestane. [Kok]

Den grå eminensen har vel sett mange slags spel. [Jf. Bo 320]

Den gylne middelveg kan det ta år og tiår å lære seg.

Den kloke førebygger, kan hende han blei klok av skade. [Med Schiller]

Den norske revolusjonen åt sine eigne barn, som andre revolusjonar. [Jens Arup Seip]

Den offentlege meininga er ofte ein trulaus venn. [Med Ibsen]

Den rette breisida kan ta vilkåra for retrett vekk frå tropper som elles kunne flykta.

Den rette forklaringa kan ligge snublande nær, og der ein bur.

Den siste dropen får den breiddfulle koppen til å renne over. [Jf. Bo 174]

Den som driv med politiske overraskingar blir sjeldan bura inn.

Den som er from som eit lam har neppe godt av normannarbølling.

Den som er slått til femtiøring, blir aldri tikrone. [Jf. Bo 128]

Den som forstår sorg, forstår best dansk.

Den som gjer det vonde, skulle ingen halde for heilag.

Den som går fremst i ein alvorsdyst, får berre kjempe og falle, han. [Fritt etter J. S. Welhaven]

Den som går til sengs med hønsa, kan stå opp med purka. [Fritt etter gammalt dansk ordtak]

Den som har eit kall ingen er sterk nok til å bere, kan det gå vel med i det ytre ei tid.

Den som har mange jern i elden, kan brenne somme. [Med Peder Syv]

Den som ikkje elskar, skal ikkje gjere seg til stort.

Den som ikkje har lært å tyde, kan hamne i gapestokken.

Den som ikkje kan styre sitt eige nokolunde, vil ofte hykle for å klare seg inntil vidare.

Den som ikkje kan tåle gode dagar, han skal gifte seg. [Peder Syv]

Den som ikkje vil høyre, får føle. [Jf. Bo 129-30]

Den som kan forklare godt, kan undervise godt når det høver. [Jf. Bo 731]

Den som kan forstå fuglespråk kan ha fått "gjennomsteikt" hjarte. [Jf. Bo 269]

Den som kjem først til mølla, får først male. [Eike von Repkow, Bo 622]

Den som omgåast ulvar, lærer å tute. [Peder Laale]

Den som set fram ein påstand, får også prove den. [Bo 7]

Den som slit hardt, har neppe fortent maten sin meir enn den som syslar vettigare.

Den som søv, syndar ikkje direkte. [Jf. Bo 130]

Den som sår pengar, haustar kanskje fallitt.

Den som sår vind, haustar hurra.

Den som tar bjørnen i båten, kan ferje han over sundet. [Etter Grubb]

Den som teier, lèt til å samtykke. [Pave Bonifacius VIII]

Den som vil fare langt, skal vere skånsam med hesten sin. [Fritt etter Racine]

Den som vil plage bonden, set ein bondeson til det. [Ordtak]

Den som vil springe om kapp med tanken, må heller sitte stille. [Jf. Bo 573-74]

Den som vinn ved å gå ut av sitt gode skinn, kan leve ut andre sin førestillingar i ettertid.

Den største komplimenten du kan gi ein forfattar, er å sitere han. [Samuel Johnson]

Den største sorga den verste kan få, er å kjenne seg.

Den uskikka blir nok mindre smålåten med tida.

Den verkeleg kloke sannar fikst.

Der det er mest liv, er det mest røyndom til stades.

Der det er mykje lys, kan det og komme kraftige skuggar. [Etter Goethe]

Der det ikkje finst lov, finst heller ikkje lovbrot. [Romarbrevet 4,15]

Der eg gjer eitkvart godt, har eg lykka med meg.

Der elva er djupast, renn den stillast. [Fritt etter Shakespeare]

Der godtfolk er, kjem godtfolk til.

Der kloden snurrar, snurrar vi med. [Jf. Henrik Ibsen]

Der skildringa ikkje stemmer med røynda, skal ein nok justere så skildringa stemmer. [Jf. Bo 486]

Dersom himmelen ikkje vil høyre meg, vil eg sette helvete til hjelp. [Etter Vergil]

Dess fleire kokkar, dess verre søl kan det bli av det. [Ordtak]

Dess meir ein rotar i skiten, dess verre luktar den. [Tunnicius]

Dess meir forderva staten er, dess fleire er lovane. [Tacitus]

Dess meir vi er saman med ein god og munter kamerat, dess gladare kan vi bli. The more we are together with a jolly good fellow, the merrier we be.

Dess verre slyngel, dess betre hell. [Jf. Bo 55]

Det aprioriske kviler neppe fullgodt på røynsler. [Jf. Bo 33-34]

Det avgjerande er ofte kor lite vi taper.

Det blir ikkje noko av det ein berre syter over.

Det blir sagt så mangt. Enkelte små vil noko more.

Det danske grin er ofte for vakkert til å vere sant. [Jf. Bo 113-14]

Det ein ikkje ser lenger, ansar ein oftast ikkje meir heller.

Det ein lærer som pur ung, kan ein hugse overlag godt frametter. [Jf. Bo 153]

Det er betre at ti skuldige går fri enn å døme éin skuldlaus. [Fritt etter William Blackstone]

Det er betre på somme måtar å bli beundra av dei som du bur med . . . fordi beundring er så mykje meir tolerant enn kjærleik. [Arthur Helps, 40,000]

Det er betre å førebygge enn å kurere.[Frå engelsk. Jf. Bo 719-20]

Det er betre å leve med ære enn med Dyret i Openberringa. [Jf. Bo 183-4]

Det er betre å leve med ære enn som Dyret i Openberringa. [Jf. Bo 183-4]

Det er ei trøyst for dei som har det vondt å ha lidingsfellar. [Latinsk ordtak]

Det er ein fæl fugl som skit i sitt eige reir. [Jf. Egbert de Liège, Bo 282]

Det er ein gammal regel i filosofien at ein ikkje må trekke slutningar når materialet ikkje gir rom til det. [Jf. Bo 221]

Det er ein ussel mus som har berre eitt hol. (Det kan komme godt med å ha alternative utvegar for seg og sitt.). [Jf. Plautus]

Det er for gale om ein dram i timen er betre enn ein time i Drammen. [Jf. Bo 171]

Det er forskjell på godseigarretten til den første natta (brudenatta) med dei liveigne kvinnene på godset og å fordømme ved falsk og justismord. [Jf. Bo 476]

Det er godt å begynne vel. [Jf. Bo 944-45]

Det er helst av sitt eige kvinnfolk ein skal høyre spreke, kraftfulle, eldhuga ord.

Det er i regelen ein svak mann som giftar seg av kjærleik. [Dr. Samuel Johnson]

Det er ikkje alderen som gir visdom. [Etter Job, Bo 290]

Det er ikkje alltid takt og tone høver.

Det er ikkje godt å ete kirsebær med herrane. [ En Ræffue Bog, 1555]

Det er ikkje gull alt som glimrar. [Latinsk ordtak]

Det er ikkje klokt å halde uvisse ting for visse og falske for sanne. [Med Cicero]

Det er ikkje så mykje raseri i helvete som i ei forsmådd kvinne. [William Congreve, Bo 355-56]

Det er jamt klokt å klare danna innvendingar utan knurr og hemn.

Det er lett å oppfatte dei gamle greske kyklopane som troll meir enn som kjemper. [Jf. Bo 526]

Det er lettare å seie enn å gjere. [Peder Syv]

Det er lettvint å håne. [Jf. Ibsen, Bo 148]

Det er mange skjer i sjøen. [Ordtak]

Det er meir mellom himmel og jord enn to morsbryst.

Det er somme gitt å kjenne løyndommane til himmerike. [Matteus 13,11]

Det er nok ikkje godt å vite alt dei ovkloke og drukne meiner.

Det er rett å lære også av fienden sin. [Ovid]

Det er råd med den pølsa som er for lang. [Etter Peder Syv]

Det er ulvar i myra. [Gammalt ordtak. "Ugler i mosen" blir sett på som ei forvansking av det. Bo 919]

Det er vanskeleg å spå - især om framtida. [Dansk munnhell]

Det er vondt å stikke handa mellom barken og treet. [Peder Laale]

Det fanst ikkje nokon god fred før heller - det berre såg sånn ut.

Det finst menneske som ser ut som dei blei skapt til vanæring heller enn salutt.

Det framifrå kan vere sjeldan vare. [Fritt etter Cicero]

Det får komme kva som komme vil. [Fritt etter Shakespeare]

Det gir ikkje fullgodt inntrykk å dette ned som ein skinnfell. [Etter engelsk]

Det gjeld å lese og høyre og forstå "med eit saltkorn", cum grano salis, det vil seie, å kople til ein og annan klokleg reservasjon og kritisk sans for ikkje bli lurt. [Jf. RESERVASJONAR; Bo 107]

Det gjer bra med noko velfortent kvile innimellom arbeidet. [Jf. Bo 381]

Det gjer vondt å renne hovudet mot veggen. [Peder Syv]

Det går eit lys opp for ein når ein skjøner ting.

Det går ofte an å seie sanningar med ein spøk. [Horats, Ridendo dicere verum ]

Det har synt seg tenleg med stillteiande atterhald, reservatio mentalis. [RESERVASJONSKUNNE]

Det hjelper å vise kor hendig ein kan vere.

Det kan bli for dyrt å vere fattig. [Jf. Bo 241]

Det kan høve å arbeide nokre duglege tak for å vinne over motstand og motbør med meir. [Med Septimius Severus og Vergil]

Det kan vere godt når standarden står igjen om mannen stuper. [Fritt etter Per Sivle]

Det kan vere herleg å ikkje ha noko å gjere. [Med Cicero]

Det kan vere vanskeleg å la vere å refse samtida si. [Jf. Juvenal]

Det kan vere vel, om det ikkje er berekna.

Det kjem lite godt av sorg og sjølvgjort plage. [Jf. Bo 45]

Det kjem ofte ut på eitt kven som sa kva, berre det er bra. [Jf. Ludvig Holberg]

Det kjem vel gode dagar etter desse.

Det kostar å vere kar, så ein gjer mang ein gong lurast i å fare fram med lempe.

Det lurer ein orm i graset. [Etter Vergil, Latet anguis in herba.]

Det reint menneskelege må bli mest sentralt i menneskeliva og menneskeverda. [Jf. Bo 598]

Det ser somtid ut som lagnaden drar med seg slike som stretar imot han. [Jf. Seneca]

Det skal meir ryggrad til å bere gode dagar enn vonde. [La Rochefoucauld]

Det skal mot til å bringe talentet fram.

Det skal sterk rygg til å bere gode dagar.

Det skulle nytte å kjenne sine klassikarar. [Jf. Bo 499]

Det som blir kalla dei sju dødssyndene for katolikkar er hovmod, gjerrigskap, vellivsførsel (luxuria), misunning, drukkenskap, vreide og sorgløyse (acedia). [Bo 860-1]

Det som dogme er, er ikkje til å stole på.

Det som er gjort er gjort, og kan mang ein gong ikkje gjerast heilt om att.

Det som er gått tapt er gått tapt. [Jf. G. A. Bürger]

Det som er saus (godt) for gåsa, er også saus (godt) for gassen. [Engelsk ordtak]

Det som er stoda for folk, innrettar kremmarane seg godt etter. [Jf. Bo 628]

Det som er verkeleg fornuftig, er det ikkje sikkert nokon andre forstår.

Det som ikkje gjeld for nokon som helst, gjeld heller ikkje for einskilde kvar for seg. [Frå filosofisk grunnsetning, Bo 732]

Det som vil skje, det vil skje. (Qui sera, sera.) [Frå italiensk]

Det synest rett og rimeleg at det svenske folkhemmet har blitt elska av mange små.

Det sømmer seg ikkje for ein sporv å gå i tranedans. [Peder Syv]

Det utvendige er det innvendige, og det innvendige er det utvendige. [To filosofar, Hegel og Kierkegaard]

Det vi ikkje kunne, gjorde kua for oss (omdanna gras til mjølk og laga fire liter mjølk og meir - dagleg). [Bo 394]

Dialekta røper somme.

Drick ej mera än ditt morsmål tål. [Fritt med Bellman, Bo 172]

Drick ej mera än du tål - Tänk på dina göramål. [Bellman]

Driv ikkje fortvila kviledagshor når du elskar nesten som deg sjølv utan å greie det.

Dronninga av Saba fekk legendarisk ry av andre.

Dropen holar ut steinen. [Choirilos og Ovid]

Du kan gi ein god dag i nokon som ikkje likar deg. [Jf. Bo 298]

Du skal ikkje ete kirsebær med herrebarn som låser deg ned. [Peder Laale]

Du skal ikkje la deg bløffe; det blir kalla det ellevte bodet i Tyskland. [Herder, jf, Bo 181]

Dugleikane overlever dauden. [Jf. Bo 975]

Daud mann kan ikkje fortelje bort alt.

Daude bikkjer bit vel ikkje.

Daude fortel som oftast ingenting.

Dauden kan ein vanskeleg vere redd for når ein har levd vel, stort sett. [Etter Epikur]

Dauden leier ein vekk frå mange leie plager. [Fritt frå Cicero]

Dømmer ein kjærleiken ut frå dei fleste verknadane han har, liknar han hatet meir enn vennskapet. [La Rochefoucauld]

Dømming i eiga sak kan gå merkeleg til.

Dårleg omgang fordervar. [Etter Menandros]

Innhald


Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte ved læringsarbeid: (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av livslærdommar.

∼ Kjelder: [Bøker]

Vengeord, gullkorn, fløygde ord, visdomsord, tankekorn, vengeborne ord bevingede ord, bon mots, maksimar maksimer, sentensar, opp Seksjon Sett Neste

Vengeord, gullkorn, fløygde ord, visdomsord, tankekorn, vengeborne ord bevingede ord, bon mots, maksimar maksimer, sentensar BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2003–2017, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]