Om tibetanske ordspråkÅ forstå berre eitt visdomsord er som å kunne hundre vanlege ord. Knowing just one word of wisdom is like knowing a hundred ordinary words. - Tibetansk ordspråk Her kjem førtifire utvalde tibetanske ordtak etter eit forord. Somme tibetanske ordtak er ganske like nordiske, andre har meiningar som er knytte til natur og skikkar i ein asiatisk kulturkrins og dermed krev tydingar for å bli forståelege. Alle seiemåtane er heller ikkje heilt som i Norden, og er knytte til tradisjonar frå langt attover. Og så er det tilvisingar og fråsegner som mellom anna heng saman med bøn og buddhisme.
|
|
Poetiske skildringar er ikkje alltid så nøyaktigeDet er noko i det tibetanske ordtaket øvst på sida. . . og 'hundre' er helst ei poetisk avrunding, akkurat som i "Eit bilde fortel meir enn tusen ord." Det er mest som ymt å rekne og neppe ei nøyaktig talfesting. Det er mange slags ytre-seg-triks i retorikken, og ordtak i fleng har eit bein i den kunsten. Poesien også. For visdom treng verktøy, og då er sider ved retorikken eigna. Ikkje alle visdomsord er like gode og vektige. Det finst tungvektarar og lettvektarar, for eksempel. Nokre er av klasse, og andre berre boksar - Men utvalde ord og ordtak å meditere over, kan fungere nokolunde som i ordtaket ovanfor. Somme tibetanske ordtak kan vere vriene å finne ut av for dei som ikkje er frå same distrikta som ordtaka. Det heng saman med idiombruk, som er faste vendingar som ofte tyder noko anna enn den bokstavelege ord-for-ord-meininga. Ulike kulturar har fostra ulike idiom. Gjett kva tibetanarar lærer er hovudmeininga meininga med "støv som alt er kasta vekk", "dust which is already thrown away". Ein får "knekke koden" - klare å tolke idiomet - for å få svaret, eller sjå etter nedst på sida. [1]
Trua og orda går ofte hand i hand
Dei vise går inn for visdom, dei sløve følger i blind tru. 1. I den buddhistiske trua i Tibet er visdom skatta. Det er ordet pranja som blir omsett til visdom, og det tyder dessutan forståing, skjelning, innsikt og kognitivt skarpsinn. Pranja kan oppfattast ved intuitiv aktsemd og direkte sannkjenning i meditasjon, kontemplasjon. Som clou er pranja slik visdom som gjer ein Opplyst, Vakna. Det er læra om pranja i eit nøtteskal, og ho er tiltrengt for å gripe kva tibetanarar legg i ordspråk som dette, for det finst ei omfattande lære attåt. Det fyndige ordspråket ovanfor er av oppsummeringstypen. Referanseramma omfattar buddhismen, som spelar med i mange tibetanske ord; det er sikkert og visst.
Gull ligg djupt i jorda, men lyset frå det skin klart på himmelen. [Gode gjerningar, sjølv når dei er løynde, bringer alltid gagn.] Fremmede språk har andre uttrykksformer enn våre, og dermed blir det mindre einfelt å finne den nedarva meininga inni eit vakkert uttrykk (som kan innehalde idiom, metaforar, eller tilmed "maskeuttrykk". Kva meiner eg med maskeuttrykk? Det kan vere så forskjellig. La oss ta eit døme: fuglen garuda som kjem fullvaksen ut av egget - i mytologien. I tibetansk buddhisme symboliserer garuda hugen i sin oppvakna tilstand også. Så står det i boka The Life of Marpa the Translator (Heruka 1995:224). Det er mange slike "maskerande uttrykk" i tantra-yoga, og tibetansk buddhisme, Vajrayana, er av det slaget. Chen-Chi Chang skriv elles at zen-læra og avansert Mahamudra er det same (i Evans-Wents 1967:xxxvi). Og Chang skriv i The Practice of Zen at det bugnar med ganske gåtefulle uttrykk i zenbuddhismen, og at det kan vere vrient å avkode dei utan at ein har solid bakgrunnskunnskap og eigne meditasjonsopplevingar som høver. Dessutan finst det mange ulike svar på ei og same zen-gåte; i eitt tilfelle over 200, nemner Chang også. (1959:12-14)
Blir gull helt inn i eseløyret, ristar eselet gullet ut att. Blir sand helt inn i eseløyret, ristar eselet sanden ut att. Eselet reknar ikkje gullstøv i øyret som betre enn vanlege sandkorn i øyret. Det er heilt i orden - ein får jo sjå det på dyrets premissar. Når ein vil bruke eit slikt bilete i overført tyding, ligg noko som dette somtid nær: "Verken bra vink (gullkorn) eller anna ein fortel eit tobeint esel, gjer nemneverdig inntrykk der i garden."
Læk den sjukdommen som enno ikkje er nokon sjukdom. Tibetansk medisin handlar til dels om å avverge og førebygge sjukdommar, slik som også akupunktur er forma for å gjere.
Hald auge med karakteren* din, ettersom han blir skjebna di om senn. "Karakteren er personlegdommen evaluert," sa ein gong professor emeritus Frode Søbstad. Karakter er trekk ved personlegdommen (Allport) som syner seg i korleis ein forholder seg (bm) til omverda. Positiv karakterutvikling er dels ei utfalding (Erikson), og høgverdig moralsk, der eigenskapar som integritet, mot, ærlegdom og lojalitet tel med, i lag med ein viss grad av moralsk sjølvstende, som blant andre Peck og Havighurst har skissert. Somt innan positiv psykologi høver for karakterdanning. (Jf. Wikipedia, s.v. "Character structure"; "Moral character"; "Lawrence Kohlberg's stages of moral development"]
Kvar lama har si eiga lære. Lama i tibetansk buddhisme er ein tittel som religiøse lærarar har, både munkar og nonner. Jamfør Dalai Lama.
Ordspråk i utval
Her er stort sett slikt som tibetanarar meiner. Betre enn ein ung manns kunnskap er den gamle mannens erfaring. Better than the young man's knowledge is the old man's experience. Livet til kvart eit vesen er som ei boble i vatnet. The life of every being is like a bubble in water. Ær ein konge i hans eige land; ær ein vismann overalt. Honour a king in his own land; honour a wise man everywhere. Om ein vil ha sann lykke, lyt ein halde seg fullkommen gjennom lidingar. [Det vil helst seie opp gjennom former for dukkha, liding, og vidare til gradar av dukkha til gradar av sukkha, glede. Det er Buddhas lære i eit nøtteskal iallfall. Å halde seg "fullkommen" er laust sagt å gå den åttefaldige vegen og ikkje bli slått vekk frå det. Slik er det håp for mang ei og mang ein.] If one desires to have true happiness, one must be perfect in suffering. Ikkje alt som blir kokt, eignar seg som mat. Not everything that is cooked is fit (for food). Når ein snakkar, er det ingen som blir hindra av aforismar. When speaking, nobody was ever impeded by aphorisms. Mennesket blir født berre for å døy. Man is born but to die. [Abr.] Litegrann smiger kjennest behageleg. A little flattery is pleasing. Ros ikkje utan forsvarleg grunn.* Do not praise without reason. [Abr.] Ei rak og vaktsam tunge er ein kosteleg dyd.* Jf: A sweet tongue is a great virtue. [Abr.] Når ein ser på vansken på avstand, kan han verke så stor som ein haug. Looked at from afar, trouble may seem as large as a hill. Ein vismann samlar større rikdommar enn ein tyrann.* A wise man gathers more riches than a tyrant. * Der det er ein dårleg konge, ein stolt tosk og ei vond kone, får ein fred berre ved å dra derifrå. Where there is a bad king, a proud fool, and evil wife, peace is to be got only by leaving that place. Den som kjem for tett innpå og blir høyrd for ofte, mister respekt hos hine. He who is seen too close and heard too often, loses the respect of others. [Halting familiarity may breed disrespect] Ein vondarta venn er som ein makk inni ei frukt: Han er til skade. An evil friend is like a maggot at the heart of a fruit: he does harm. I fall soldatane er kujonar, spelar det vel mindre rolle kor stor hæren er, eller kor liten.* If the soldiers are cowards, it does not matter how big the army, or how small. Betru ikkje ein svolten mann å passe på risen din. Don't trust a hungry man to watch your rice. Er det her, er det alle stadar. Er det ikkje her, er den ingenstads. [Filosofisk læresetning] If it is here, it is everywhere. If it is not here, it is nowhere. Det er lettare å dekke fotsolane med lêr enn å dekke verda med lêr. It is easier to put leather on the soles of one's feet than cover the world with leather. Det er hardt arbeid å vere mor til mange grisar. It is hard work to be the mother of many pigs. Medisin som lækjer smaker ikkje alltid søtt, og omsorgsord er ikkje alltid behagelege. Medicine that heals is not always sweet and caring words are not always pleasant. Ein treng ikkje hogge ned treet for å få tak i frukta. You don't have to cut down a tree to get its fruit. [Partial] Den som sit fast i triviell velstand, kjem neppe lenger. * Who gets stuck in trivial prosperity will not attain great prosperity. Dei vise forstår; toskar følger slikt som hine lirar av seg. The wise understand; fools follow the reports of others. Å reise bør vere å vende tilbake til det vesentlege. * Travelling had better be a return to the essentials. [Mod] Trashi Hiunpo er enno langt vekke. (Seiast når målet (eigentleg reisemålet) framleis er langt vekke.) Trashi Hiunpo is still far away. Kven kan seie for visst at han får oppleve morgondagen? Who can say for sure that one will live to see tomorrow. Ver førebudd på å gi slepp på verdigheita di i familien, men hald godt på verdigheita di overfor andre stammar. (Be prepared to) let go of your dignity within your own family, (but) maintain your dignity in the face of other tribes. Om eit problem ikkje lar seg løyse med dugleik, så kan kjærleik og omhug løyse det [- får vi då håpe] If a problem cannot be solved with skill, then love and care will resolve it [hopefully]. Éitt tre utgjer ingen skog. A single tree does not make a forest. Snakk held fram til første årsak til snakking er nådd * [Transcendental Meditasjon, TM] er gitt ut for at ein skal nå ordas opphav. Det finst andre tydingar av ordspråket også.] Speech never ends until it gets to its root. * Ingen får ein tomsekk til å stå oppreist.* (Tibetansk utlegging: Ein kan ikkje arbeide månad inn og månad ut på tom mage). No one can make an empty sack stand upright. Inga hjerne i skolten; ingen tankar i sinnet. No brains in his head; no thoughts in his mind. Eit barn utan utdanning er som ein fugl utan vengar. A child without education is like a bird without wings. Gjer frisk av sjukdommen som enno ikkje er sjukdom. (Akupunkturlæra fortel ifrå den kunsten - ubalansar djupt i organismen kan ein fatte på ulike vis, og harmonisere før dei har brote fram som fysisk og mental sjukdom. Slik er det opplegget.) Cure the illness that is not yet an illness. Ein nippande kanin kan døy av overfôring, han også. A nibbling rabbit can also die of overfeeding. Ein av kunstane er kunsten å leve eit vanleg liv heilt uvanleg. * One sort of art is the art of living an ordinary life in an extraordinary manner.*
|
Tibetanske ordspråk er det flest av i bøkene av Gergal og Pemba i oversynet nedanfor, og aller flest i Pemba si bok. Godord og visdomsord er det fleire av i litteraturen frå tibetanske yogiar, som vidkjende Milarepa. Døme: Ord av Milarepa.
Chang, Garma C. C. The Practice of Zen. New York: Perennial/Harper, 1970. ⍽▢⍽ Forklarande, oversiktleg bok om kinesisk Zen, Ch'an, som japansk Zen er runnen av. Cüppers, Christoph, and Per K. Sørensen, comps., eds. A Collection of Tibetan Proverbs and Sayings: Gems of Tibetan Wisdom and Wit. Stuttgart: Franz Steiner Verlag, 1998. ⍽▢⍽ Forord og innleiing på engelsk, ordspråkbolken på tibetansk utan omsettingar. Syning hos Google Books. Evans-Wentz, Walter Y., red. Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1967. ⍽▢⍽ Ordtak finst i boka, men det aller, aller meste er om tibetansk yoga, og slik sett er ho oversiktleg-akademisk. Evans-Wentz, Walter Y., red. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2. utg. London: Oxford University Press, 1969:48. ⍽▢⍽ Fascinerande hagiografi. Gergan, Josef. A Thousand Tibetan Proverbs and Wise Sayings of Obscure Phrases. Oms. Walter Asboe. Kolkata, India: R. N. Bhattacharya, 2004. (Først gitt ut av Royal Asiatic Society, 1942 (og seinare i Kathmandu, Nepal: Tiwari's Pilgrims Book House, 1991 også). ⍽▢⍽ Først gitt ut, på tibetansk og engelsk, i 1942. Korte tydingar av fleire ordspråk er lagt til i parentes. Heruka, Tsang Nyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995. ⍽▢⍽ Tibetanske, buddhistiske yogiar er kloke folk. Eit vell sitat av dei er førsteklasses. Hyde-Chalmers, Fredrick and Audrey. Tibetan Folk Tales. Boston: Shambala, 2002 (1981). ⍽▢⍽ Det finst nokre ordspråk samla attåt forteljingane, men berre eit tjuetal. Jamspal, Lozang, red. Treasury of Good Sayings of Sa Skya Pandita the Eminent Tibetan Lama, 1182-1251: Development of Awareness and Conduct. Ladakh, India: Ladakhratnashridipika, 2003. ⍽▢⍽ Store deler av boka er på tibetansk og engelsk. Ho inneheld staute døme på tibetanske visdomsord innan ei buddhistisk ramme, godord, good sayings, om ein vil. Det handlar mykje om råd for ein livsstil som eignar seg godt. Macdonald, David. "Tibetan Proverbs and 'Good Sayings'", i Folklore, bd. 42, nr. 1 (31 Mars, 1931), s 82-85. ⍽▢⍽ Nokre få sider med tibetanske ordspråk. Pemba, Lhamo, saml, oms. Tibetan Proverbs. Dharamsala: Library of Tibetan Works and Archives, 1996. ⍽▢⍽ Her er mange tusen tibetanske ordspråk. Dalai Lama tilrår tiltaket. Pirie, Fernanda. "The Horse with Two Saddles: Tamxhwe in Modern Golok". Asian Highlands Perspectives 1 (2009), 213-35. ⍽▢⍽ Trettitre døme på munnleg formidla seiemåtar. Dei fleste er frå Golok-traktene (Qinghai) på den tibetanske høgsletta. Rechung Rinpoche, oms. Tibetan Medicine Illustrated in Original Texts. Berkeley CA: The University of California Press, 1976:57 o.a. ⍽▢⍽ Tibetansk medisin har felles utsyn med akupunkturlæra i Kina med omsyn til element og pulsar og samvirket deira i kroppen, og også med somme utsyn frå India. Det er er ingen reine ordspråk i boka. Smith, Carolyn D., red, ofl. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003.
Notar
Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.
|
Seksjon | Sett |
Brukargaid ᴥ User's Guide ᴥ Disclaimer © 2012–2018, Tormod Kinnes, MPhil [Email] |