NORSK DEL, GULLVEKTA  

Vengjeord

 13 › 3 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



T

Ta deg i vare for dei låke kontaktane; dei syg i margen.

Ta det der det er og legg der det trengs. [Peder Syv]

Ta noko på ein god og høfleg måte. Jf. In bonam (meliorem) partem. Motsett: In malam partem. [Jf. Bo 431]

Tek ein seg vatn over hovudet, renn det snart ut i ermet. [Peder Laale]

Tek kvar og ein sin vesle stein, er snart vår åker rein. [Etter Arne Garborg]

Terg ikkje dyr i utrengsmål; dei kan bli simple mot deg i retur. [Jf. Bo 746]

Tida flyg og lèt seg ikkje kalle attende. [Vergil]

Tida gneg tinga. [Ovid]

Tida må ha sin rett. [Jf. Bo 878]

Tidene endrast og vi med dei. Tempora mutantur, et nos in ilis (mutatur). [Skal ha blitt sagt av keisar Lothar 1 då han gjekk i kloster]

Tidlaus eleganse er bra å ha. [Om formgiving utan spesielle motepreg]

Til den kloke kan eitt ord greie seg. [Jf. Plautus]

Til mang ei tilstelling kjem kvinner for å bli sett og ikkje berre for å sjå. [Fritt etter Ovid]

Til saman blir mange småting opphopa ein stor haug. [Etter Ovid]

Til skrekk og åtvaring kan ein leve viss ein vil det.

Tobeinte revar er verst. [Etter Grundtvig]

Toskar styrtar inn der englar reddast å trå. [Alexander Pope]

Toskete er den som trur den ustadige kvinna. [Etter kong Frans 1 av Frankrike]

Tru helst ingen forteljingar frå fiendetunger. [Etter eit engelsk ordtak]

Tryggleik først, safety first, er ei god devise. [Jf. Bo 765]

Trykk alar mottrykk. [Med Newton]

Tvang til tru med skoddepreik skal ein jamt setje seg imot. [Jf. Bo 878]

Tvil kan begynne visdom. [Etter Salme 111,10]

U

Udugeleg kone er mest som rote i beina til mannen sin. [Etter Det gamle testamentet]

Ugras blir ein visst ikkje lett kvitt. ["Ukrut forgår ikkje så lett" - Ordspråk]

Ungdom blir kalla eit lyte som går over med åra. [Jf. Bo 924]

Ungdom kan ender og då kjennast som drukkenskap utan vin. [Etter Jugend is Trunkenheit ohne Wein av Goethe]

Unngå ytterlegheiter. [Pittacus]

Ustadig mann skulle helst ikkje bli bonde.

Utan fridom til å klandre er ros berre smiger. [Mottoet til Le Figaro]

Utan sveitte og strev blir ikkje alt arbeid gjort.

Utan ånd i det er sanningane ikkje sanninga. [Jf. Bo 448]

Utsetjing er rota til mangt låkt.

Utsetjing tek tid. [Fritt etter Edward Young]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2003–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]