NORSK DEL, GULLVEKTA  

Vengjeord

 13 › 3 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



J

Jag har svin förut, sa bonden när presten ville åka med honom. [Svensk ordstäv]

Jo meir ein klappar katta på baken, dess høgare held den halen i vêret.

Jobben er ikkje alltid slutt når papirarbeidet er gjort.

K

Kanoner høyrer snart fortida til. [Jf. Bo 296]

Kanskje vil det utrivelege bli ei glede å minnast ein gong. [Med Vergil]

Kjenn deg sjølv. [Gresk motto]

Kjenn ditt land. [Motto for den svenske turistforeininga]

Kjærleik og hoste kan ein vanskeleg løyne. [Etter latinsk ordtak]

Kjærleik til visdom går høgt over kjærleik til vin som blir drukke med måte og til rette tid. [Med Sirak 31,33 og 40,22]

Klede skaper omdømme for folk. [Jf. Bo 502]

Kloke forholdsreglar er betre enn kur. [Coke o.a., Bo 719-20]

Klokka slår, tida går. [Hans Agerbek]

Knus fanatisme godt nok. [Jf. Voltaire]

Kom i hug at du skal døy (ein gong). Memento mori (Latin). [Mykje brukt frå oldtida, Bo 595]

Komande hendingar kastar skuggar i førevegen. Kva med komande menn? [Jf. Bo 102]

Koners ynde og forstand kan glede, sann. [Fritt etter Sirak]

Kongars "heldige ulykke" kan vere å ikkje herske dyktig, men å representere. [Jf. Bo 509]

Kor fagna bøker blir, kjem an på vettet til dei som les. [Fritt etter Terentianus]

Kor har ein det godt nok, om ikkje i familiereiret? [Fritt etter Jean-Francois Marmontel]

Kor mykje det er eg ikkje treng å vite! [Jf. Immanuel Kant]

Korfor bruke utanlandske ord som suksessivt når vi har det heimlege pø om pø? [Liten vits]

Korleis ein omgåast andre kan ha mykje å seie.

Kraft via glede. [Eit slagord. Jf. Bo 512]

Kritikken er lett og kunsten vanskeleg. [Ph. N. Destouches]

Kunst står fram etter kunstreglar; somme av dei er ikkje godt kjent.

Kva bryr ei skjelpadde seg om fluger? [Erasmus]

Kva ein eigentleg tenkjer og meiner, stort sett, har ein fått lov å halde for seg sjølv [seier FN. [Jf. §12, 18, 19, 22, 27 og 30.]

Kva gagnar det nokon å bli berre skribent i livet?

Kva skal sporv med stutte bein i tranedans? [Etter Peder Syv]

Kvar ei samanlikning haltar. Omne simili claudiacat.

Kvar ein som elskar pengar, kallast til krigsstigen.

Kvar ein som elskar, er på krigsstigen. [Ovid]

Kvar har si eiga gåve: Espen Oskeladd overgår både Per og Pål. [Frå Peder Syv (Per og Pål, frå apostlane Peter og Paulus, står for kvarmann her, mens Oskeladden framsteller individet, synest somme.) Jf. Bo 706 og Sundland.]

Kven? Kva? Kor? Korfor? Korleis? Når? Ved kva? - For kven? Til gagn for kven og kva? Men (kva aber)! - Osv.[Dei sju første spørsmåla er frå ei gammal latinsk regle som blei kalla dei sju filosofiske grunnomgrepa. "For kven?" m.m. er lagt til. Mykje meir kan leggjast til, som i Laswells kommuniseringsformel. Den har variantar. Og Rudyard Kipling samla i si tid dei seks første spørjepronomena i eit dikt. Det kan ein hugse - diktet og andre samanstellingar blir brukt som hugsereglar for journalistar når dei skal lage reportasje. I slike høve bør ein jamføre om ein har gitt svar på dei vanlegaste spørsmåla om emnet. Orda kan også brukast når ein skriv stil o.l. og skal dekkje eit emne. Då tek ein med svar på spørsmåla som det høver. Jf. Bo 735]

Kvinner er avgjort det beste ein har av den slags! [Frå Gustav Wieds motto til Det svage Køn. Jf. Bo 523]

Kvinner sørgjer på kvinners vis og må ha lov til det. [Jf. Bo 525]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2003–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]