![]() |
Vingeord - bevinga ord | ||||||||||||||||||
|
Munnhell med meir"Eg lærer stadig!" [Valspråket til Michelangelo]"Den vegen skal vi jo alle," sa bonden, han såg ein stakkar bli hengt. [Etter Grundtvig] "Det er godt å arbeide med gode reiskap," sa Tremmind, han kjemma håret til mor si med møkkagreip. [Fritt etter Peder Syv] "Det gjeld å kome så høgt på strå at ein slepp omgang med alle simple," sa purka i høyet. [Jf. A. S. Vedel o.a. Bo 845-46] "Er det ikkje sant, er det godt funne på," sa kardinal Ippolito d'Este (ca 1500). [Jf. Bo 782] "Er det sant, er det fælt, og er det ikkje sant, så er det også fælt," sa kona. [Frå Gamle visdomsord] "Etter dette, altså som følgje av dette" kan vere logisk feilslutning, for det er ikkje sikkert at det som kjem etter i tid nødvendigvis kjem av (er valda av) det som fann stad like fø. Ein får også ha med "heilt eller delvis" i slike tankebanar, og at det godt kan vere fleire årsaker enn berre ei, stort sett. [Jf. Bo 717] "For di det er umogelig", er ein grunn å høre etter og tenke gjennom. "Gjør det sjølv, om aldri så ille," er ikkje for den fattige. "I ei nøtt," in nuce, tyder "i sterkt samantrengt form." [Jf. Cicero] "Kan du vente, kan du bli konge av Sverige," sa mannen. Meir var det ikkje som skulle til for han heller. [Bo 856-57] "Korfor skal det vere akkurat ein bakar?" sa slusken i gata til jenta frå landet då ho spurde etter bakaren. [Jf. Bo 939] "Kvar si lyst," sa strutsen, den åt ei eske firetomsspiker. [Ordtak (Fenger)] "Lita hemn er også hemn," sa mannen, han spytta på grisen til grannen. [Jf. Bo 372] "Lykka kan vere betre enn forstanden," sa guten som kasta ein stein etter ein hund og råka svigermor. [Etter gresk ordtak. Også hos L. Holberg] "Mye skrik og lite ull," sa mannen, han klipte grisen. [Felleseuropeisk: Resultatet stod ikkje i forhold til strevet. Bo 960] "Også eg har vore ung," sa ein svenskeprins, "ja, yngre enn dei fleste." "Om dette er galskap, er det likevel system i den," skreiv Shakespeare. "Pølsa er guddommelig mat, for berre Vårherre veit kva som er i den," sa mannen. [Fritt etter tysk munnhell] "Skal det vere fest, så skal det vere fest," sa kjerringa, ho steikte ei sild til. [Fenger] "Slik er det å nå fram," sa eineren. [Bjørnson i "Enn om vi kledde fjellet?"] "Som du vil, kjære mann," sa kona, "men her skal skapet stå." [Dansk] "Tysken gjør mye for pengar," sa mannen, han såg ein brokete fole. [Peder Syv] "Ved alltid å tenkje på den" kom Isaac Newton til å oppdage tyngdelova - sa han. [Jf. Bo 879] "Velkommen i det grøne," sa jenta; ho strøydde persille i senga. [Dansk]
"Ungdommen raser," sa kjerringa, ho hoppa over eit halmstrå. [Ordtak hos Oluf Lade]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20032007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||