NORSK DEL, GULLVEKTA

Gullkorn: Sitat, vengeord og fyndord

 13 › 3 › 2 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Gullkorn, vengeord 
– SAMLINGA

F

Farvel så lenge er fine helsingsord når det høver.

Felles skipbrot er ei narretrøst.

Finn det som er sant ved å kjenne i eige hjerte. [Jf. Bo 177]

Finn ditt eige hjerte og kjenn kor bra du har det. [Jf Schiller, Bo 966]

Finst det kvinner, finst fåfengd.

Fire eigenskapar - rettvise, tolmod, visdom og manndomskraft - høyrer med til naturlege, likande sterke sider i gammal gresk kultur som kan hjelpe mot såpeoperaen.

Flid er framgangs mor. [Esaias Tegnér]

Flyndre og laks bit vel ikkje straks. [Jf. Bo 152]

Folk mislikar kanskje instinktivt slike som får dei til å kjenne seg lite verdt. [Jf. Lord Chesterfield, Bo 606]

Folket i val er folket i vrøvl. [Ludv. Daae]

For filosofien er berre det sanne heilagt. [Ludwig Feuerbach]

For mykje kan vere usunt. [Jf. Bo 21]

For somme er det betre å bli godt hengt enn dårleg gift. [Jf. motto til Søren Kierkegaard]

For tankar ein held for seg sjølv, blir nok ingen straffa her i verda.

For å kunne lese mellom linjene skal det også stå eitkvart tydande der. [Jf. Bo 546]

For å leve farleg treng ein kanskje ikkje anna enn levande lys og å røyke på senga om natta. [Jf. Benito Mussolini, Bo 550, "Leve farleg".]

Forakt ikkje profetord, men lodd dei vel. [1 Tess. 5]

Forakta kjærleik blir ofte til raseri, ofte til ingenting. [Peder Syv]

Forfengelegheit kviler på for grunt tankesyn.

Forlegenheit på grunn av for stort utval - få ting er betre.

Forretning er forretning. [Octave Mirbeau]

Forstanden er ei sjeldan vare, den som har det, skulle spare. [Med Piet Hein]

Fram og tilbake er jamt like langt. [Jf. Bo 273]

Fremmend rekved omfattar neppe bondefolk som meiner by er himmerike - men ikkje i langdraget.

Fridom vil også seie å kunne påføre fiendar skade.

Fælt folk har ingen herleg songskatt. [Jf. Seume]

Først skal ein søkje etter si eiga lykke, og så kanskje også nattero.

Første regel for talarar: Behersk saka. (Ein gjer seg klar over kva saka gjeld, og kjem det vel i hug.) [Cato den eldre]

Få filosofar har kunna tole tannverk med tolmod. [Fritt etter Shakespeare]

Få menn har blitt beundra av tenarane sine. [Montaigne og andre]

Gullkorn, vengeord 
– SAMLINGA
Gullkorn, vengeord - SLUTTBOLK

Gullkorn, vengeord - LITTERATUR  

Gullkorn, vengeord - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Gullkorn, vengeord BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2003–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]