Norsk del, Gullvekta
Tilnærmingar til undereventyr
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Eventyr blir grupperte etter handlinga

Bilde For å sjå på og jamføre ulike eventyrtekstar, er det vanleg å type-klassifisere dei i lys av kva som hender i forteljinga, altså i lys av handlingsgangen. Hovudgruppene femner over:

  • Dyreeventyr;
  • Retteleg eventyr med første delgruppe "undereventyr";
  • Anekdotar eller skjemt;
  • Dryge soger med meir.
  • Meir om typane.

Ørnulf Hodnes bok Types of the Norwegian Folktale (1984), D. Ashlimans internasjonale eventyrkatalog (1987) og Hans-Jörg Uthers nye, reviderte eventyrkatalog (2004) har visst ikkje med bibelsoga om Balaam og eselet hans, men hovudgangen i ei forteljing frå apokryfe Tobias' bok er med i eventyr som "Følgesveinen" som finst i norsk og dansk. Og "Følgesveinen" har ein materialisert engel eller ånd med som viktig aktør. "Følgesveinen" har klassifikasjonsnummer, altså AT-nummer.

Men "vedundereselet" ovanfor har nok ikkje det, og heller ikkje bautastein over seg for framifrå bibelbidrag. Same kva, ved å ta det sentrale i den teksten og gjere om til reinhekla eventyr, kan ein få det inn i eventyrkatalogen med sitt eige typenummer om tjue-tretti eller hundre år. Skal tru det: mange eventyrtypar som finst, står utan ATU-nummer framleis. Lenger er ikkje klassifiseringa av eventyr kommen.

Kva som er undereventyr går fram både av oppbygginga (morfologien); kva eventyret handlar om; og kva for typar (aktantar) som er med i det heile. Det er brei semje mellom folkloristane i dette.

Det sentrale er innhaldet. Professor Knut Liestøl (1881-1952) skriv at undereventyr er slike eventyr som opnar i det kvardagslege, svingar seg over i det fantastiske på visse måtar, og fortel om fattige gutar som kom til velmakt før, røva kongsdøtrer, styrkedrikk, bergtaking, skumle troll og lærlingar, og så vider. Han blir kort gitt att i dette av Irene Engelstad i Fortellingens mønstre [s. 9, 11].

Surrealistisk uhygge koste folk seg med, og ein kommentar av Oscar Wilde

Undereventyr er ein sjanger som står attåt episke verk ifrå historia lang tid baketter. Det fantastiske, uhyggelege, groteske og mildast talt rabiate blei kort og godt underhaldning som interesserte og hygga før i tida. Korfor er det vel ulike meiningar om. Eventyret sitt innhald opnar for alt det surrealismen tok mål av seg til, når den ville blande bevisst og underbevisst røyndforståing som ved å slå på to strengar samtidig, og ved det nå opp til éin surrealitet: Dette er hovudsaka i det surrealistiske manifestet.

Oscar Wilde (1854-1900) sa ein gong: "Det er berre grunne menneske som ikkje dømer ut frå utsjånad og framferd (by appearances)." [Cohen og Cohen 1992:456] Eit danna menneske godtar det overflatiske som overflatisk. Omsett til undereventyr får vi enda ei strategisk tilnærming å skikke oss ved: På overflata er undereventyr god underhaldning. Det veit vel "alle".

Nøyer ein seg med denne avkorta tilnærminga, kan ein verke mindre udanna enn psykoanalytikarar som roper høgt, men utan godt prov på det dei vil ha sagt.

Viss ikkje ein kan godta overflate-underhaldning som lødig tidtrøyte, men i staden får for seg ein må fundere og spekulere, postulere og neppe kler å prove noko særleg ved hjelp av midla sine likevel, har ein det ikkje berre kjekt. Det er eit poeng.

La oss postulere noko: Dess meir ein fjernar seg frå overflatene, dess tyngre blir det truleg. Den tesen kan vi utleggje eller debattere med lett hand i tillegg. Først vil vi ha med at den som dykkar langt ned i havet, lyt passe trommehinnene sine for trykket. Den som flyg høgare enn vengane vil bere, eller lufta, har det ikkje godt, men kan ende som Ikaros. Han flaug for høgt. Gode teknikkar, noko trening og patent utstyr kan hjelpe i begge tilfella, men det lurer farar langt vekke frå overflata, der vi synest tilpassa og kan halde fram i lag eller mykje aleine.

Dei gamle grekarane kom til nett det same, om enn på andre felt. Det høgaste å ha og bere fram, kalla dei måtehald eller balanse (metron). Overmot imot dette, kalla dei hybris, og slikt overmot gjekk høgare makter inn for å straffe, heiter det.

Forteljinga om unge Ikaros som prøvde vengane og kom for høgt, høver til å illustrere eine halvdelen av tesen i førre avsnitt. Men faren hans kom vel ifrå flyginga si, fordi han avpassa den betre. Det er altså lov å prøve vengane, men ikkje å falle ifrå forsvarleg balansegang, stø og viss -

Dette har vore ein aldri så liten metafor. - Litt undersøking skulle likevel ikkje skade. Kva "litt" er, kan ein elles meine nokså mykje med.

Elefantforteljinga

Overnaturlege evner og hendingar vrimlar av det av i undereventyr, akkurat som i yogaen. Og somme undereventyr kan kanskje tolkast eit stykke på veg eller meir i tråd med gangen i ei gammal forteljing:

Dei blinde karane og elefanten

Ein gong kom nokre av tilhengarane til Buddha og fortalde om nokre heilagmenn som krangla om kva som var den rette trua. Buddha fortalde dei dette:

"Det var ein gong ein konge", sa han. "Ein dag inviterte han alle blinde menn til slottet sitt. Så let han ein tener føre ein elefant inn i rommet. "Slik er ein elefant", sa han til dei og bad kvar enkelt kjenne på kvar sin stad av elefanten. Dernest spurde kongen dei blinde om korleis elefanten var.

Dei som hadde rørt ved hovudet, sa: "Hann er som ei diger krukke." Dei som hadde rørt ved øyret, sa: "Den er som ein kornsil." Støyttanna blei samanlikna med ein stolpe, snabelen med stonga på ein plog, kroppen med ein stor sekk korn, foten med den nedste delen av ei søyle, og halen med ein kost. Så tok dei blinde til å rope til kvarandre og krangle om kven som hadde oppfatta rett. "Eg har rett! Du tar feil!" sa dei om kvarandre."

Buddha forklarte no at dei trudde at ein del av elefanten var det same som heile elefanten. [Skår 2008:57-58]

Likninga haltar. (Norsk ordtak)

Litt av kvart kan kanskje tolkast på ulike måtar. Det kjem an på kva tydaren kan eller vil - og kva utgangspunkt, vinkling og orientering ein har og kva for innfall ein får.

Når ein vil ha det til at mange eventyr er skrøner og ikkje Guds sanning heile vegen, kjem spørsmål om korfor folk snakkar usant. Kva ligg bakom der ei heil folkegruppe fortel historier om vesen som kanskje ingen har sett men trur på likevel?

  • Forteljingsskikk. Det kan ligge mangt bakom; også tildriv til å underhalde gjennom lange, mørke vinterkveldar. I dette perspektivet oppfattar ein gjerne somme eventyr som god sogekunst, og kan sjå på eventyr som utslag av fin forteljekunst med sine særmerke [Kirk 1972; Bruner 1996].
  • Psykoanalytisk forståing. Ut frå forståinga si av menneskehugen meinte Sigmund Freud etter kvart at det fanst lave drivkrefter i sving i greske segner også. Om ein oppfattar eventyr psykoanalytisk etter Sigmund Freud, legg ein såleis til ut frå teorioverbygginga etter han. Transaksjonanalysen etter Erik Berne tar også på seg å forklare eventyr som blant anna Raudhette og Oskepott ganske likt med psykoanalysen. [Brudal 1984; Berne 1973:42-47; 230-43]
  • Jungiansk forståing. Eller slik Carl Gustav Jung og fleire andre forstod det i det som blir kalla analytisk psykologi. Slik tenking har gått til åtak på både hug, litteratur og andre slags presentasjonar. [Jf. Sugg 1992]
  • Strukturanalytisk. Eller ved strukturelle analyser. Mange eventyr kan ha noko stilisert og skjematisk over seg, og kan bli tolka og tyda og forstått ut frå det. Irene Engelstad har studert mange norske eventyr slik. Denne tolkarretninga stammar frå Vladimir Propp (1968), blei utvida av Algirdas Greimas (1983), og har også blitt tilmåta for norske soger av Gudleiv Bø [jf. Sundland 1995:40-95]. [Meir]
  • Pragmatisk. Pragmatisk (praktisk) eventyrforståing studerer kva for oppgåver folk fortel om, og set dei kanskje i relieff på noko slags vis. [Meir]
  • Utveljande opplegg. Ei eklektisk (utveljande) eventyrforståing kan ta med ulike element frå dei hine retningane.

Eventyr og kristentru

Kva som er vas, tullball eller kristentru, og kva som er verkeleg, det kan det vere ulike oppfatningar om. Kva som er eventyr og kva som er godtatt tru, er ikkje heilt enkelt å skilje mellom, for det er eit samansurium der folk til dels spelar på det same registeret. Ein skal då ikkje stikke det under ein stol, heller.

Troll, demonar og gamle lik som står opp. No for tida våger få å seie dei trur på troll. Men dei fleste i Noreg trur mykje av slikt som er knesett i Statskyrkja, som dei fleste står i - og der finn ein offisiell tru på bibeldemonar å utdrive, og læra om at daude skal stå opp av grava, utan noko tidsramme for kor lenge dei kan ligge i grava og rotne vekk og resirkulerast eller blåse vekk med ørkenvind før undertida kjem. Gravferdslova seier mellom anna at ei grav kan nyttast til ny gravlegging når det har gått minst tjue år sidan siste gravlegging og vedtektene for kyrkjegarden ikke set fast lengre fredningstid. Men ikkje alle lik i jorda er blitt til mold etter tjue år, og ikkje alle delar av lika. Noko kjem an på jordsmonnet. Men i jordfestingsritualet kjem det no likevel frå presten, "Frå jord skal du stå opp att."

Så lenge ein ikkje har sett Elm Street-filmar og liknande om korleis dei som kjem opp av gravene kan sjå ut og te seg på film, kan slik tru kanskje gi trøyst. Men kor vel fundert er ho? "Kor vansinnig?" er det mogeleg å spørje også. Attom den trusbrokken er noko som står i eit evangelium om at gravene skal opnast for at dei [daude] skal stå opp og få sin dom [Johannes 5:25-29] [Aarflot 1982].

Englar og gjenferd. Og så var det englar og skrømt, då: Begge gruppene finn ein i Bibelen, som ganske mange trur er reinaste sanning, enda om mykje som står der er klart feil. Englar finn ein skildra med og utan sverd, og gjenferd blir mana opp av jorda. I eventyr finn ein også englar og gjenferd, og gjenferd blir det fortalt om i mange slags segner.

Mirakuløs læking.. Under-læking står det om i Bibelen og andre store religionar, og ein finn mirakuløs læking i rett mange eventyr også. [Meir]

Dyr som taler. I Bibelen taler eit esel, i eventyra mange fleire, både hest og stut og katt, til dømes.

Omen og jærteikn. I Bibelen finn ein mykje om jærteikn og tydingar av slikt, og dessutan det som heiter divinasjon. [Meir]

Vi kan avrunde slik: Rasjonell mentalitet som har blitt tilkjempa mot dogmatiske gjennom hundreår, går ikkje alltid glatt i spann med bibeltru.

Overlappingar mellom eventyrmirakel og mirakelforteljingar i Bibelen gir vink om at undereventyr ikkje er nokon lett sjanger: Det er ikkje alltid så mykje som skil eventyr frå bibeltekstar, som mange krev skal oppfattast som sanne heile vegen. Folketru og bibeltru har fleire ting til felles enn tru på mirakel. Skilnaden er likevel at eventyr no for tida ikkje krev å bli trudd, mens dei som har sett seg tent med å tru på bibelsoger med meir, går inn for det med hard, dogmatisk hand for å styre, slepp dei berre til. Inkvisisjonen kan tene som døme: Mange millionar blei torturerte og drepte "av kjærleik til sjelene deira". Dessutan går det fram av god bibelforsking i nyare tid at mykje i Bibelen dels er feil, dels seier imot seg sjølv. Å basere livsferda på tullball og feil kan bli farleg. [Meir]

Men kva med norrøne soger og skikkar? Finst det hjelp her? Kanskje. Det kjem an på kven som spør . . .

Ulven Fenrir blir bunden

Gudane fødde opp ein ulv i Åsgardborga. Han var så vill og voks urimeleg sterkt. Det gjorde gudane alvorleg redde, så dei ville til å binde den. Først såg dei etter om han kunne slite over ei lenke dei hadde fått i stand. Ulven gjekk med på det og let dei binde han. Han sleit av lenka med det same. Sameleis med ei lenke som var dobbelt så sterk.

Då sende Odin Skirne til nokre dvergar for å få dei til å lage eit band som ulven ikkje kunne slite over. Dvergane laga eit band av lyden av kattesteg, av kvinneskjegg, fjellrøter, bjørnesener, fiskepust og fuglespytt. Derfor kjem det heller ikkje lyd frå kattestega, og kvinna har ikkje skjegg, og så bortetter.

Bandet blei kalla Gleipne (Gleipnir) og var så fint og mjukt å kjenne på som silke. Gudane førte no ulven ut på ein holme og spurde han om han ville la seg binde med bandet. Ulven ana uråd, men gjekk til sist med på å bli bunden. Alt det han sparka, så blei berre bandet strammare om han. Han greidde ikkje å slite det av. [Att-gitt frå Peter A. Munch. Norrøne gude- og heltesagn.]

Her kan vi vel sjå bort frå kattesteg ikkje alltid er lydlause, at somme kvinner har skjegg og mange fleire barberer seg rundt om på kroppen, både her og der: Jamtover går katten veldig stilt, og kvinner har i gjennomsnitt ikkje så ofte og mykje skjegg som menn.

Indoktrinering

Blind tru har faktisk eit "binde ulven, binde barnet innom bringa"-opplegg ved seg: Ved tull blir noko dyrisk (av id, libido) bunde og kanskje temt. Gudar i soga batt ein farleg ulv ved hjelp av vas – ganske som vasetru kan skade naturleg id-utfalding frå djupt i barnehugane, for eksempel med å køyre id av sporet på ulike nivå. Rasjonell tenking når kanskje aldri heilt fram dit ned, for vaset fungerer på andre bølgelengder enn rasjonelle, kan vi vel seie. Klokt og godt vas å sjå til imot blankt vas er kanskje ikkje fullgodt det heller, men skulle vi ikkje prøve det mot vas og tull som tar til fange ved hardt handheva tru, tullelokking, djup, notorisk skremming ved fantasiens hjelp og grov vald som med urette blir kalla tukt? Enden på slik nifst underkuving - ho finst til dels i samfunnsregi - kan bli at ein er indoktrinert, kanskje for redd og krenkt under alt fint å sjå til, for stressa til å vere stille eller krevje menneskerettane sine heilt ut.

Her er nokre vink:

  • For å innsjå at noko er sant og anna ikkje, kan ein ikkje ha blitt skremt frå vett og sans føreåt.
  • For å bli indoktrinert, lyt ein venteleg ha blitt grundig skremt først.
  • For ei historie skal vere sann, er det ikkje nok at mange krev eller trur blindt at ho skal oppfattast som sann.
  • Ikkje alle med indoktrineringsmakt er snille og hjartevarme. Det er mykje staffasje ute og går. Det kjem i tillegg.

Det gjeld å fortelje barn gode og hjelpande eventyr

Somme trur kanskje det dei vil, og somme trur det andre har dressert dei til.

Det fine med eventyra sine fæle skapningar er at mangt eit barn veks ifrå det meste av trua på dei. Eigentleg gjeld det å kultivere id for livsframhaldet. Slik tenker ein også i Steinerpedagogikken, der ein fortel eventyr, segner, legender for å kveike fantasien opp gjennom årsklassene etter kvart. Når evna til å resonnere fyldigare og somtid meir abstrakt kanskje utfaldar seg, kjem OK tilmåta tydingar av forteljingane inn i bildet. Då har barna fått eit godt grunnlag, noko å "dra på", noko å skjøne ut frå. Så det var ikkje heilt utan grunn at Albert Einstein framheva at det gjeld å fortelje barn eventyr, så dei kan vekse opp til gode matematikarar med meir. [Lindø1988:1]

Mykje kjem an på korleis ein tolkar forteljingane for unge. Men ein skulle vakte seg for å gi barn for små skor - for tronge omgrep, men sjå til at dei får noko å vekse i, seier Steiner ein stad. Eit spansk ordtak: A chico pié, gran zapato. ("Til ein gutefot, ein romsleg sko.")Men kva med den gammaltestamentlege trua på at himmelen står på søyler? [Job 26:11]

Ser ein bort frå gal bibeltru og samrøre med dei, og held seg ifrå usle parallføringar til trollmannslære i hovudkulturane, kan ein godt nøye seg med å rekne mange slags eventyr som rare bløffar frå farne tider, og kan smålåtent klassifisere nokre av dei som munnlege/litterære halvdiktverk med eigenart og eige vesen etter kvart. Den måten å stelle seg på overfor dei høver neppe i eitt og alt, men kan fungere på sine måtar, liksom andre måtar å forstå ymse soger på.

Somme eventyrheltar kan likne idiotar og ha finnarlykke og vinnarlykke for det.

Carl G. Jung braut med Sigmund Freud

Er det nokon du kanskje skulle bryte med, du også?

Grunnane til at mange så gjerne vil tolke eventyr så dei seier noko anna eller meir enn dei strengt tatt gjer, er ganske mange og aldri så lite innfløkte. Det er ofte noko gåtefullt over forteljingar som "tar av" og lar dyr snakke, som inneheld bisarre skildringar om eit anna rike "der alle vegar er beine" og så bortetter. Ikkje nok med det, det kan vere likskapar mellom symbol som dukkar fram i draumar; og symbol i eventyr. Tydingar av draumar og visjonar finn ein i både eventyr og Bibelen. [Meir]

I ei bok av Anthony Stevens (1994), Jung heiter den, blir det synt korleis Jung vann fram til ståstad. Somtid er visdom hard å fange. Jung slutta seg først til Sigmund Freud som blei som ein far for han, og ei uheldige binding fann stad. Så orka ikkje Jung å smiske for gamle, dogmatiske og nevrotiske Freud og braut ut. Han skipa eiga retning, og den analytiske psykologien, som retninga stort sett blir kalla, er ein av arvtakarane av freudianismen, og meir vidsynt. Jungiansk forståing finn vi også i mobilisert i litteraturanalyse utanom eventyr. [Sugg 1992]

Sluttordet

Fattige er dei som manglar tol til å ta inn over seg eit lite dikt eller tre å vekse med. [Ryder 1925; Edgerton 1995]

Innhald


Tilnærmingar til undereventyr, Litteratur  

Ashliman, D. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Berne, Eric. What Do You Say After You Say Hello? The Psychology of Human Destiny. New York: Bantam, 1973.

Brown, Brian, red: The Wisdom of the Egyptians. New York: Brentano's, 1923.

Brudal, Paul: Det ubevisste språket. Universitetsforlaget, Oslo, 1984.

Bruner, Jerome. The Culture of Education. Cambridge Mass. Harvard University Press, 1996.

Buzan, Tony, with Barry Buzan. The Mind Map Book: Unlock Your Creativity, Boost Your Memory, Change Your Life. Rev. utg. Harlow: BBC Active / Pearson, 2010..

Bø, Olav, ofl., reds. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Chang, Garma C. C., oms. The Hundred Thousand Songs of Milarepa. London: Shambala, 1999.

Cohen, J. M., og M. J. Cohen. The New Penguin Dictionary of Quotations. Rev. utg. London: Viking, 1992.

de la Fontaine, Jean Fables. On-line: [Lenke].

Edgerton, Franklin. The Panchatantra: Translated from the Sanskrit. London: George Allen and Unwin, 1965.

Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2012 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2011.

Engelstad, Irene. Fortellingens mønstre: En strukturell analyse av norske folkeeventyr. Oslo: Universitetsforlaget, 1976.

Evans-Wentz, Walter Yeeling. The Fairy-Faith in Celtic Countries. London: H. Froude, 1911.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. The Tibetan Book of the Great Liberation or the Method of Realizing Nirvana through Knowing the Mind. London: Oxford University Press, 1968.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1969.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1967.

Fadiman, Clifton, red. The Faber Book of Anecdotes. London: Faber and Faber, 1985.

Fuller, Edmund. 2500 Anecdotes for All Occasions. New York: Wings, 1970.

Greimas, Algirdas. Strukturel semantik. Odense: Borgen, 1983.

Gross, Ronald. Peak Learning: A Master Course in Learning How to Learn. New York: J. Tarcher/Putnam, 1991.

Hodne, Ørnulf. The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Hodne, Ørnulf. Norsk folketro. Oslo: Cappelen, 1999.

Jørgensen, Erling M. Jørgensens lille kunstordbok. Oslo: Forsythia forlag, 1999.

Kinnes, Tormod. Fembokas fablar og eventyr: Utval.. Gullvekta. 2010-2011. [Lenke]

Kirk, James A. Stories of the Hindus: An Introduction Through Texts and Interpretation. New York: Macmillan, 1972.

Lindø, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988. Mieder, Wolfgang (hovudred.), Stewart A. Kingsbury og Kelsie E. Harder: A Dictionary of American Proverbs. (Paperback) New York: Oxford University Press, 1996.

Munch, Peter Andreas Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981.

Propp, Vladimir. Morphology of the Folktale. Austin: University of Texas, 1968.

Rajan, Chandra, oms. Visnu Sarma: The Panchatantra. London: Penguin Classics, 1995.

Ryder, Arthur William. The Panchatantra. Chicago: The University of Chicago Press, 1925. [Lenke]

Shastri, Hari, oms. Ramayana of Valmiki, vols 1-3. London: Shanti Sadan, 1959.

Skår, Astrid, red. En time med Buddha. Oslo: J. M. Stenersens Forlag, 2008.

Stevens, Anthony. Jung. Oxford: Oxford University Press, 1994.

Sturluson, Snorre. Noregs kongesoger. Oslo: Den norske Bokklubben, 1982.

Sugg, Richard P., red. Jungian Literary Criticism. Evanston, ILL: Northwestern University Press, 1992.

Sundland, Egil. "Det var en gang - et menneske" Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1995.

Thompson, D'Arcy Wentworth: On Growth and Form. Abr. ed. Cambridge: Cambridge University, 1966.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Waldemar, oms. Boken om tusen og en natt. Vols 1-6. S.A. Spain: Triangle Commercial Corporation, 1985.

Aarflot, Helge. Død og jordeferd. Oslo: Luther, 1982.

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2. rev. utg. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Tilnærmingar til undereventyr, opp Seksjon Sett Neste

Tilnærmingar til undereventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]