![]() |
Vingeord - bevinga ord | ||||||||||||||||||
|
SSakkunnig å bedømme er ikkje alle unt.Samandrag heiter frå gammalt "i ei nøtt," in nuce. [Jf. Cicero] Samanlikna med fanden er eg filantrop. [Etter Nils Kjær] Sann glede er noe ein skal ta alvorlig. [Fritt etter Seneca] Sanning er ofte ille hørt. [Med Peder Syv] Simsala, bimbam basala dusala bim. [Omkved i tysk vise. Jf. Bo 791] Simsalabim. [Korting ifrå gammal regle - blir sagt for å markere (mang ein gong i skjemt) at noe skjer brått og nesten mirakuløst. Jf. Bo 791] Sjøen tar mang ein. [Med Petter Dass] Sjølv grisen er klok, om han enn er feit. [A. O. Vinje] Sjølv toskar kan innbille seg at deira veg er best. [Jf. Ordspråka 12,15] Sjølvdiagnose er vanskelig, men ikkje umogelig. Sjømenn blir fort knytt til overtru og segner på sjøen. Skam får nok den som gir bakarbarn brød. [Jf. Bo 704, 705] Skam ligg i straffa så vel som lovbrota. Skikk og bruk er ofte avgjørande for å leve vel. Skikken kan bli ein tyrann. [Med Horats] Slikt som ikkje lar seg fatte med forstanden, kan ein la liggje. Slå på vogna og meine hestane med det. [Peder Syv] Småtjuvane heng ein, dei store lar ein gå. [Dansk ordtak, også hos L. Holberg] Småtjuvane heng ein, dei store tar ein hatten av for. [Peder Syv] So oder so. [Tysk for "på den eine eller andre måten".] Som gamle syng føre, kvitrar unge etter. [Jf. Peder Laale] Somme bøker er for sjarmerande møblar å rekne. [Etter Sidney Smith] Somme draumar gir tydelige vink og varsel. [Jf. Ibsen, Bo 174] Somme forstår å gjøre svenske av seg all si tid. [Fordufte, utebli. Frå tyske schwänzen, skulke, drive omkring. Sjå Bo 856] Somme hevdar at når livet blir sterkt samla, blir det som ein drikk og ein strid som må skjønast baklengs og levast framlengs like til ein møter mannen med ljåen. Kan du forstå det? [Mye frå Søren Kierkegaard, Bo 559] Somme stader får ein ikkje noe for ingenting. Ein får vere budd på det. [Jf. Peder Syv, Bo 555] Somme vanskar kan ein vinne med. Sosialisme er den politikk som til kvar tid blir ført av Det norske Arbeidarpartiet. [Humoristisk formulering med ukjent opphav] Sov nok, det gjør deg klokare. Sov på det før du talar. [Amenemopes visdomsbok] Spotten og skaden følgjer kvarandre. [Peder Laale] Språk er det gitt alle menneske å loffe av ifrå. Prøv berre.[Ordet siktar til meditasjon. Også: Bo 832] Steinar som rullar, samlar ikkje mose. [Etter Publilius Syrus] Steinmurar stenger ikkje ute den rette kjærleiken. [Med Shakespeare] Stikk fingeren i jorda og lukt kor du er. [Møenske Mundheld (1735)] Stil omfattar korrekt utelating av det mest uvesentlige. [Fritt etter Anselm Feuerbach] Stol heller på gjentatte erfaringar enn visvas. Stor klokskap kjem med eit auge i nakken. [Etter gresk ordtak] Stor likskap fostrar kanskje velstand utan krigande. [Jf. Solon] Stor makt korrumperer folk nokså fort. [Jf. Lord Action] Stuten går seint, men drar vel. [Peder Syv] Sukk hjerte, men brest ikkje; du får ein venn, du veit det ikkje. [Ein kan seie det til noen som sukkar tungt. Gammalt skjemtevers. Bo 850] Sukk hjerte, men brest ikkje; eg hadde ein venn og visste det ikkje. [Etter J. F. Fenger, Bo 850] Sus og dus gjør [fører til] tomme hus. (Av sus og dus blir det tomme hus.) [Peder Syv. Det tyske dusen tyder drikke, rangle, svire, og Saus tyder rangling, svir.] Suter er livets fiende. [Jf. Shakespeare, Bo 95] Svolten loppe bit skarpt. [Tunnicius] Svært mett er det ikkje heilt liketil å arbeide. [Etter latinsk vending] Så mange hovud, så mange meiningar. [Horats] BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20032007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||