![]() |
Indiske ordspråk på norsk | ||||||||||||||||||||
|
Lita innleiingDet er langt fleire ordtak ifrå India enn det som er med i samlinga, det er sikkert og visst. Men som det heiter i Tao-te Ching: "Ei reise på 50 mil tek til med første steget (Kinesisk)." Frå indisk jord kjem buddhismen og hinduismen. Dei hører med til verdsreligionane begge to, og har dessutan mykje felles tankegods, syner bl.a. Poul Tuxen [Dhm] No har vi også heltedikt med ei mengde læresetningar i seg frå hinduismen. Dei heiter Mahabharata og Ramayana (Ramas veg) . Dei er dei lengste dikta i verda, målt i talet på ord. Det er fletta inn mange ordtak i dei. Dessutan finn ein læresetningar og ordtak i ulike boksamlingar:
Og så har vi "vanlege" ordtak som har funne vegen til ordtaksamlingar i Vesten. Det er berre nokre av dei som er med nedafor i eit aldri så lite utval.
Nedst på sida står lenkjer til stutte setningar og anna frå indisk
på nettstaden. Også indarane korta ned fråsegnene sine monneleg, og ein
har sutraer, tanketrådar, ifrå denne populære fyndord-stilen. Det er
vanleg å utleggje slike ord i andre samanhengar. - Tormod Kinnes
Indiske ordspråkBaktalaren øydelegg landsbyen, den spedalske øydelegg vassplassen. (Indisk) Begjær har ingen grenser. (Indisk) Den sjøfarande som ikkje aner kva kurs han skal halde, veit ikkje om han har med- eller motvind. (Indisk) Den som lever i overflod, kan vere like ulykkeleg som den fattige. (Indisk) Der finst lækjedom og sjukdommar, men finst det lækjedom mot skjebnen? (Indisk) Desse er ikkje venner: Ei prostituert og ein apekatt. (Indisk) Det er ei tid for svigermora og ei tid for svigerdottera. (Indisk) Det nyttar ikkje å gråte over spilt mjølk. (Indisk) Eg mangla sko og klaga til eg møtte ein utan føter. (Indisk) Ein einøygd onkel er betre enn ingen onkel. (Indisk) Er folk dumme eller folkemengda dum? (Indisk) For ein maur er doggen som ei oversvømming. (Indisk) For mykje omtanke legg eit reip om hendene. (Bengalsk) Haugen verkar jamn på avstand. (Indisk) I dårlege tider bit ein hund ein person sjølv om han sit på ein kamel. (Indisk) Inga hand kan fange tida. (Bengalsk) Krev ikkje kaker kvar dag. (Indisk) La ikkje graset gro på vennskaps-stien. (Indisk) Leiken med fuglen som gleder barnet, er ein dødsleik for fuglen. (Indisk) Mangt eit tre må prøvast i livtak med sterke vindar. (Etter indisk) Naken mann er ikkje redd for lommetjuvar. (Bengalsk) Om ingen gjorde motstand, ville eg kunne vinne heile verda. (Indisk) Sei tusen løgner og ha eit bryllaup. (Indisk) Sjølv-eige blir alltid undergrave. (Delvis - indisk) Skal du bu ved elva, så bli venner med krokodillene. (Indisk) Somme elskar ris og somme elskar slektningar. (Indisk) Strekk beina så langt som senga. (Indisk) Svake menneske er fattige menneske. (Indisk) Syndas rikdom går med til å gjere bot. (Indisk) Trommene lyder betre på avstand. (Indisk) Undertving usannferdige menn ved sannferdigheit. (Indisk) Utafor tenesta kan politimannen skrumpe inn til ein bitte liten mann. (Indisk) Vedaene kan ein gå feil med, men ikkje ordtak. (Indisk)
Å sjå oss danse er å høyre hjerta våre snakke. (Indisk)
Dhm: Tuxen, Poul, trans. Dhammapada. Copenhagen: Gyldendalsk Nordisk Forlag, 1953.
Wy: Tuxen, Poul, trans. Bhagavadgita. Herrens Ord. Copenhagen: Gyldendal, 1962.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 20052009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||